Vatnahalsen haldeplass
Utsjånad
Vatnahalsen haldeplass | |
Vatnahalsen Foto: Jun Kwang Han
| |
Stasjonsområde | |
---|---|
Stad | Vatnahalsen |
Koordinatar | 60°44′36″N 7°7′53″E / 60.74333°N 7.13139°E |
Distanse | 336,93 km frå Oslo |
Høgd | 811,3 moh. |
Opna | 1941 |
Linjer og rutedrift | |
Linje(r) | Flåmsbana |
Overgang | |
Vatnahalsen haldeplass ligg ved Vatnahalsen Høyfjellshotell i Aurland kommune og er ein haldeplass på Flåmsbana. Haldeplassen vart opna i 1941 då Flåmsbana opna for persontrafikk i noko mon.[1] I tillegg til reisande til hotellet vert haldeplassen også nytta av folk som har hytter i området. Haldeplassen ligg på 811 moh. og er den fyrste haldeplassen på Flåmsbana etter Myrdal stasjon. Køyreavstanden frå Myrdal er 1,13 kilometer medan det er 19,07 kilometer til Flåm stasjon.[2] Neste haldeplassen på veg mot Flåm er Reinunga.
Teiknforklaring | |||
0,00 km | Flåm 2 moh | ||
1,60 km | Lunden 16 moh | ||
2,99 km | Håreina 48 moh | ||
6,30 km | Dalsbotn 200 moh | ||
9,69 km | Berekvam 343 moh | ||
11,80 km | Blomheller 458 moh | ||
15,80 km | Kjosfossen 670 moh | ||
18,00 km | Reinunga 767 moh | ||
19,07 km | Vatnahalsen 811 moh | ||
20,20 km | Myrdal 866 moh | ||
Bergensbanen |
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Vatnahalsen» på nettstaden til Jernbaneverket, arkivert frå originalen 2. februar 2012, henta 21. november 2009
- ↑ «Stasjoner/Holdeplasser» på nettstaden til Flåmsbanemuseet