Flåm stasjon
Flåm stasjon | |
Flåm stasjon Foto: Michael Vokabre
| |
Stasjonsområde | |
---|---|
Stad | Flåm |
Koordinatar | 60°51′46″N 7°6′47″E / 60.86278°N 7.11306°E |
Distanse | 356 km frå Oslo |
Høgd | 2,0 moh. |
Opna | 1940 |
Linjer og rutedrift | |
Linje(r) | Flåmsbana |
Overgang | |
Buss | Aurlandsvangen, Lærdalsøyri, Gudvangen |
Flåm stasjon er endestasjonen på Flåmsbana og ligg på Fretheim i Flåm inst i Aurlandsfjorden. Stasjonen, og bana, opna i 1940. Ny stasjonsbygning vart opna i 1992.
Flåm stasjon ligg 356 km frå Oslo (om Roa) og 20,2 km. frå Myrdal stasjon. Stasjonen ligg på 2 moh. medan øvste stasjon på bana, Myrdal stasjon, ligg på 866 moh.[1]
I den gamle stasjonsbygningen ligg Flåmsbanemuseet. I tilknyting til stasjonområdet ligg Flåm cruiseskiphamn og Flåm ferjekai, og Europaveg 16 går ikkje langt unna. Frå kaien går det ferje i heilårsrute til Gudvangen inst i Nærøyfjorden og om sommaren går det snøggbåt til Balestrand og Bergen. Ved stasjonsområdet ligg det også busshaldeplass for lokale bussar og ekspressbussar, sjå Skyss. I området nær stasjonen ligg Fretheim hotel, Flåmsbrygga hotel, pensjonat, campingplass, vandrarheim, hytteutleige, daglegvarebutikk, postkontor, panoramakino, suvenirbutikkar og serveringsstader.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om Flåm stasjon på nettstaden til Jernbaneverket Arkivert 2014-02-21 ved Wayback Machine.
- Om Flåm stasjon i stasjonsdatabasen til Norsk jernbaneklubb
- Fotografi frå 1942 av Flåm og jernbanestasjonen på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
Teiknforklaring | |||
0,00 km | Flåm 2 moh | ||
1,60 km | Lunden 16 moh | ||
2,99 km | Håreina 48 moh | ||
6,30 km | Dalsbotn 200 moh | ||
9,69 km | Berekvam 343 moh | ||
11,80 km | Blomheller 458 moh | ||
15,80 km | Kjosfossen 670 moh | ||
18,00 km | Reinunga 767 moh | ||
19,07 km | Vatnahalsen 811 moh | ||
20,20 km | Myrdal 866 moh | ||
Bergensbanen |