Tysk filosofi
Tysk filosofi handlar om filosofiske emne, personar, saker og ting som byggjer på tysk språk og tradisjon. Ein må forstå begge termane i brei forstand. Den tyske filosofien er ein del av vestleg filosofi, og høyrer særleg til kontinental filosofi.
Kjenneteikn
[endre | endre wikiteksten]Tyskspråkleg filosofi har hatt tyding siden mellomalderen, men den avgjerande innverknaden stammar frå tida frå 1600-talet og framover.
Den tyske filosofien har hovudsakleg bestått av akademisk fagfilosofi, som er teoretisk.[1] Viktige filosofiske retningar som fenomenologi og hermeneutikk stammar frå den tyske fagfilosofien.
Dessutan er den tyske filosofien òg blitt direkte praktisert utanfor dei reint teoretiske universitetsrammene innan blant anna filosofisk pedagogikk, eksistensiell psykiatri og eksistensiell terapi. Den tyske filosofien har òg blitt funnen heilt utanfor dei akademiske rammene som eksistens- og livsfilosofi. Marxismen er ei anna praktisk retning som har hatt ein stor innverknad i heile verda.
Nytid
[endre | endre wikiteksten]På 1600-talet prøvde den tyske filosofen Gottfried Leibniz å sameina vitskap og religion i ein heilskap. Han er kjend som ein forkjempar for rasjonalismen.
Den kanskje best kjente tyske filosofen er Immanuel Kant. Han fekk avgjerande tyding for moralfilosofi og erkjenningsteori.[2] Ikkje minst gjennom dei tre hovudverka Kritikk av den rene fornuft[3], Kritikk av den praktiske fornuft og Kritikk av dømmekraften.[4] Kant skreiv blant mykje anna òg om pedagogikk[5], filosofisk antropologi[6] og historiefilosofi.[7]
Moderne tid
[endre | endre wikiteksten]Tysk idealisme og marxisme
[endre | endre wikiteksten]Den tyske filosofien er særleg kjend for den tyske idealismen og marxismen, som på trass av skilnadene sine hadde eit felles utgangspunkt. I 1800-talet fekk den tyske idealismen stor tyding, ikkje minst gjennom åndsfilosoffen G.W.F. Hegel.[8][9][10][11] Ifølgje denne var røynda uttrykk for ein altomfattande fornuft og altså for noko åndeleg. Det var denne fornufta som bestemde til utviklinga av historia.[11] Andre viktige namn var Johann Gottlieb Fichte,[12] Friedrich Schleiermacher og Friedrich Schelling.[13]
Karl Marx grunnla ein meir politisk filosofi, som motsett framheva den historiske materialismen. Han er opphav til marxismen, og er særleg kjend for verket Kapitalen.[14] Marx var inspirert av Hegel, men meinte at samfunnet utvikla seg gjennom klassekampen, som ville enda med eit kommunistisk samfunn. Marx fekk stor tyding for praktisk politikk over heile verda.
Livsfilosofi
[endre | endre wikiteksten]Med Arthur Schopenhauer[15] tok utviklinga i ei meir livsfilosofisk retning.[16][17] Ifølgje Schopenhauer er viljen den avgjerande drivkrafta bak alt levande. Det medfører at livet i sitt djupaste vesen alltid er liding, ettersom livsviljen alltid er bak den tilsynelatande harmonien.
Schopenhauer var ein inspirasjon for Friedrich Nietzsche,[18] som likevel enda med å gå sine eigne vegar.[19][20][21] Nietzsche kritiserte heile den europeiske rasjonalismen og la vekt på ei meir direkte livsutfolding.[22] Han tok avstand frå den akademiske fagfilosofien, som han meinte var blitt for teoretisk og hadde fjerna seg frå det konkrete livet. Nietzsche var òg kjend for kritikken sin av kristendommen, som han meinte ganske enkelt var blitt erstatta av vitskap og ideologi uten at det skapte forbetringar.
Den tyske filosofen Wilhelm Dilthey grunnla ein meir akademisk livsfilosofi som var basert på hermeneutikk. Ifølgje Dilthey er mennesket eit historisk vesen med eit liv ein må forstå med hjelp frå åndsvitskap snarare enn naturvitskap. Mennesket er nemleg ikkje berre eit naturvesen.
Fenomenologi og hermeneutikk
[endre | endre wikiteksten]Fenomenologien og hermeneutikken er to av dei meste viktige retningane i tysk filosofi. Den tyske matematikaren og fagfilosofen Edmund Husserl grunnla ved overgangen til det 1900-talet den moderne fenomenologien.[23] Dette er ein filosofi om opplevingane til medvitet.[24] Ifølgje Husserl måtte ein studera medvitet kvalitativt og på ein annan måte enn naturvitskapane gjorde.
Ein kjend kristen feministisk fenomenologisk filosof var Edith Stein,[25][26] som var knytt til Husserl. I 1942 blei ho arrestert og send til gasskammeret i Auschwitz. I 1987 blei ho helgenkåra.
Fagfilosoffen Martin Heidegger fekk stor tyding på 1900-talet.[27][28] Han var elev av Husserl, og grunnla den eksistentielle fenomenologien med verket Sein und Zeit.[29] Her såg han på tilværet ut frå eksistensen til til mennesket. Seinare endra han prosjektet sitt i ei meir historisk retning.
Innan fagfilosofien blei Heidegger blant anna ein viktig inspirasjon for Hans-Georg Gadamer, som vidareutvikla den filosofiske hermeneutikken.[30][31] Dette er ei fortolkingslære der det særleg blir lagt vekt på horisonten for forståing.
Dasein-analyse, logoterapi og sokratisk dialogmetode
[endre | endre wikiteksten]På 1930-talet integrerte Ludwig Binswanger fenomenologien og eksistensfilosofien i psykiatrien, og utvikla ein eksistenspsykiatri med namnet dasein-analyse. Tilsvarande integrerte den austerrikske legen og filosofen Viktor Frankl filosofien i psykoterapien, og utvikla logoterapien.[32] Her er det eit fokus på livsmeining.
Den tyske filosofen Otto Bollnow brukte innsikter frå eksistensiell filosofi til å utarbeida ein nyare eksistensiell pedagogikk, der det er eksistensensom er i fokus for oppseding og danning.[33][34][35] Bollnow la blant anna vekt på den pedagogiske tydinga av møtet. Dessutan framhevar han korleis livet krev val.
Den sokratiske dialogmetoden blei gjenoppdaga av den tyske filosofen Leonard Nelson i 1922.[36] Her blir dialogen brukt til å nå fram til svar på spørsmål. Metoden blir gjerne brukt i filosofisk undervising og filosofi med barn.
Antroposofi
[endre | endre wikiteksten]Den austerrikske filosofen Rudolf Steiner er kjend som grunnleggjar av antroposofien, ei filosofisk rørsle som har spreidd seg til heile den vestlege verda.[37] Han bygger på at mennesket er eit åndeleg vesen, som i heilskap består av lekam, sjel og ånd. Gjennom antroposofien blir enkeltmennesket oppfordra til å søkja åndelig erkjenning.
Antroposofien har gitt inspirasjon til ei rekke praktiske livsområde. Steinerpedagogikk blei såleis grunnlagt av Steiner som eit uttrykk for den åndelege filosofien hans i praksis.[38][39][40][41][42] Retninga blir òg kalla Waldorf-pedagogikk. Han har lagt grunnlaget for utviklinga av eit verdsomspennande system med over 1100 skular og over 2000 barnehagar i over åtti ulike land.
Guenther Wachsmuth var ein annan tidleg antroposof som mellom anna skreiv om det eteriske.
Feministisk filosofi
[endre | endre wikiteksten]I Tyskland blei den feministiske filosofien for alvor grunnlagd på 1960-talet, då Karin Schrader-Klebert gav ut eit skrift om kulturrevolusjonen til kvinnerørsla. Sidan har den feministiske filosofien fått stadig større tyding i den tysktalande verda.
Ifølgje den tyske filosofen Ruth Hagengruber har bidraga til kvinner blitt haldne ute av filosofihistoria, og må innsetjast i forteljinga om utviklinga til filosofien att. Hagengruber byrja Libori Summar School og er skaparen av Encyclopedia of Concise Concepts of Female Philosophers, som ho er sjefredaktør for saman med Mary Ellen Waithe.[43] Forskinga hennar er vigd til revisjonen av den patriarkalske historie, særleg til gjenoppdaging av kvinner sine bidrag til til filosofihistoria og økonomihistoria, med fokus på sirkel- og universalitetsbasert økonomi som ein tilgang til inklusiv økonomisk etikk.[44]
Antje Schrupp er ein tysk statsforskar og forfattar som i 2004 gav Antje ut Gutes Zusammenleben im ausgehenden Patriarchat saman med Dorothee Markert, Ina Praetorius og andre. Teksten går inn for ei grunninntekt som er uavhengig av prestasjonar.[45] Sidan har ho fleire gongar uttalt seg for ei ubetinga borgarløn. Ho har også uttalt seg om religiøse emne, og meiner at Gud bør framstillast som ei kvinne.[46]
Språkfilosofi
[endre | endre wikiteksten]Den tyske filosofen Gottlob Frege fekk tyding for språkfilosofien. Sentralt i det språkfilosofiske arbeidet til Frege står verket Über Sinn und Bedeutung. I dette innfører han ein distinksjon mellom referanse, som er det objektet eit namn viser til, og meining, som er måten namnet gjev referansen uttrykk.
Den austerrikske filosofen Ludwig Wittgenstein var inspirert av Frege, og fekk ei endå større tyding for moderne språkfilosofi. Ifølgje den seinare filosofien hans må ein forståa språk praktisk som språkspel. Han var særleg oppteken av etikk og religion.
Frankfurtarskulen
[endre | endre wikiteksten]Frankfurtarskulen var ein kritisk sosialfilosofi som i byrjinga omfatta fagfilosofiske samfunnskritikarar som Max Horkheimer, Theodor W. Adorno, Herbert Marcuse, Walter Benjamin og Erich Fromm. Retninga blir òg kalla kritisk teori og la vekt på å skildra det normative grunnlaget for at ein kan kritisera samfunnet. I byrjinga var Marx ein viktig inspirasjon, men ein tok avstand frå den austeuropeiske kommunismen.
Seinare namn er Jürgen Habermas,[47][48] Axel Honneth og Hartmut Rosa. Moderniteten er ifølgje Habermas eit samspel mellom system og kommunikasjon. Det finst to grunnleggjande og vesensforskjellige fellesskap. Dei systemiske og dei intersubjektive: System og livsverden. Stat og marknad er systemiske fellesskap, det sivile samfunnet (livsverda) er interpersonell.[49] Rosa har ei kritisk teoretisk tilnærming og arbeider med akselerasjon og frandgjering i høghastigheitssamfunnet.[50]
Store tyske filosofar
[endre | endre wikiteksten]- Gottfried Wilhelm Leibniz
- Immanuel Kant
- Friedrich Schlegel
- Wilhelm von Humboldt
- G.W.F. Hegel
- Johann Gottlieb Fichte
- Friedrich Schelling
- Arthur Schopenhauer
- Friedrich Nietzsche
- Wilhelm Dilthey
- Karl Marx
- Friedrich Engels
- Edmund Husserl
- Rudolf Steiner
- Max Stirner[51]
- Martin Heidegger
- Viktor Frankl
- Edith Stein
- Leonard Nelson
- Ludwig Wittgenstein
- Walter Benjamin
- Hans-Georg Gadamer
- Theodor Adorno
- Max Horkheimer
- Herbert Marcuse
- Jürgen Habermas
- Axel Honneth
- Hartmut Rosa
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Lübcke, Poul (1982): Vor tids filosofi. Engagement og forståelse. Politiken
- ↑ Kant, Immanuel (2007): Prolegomena til enhver fremtidig metafysik, der skal kunne fremtræde som videnskab. Det lille Forlag. Oversat af Claus Brat Østergaard
- ↑ Kant 2002
- ↑ Pedersen, Esther Oluffa & Per Jepsen & Carsten Friberg (red)(2007): Kants kritik af dømmekraften. Philosophia
- ↑ Kant, Immanuel (2012): Om pædagogik. Klim. Oversat af Bengt Moss-Petersen
- ↑ Kant, Immanuel (2015): Hvad er mennesket? Information. Oversat af Claus Brat Østergaard.
- ↑ Kant 2017
- ↑ Hegel 2004
- ↑ Jørgen Huggler 2019
- ↑ Wolsing 2019
- ↑ 11,0 11,1 Hegel 2005
- ↑ Fichte 2005
- ↑ Schelling, Friedrich (2013): Filosofiske undersøgelser om den menneskelige friheds væsen og de dermed sammenhængende genstande. Philosophia; Schelling, Friedrich (201X): Om den nyere filosofis historie. München-forelæsninger. Philiosophia; Schelling, Friedrich (2021): Den transcendentale idealismes system. Philosophia. Forord og oversættelse ved Ulf Houe og Lasse Posborg Michelsen
- ↑ Marx 1970
- ↑ Arthur Shopenhauer 2005
- ↑ Shopenhauer, Arthur (2020): Kunsten at være lykkelig. Information
- ↑ Shopenhauer, Arthur (2010): Kunsten altid at få ret. Information
- ↑ Hultberg, Helge (1963). Nietzsche. Munksgaard
- ↑ Ole Morsing 2008
- ↑ Peter Thielst 1999
- ↑ Helge Hultberg 1963
- ↑ Nietzsche 2014
- ↑ Zahavi, Dan (2001): Husserls fænomenologi, Gyldendal, ISBN 8700754382
- ↑ Husserl 2019; 2019; 2019
- ↑ «Is There a Specifically Feminine Spirituality?: An Exploration of Edith Stein's Thesis». Arkivert frå originalen 26. september 2020. Henta 15. januar 2020.
- ↑ «St. Edith Stein… A True Feminist | The Wanderer Newspaper». Arkivert frå originalen 15. januar 2020. Henta 15. januar 2020.
- ↑ Olesen, Søren Gosvig: Vejledning til Heidegger (1990, 2. udg. 2013) Syddansk Universitetsforlag
- ↑ Wentzer, Thomas Schwartz & Peter Aaboe Sørensen (red) (2008): Heidegger i relief. Klim
- ↑ Heidegger 2014
- ↑ Gadamer, Hans-Georg 2004 [1960]: Sandhed og metode, Aarhus: Systeme Academic
- ↑ Grøn 2009
- ↑ Frankl, Viktor (2002). Psykologi og eksistens. Gyldendal
- ↑ Bollnow, Otto (1987): “Zwischen Philosophie und Pädagogik, Vorträge und Aufsätze”. Weitz, Aachen
- ↑ Bollnow, Otto (1973): “Philosophisches paedagogik”. De Gruyter
- ↑ Bollnow, Otto (1959): “Existensphilosophie und pedagogik”. Kohlhammer
- ↑ Leonard Nelson, 1922/29, Die Sokratische Methode, VOL
- ↑ Johannes Hemleben 1984
- ↑ Rudolf Steiner 1971
- ↑ Steiner, Rudolf (1981): “The Education of the Child”. RS Press
- ↑ Steffens, A. (1923). Fra barn til voksen - Fra et kursus for lærere afholdt af Rudolf Steiner, Dornach, Julen 1921-22.Kristiania: Vidars Forlag
- ↑ Steinar 1919; 1922; 1926; 1947
- ↑ Steiner 1981https://waldorfcurriculum.com/FREE/THE%20EDUCATION%20of%20the%20child.pdf Arkivert 30. oktober 2020 ved Wayback Machine.
- ↑ Encyclopedia of Concise Concepts by Women Philosophers - History Of Women Philosophers
- ↑ Pietsch, W. (2017). Berechenbarkeit der Welt?. Wiesbaden: Springer. pp. 333–343.
- ↑ Gutes Leben – Sinnvolles Zusammenleben im ausgehenden Patriarchat
- ↑ Revolution ǀ Mutter unser — der Freitag
- ↑ Habermas 2009
- ↑ Habermas 2005
- ↑ Oversættes også intersubjektiv.
- ↑ Beschleunigung und Entfremdung – Entwurf einer kritischen Theorie spätmoderner Zeitlichkeit. Suhrkamp, Frankfurt am Main 2013, ISBN 978-3-518-58596-2
- ↑ Stirner, Max (1999): Den eneste og hans ejendom. Helikon. Uforkortet oversættelse ved Fritz Wolder. ISBN 87-986359-2-1
- Denne artikkelen bygger på «Tysk filosofi» frå Wikipedia på dansk, den 23. mars 2023.
- Wikipedia på dansk oppgav desse kjeldene:
- Primærlitteratur
- Fichte, Johann Gottlieb (2001). Forsøg på en ny fremstilling af videnskabslæren. Sett om av Mørch-Petersen, Poul R. Det lille Forlag. ISBN 87-90030-85-0.
- Frankl, Viktor (2012): Psykologi og eksistens. Gyldendal
- Frege, Gottlob (2002): Filosofiens, sprogets og matematikkens grundlag. Aarhus: Philosophia. Forord ved Lars Binderup
- Habermas, Jürgen (2005). Teknik og videnskab som "ideologi". Det lille forlag. ISBN 87-91220-15-7. Oversat af Henning Vangsgaard
- Habermas, Jürgen (2009): Borgerlig offentlighed. Offentlighedens strukturændring: undersøgelse af en kategori i det borgerlige samfund, Informations Forlag ISBN 978-87-7514-173-9. Oversat af Henning Vangsgaard.
- Hegel, G. W. F. (2005): Åndens fænomenologi. Gyldendal. Med forord af og oversat af Claus Bratt Østergaard
- Heidegger, Martin (2002): Til sagen for tænkningen. Philosophia, på dansk ved Kirsten Hyldgaard, Ove Petersen og Henrik Jøker Bjerre
- Heidegger, Martin. (1927/2007). Væren og tid. Forlaget Klim Dansk oversættelse ved Christian Rud Skovgaard. Efterskrift af Thomas Schwarz Wentzer
- Husserl, Edmund (2019): Cartesianske meditationer. Oversat af Peer F. Bundgaard. Hans Reitzels Forlag
- Husserl, Edmund (2019): Fænomenologi . Oversat af Peer F. Bundgaard, indledning ved Anders Dræby. Forlaget Mindspace
- Kant, Immanuel (2000): Kritik af den praktiske fornuft. HRF. På dansk ved Tom Bøgeskov
- Kant, Immanuel (2002). Kritik af den rene fornuft. Det lille forlag. Oversat af Claus Brat Østergaard.
- Kant, Immanuel (2017): Oplysning, historie, fremskridt. Slagmark. Oversat af Morten Haugaard Jeppesen, indledning ved Morten Haugaard Jeppesen og Carsten Fogh Nielsen
- Marx, Karl (1970). Witt-Hansen, Johannes, red. Kapitalen - kritik af den politiske økonomi, bind 1-3. Sett om av Nielsen, Kjeld Ø. Rhodos , i samarbejde med Nyt Dansk Litteraturselskab. ISBN 87-7496-241-8.
- Marx, Karl & Friedrich Engels (2014): Det kommunistiske manifest. Den tyske ideologi. Det lille forlag, oversat af Sven Brüel og Peter Thielst
- Nietzsche, Friedrich (2014): Afgudernes tusmørke. Det lille Forlag. Oversættelse, indledning og noter ved Peter Thielst.
- Schopenhauer, Arthur (2005). Verden som vilje og forestilling. Sett om av Fauth, Søren R. ISBN 87-02-02162-5.
- Steiner, Rudolf (1981): Åndsvidenskabelige betragtninger med henblik til Goethes Faust. Antroposofisk Forlag. Oversat fra tysk af Karl-Henry Jensen.
- Steiner, Rudolf (1985): Åndens virksomhed i naturen. Antroposofisk Forlag. Oversat fra tysk af Karl-Henry Jensen.
- Steiner, Rudolf (1989): Almen menneskekundskab som grundlag for pædagogikken. Antroposofisk forlag. Oversat fra tysk af Ilse Marie Harries og Kate Larsen.
- Steiner, Rudolf (2012): Frihedens filosofi. Klim
- Stirner, Max (1999): Den eneste og hans ejendom. Helikon. Uforkortet oversættelse ved Fritz Wolder. ISBN 87-986359-2-1
- Wachsmuth, Guenther (2003): Den æteriske verden i videnskab, kunst og religion. Antroposofisk forlag. Oversat fra tysk af Elis Hjorth, Keld Andersen og Jørgen Møller
- Sekundærlitteratur
- Fauth, Søren (2010): “Schopenhauers filosofi”. Gyldendal
- Hemleben, Johannes (1984): Rudolf Steiner. Sankt Ansgars Forlag. ISBN 87-87505-64-9.
- Huggler, Jørgen (1999): Hegels skeptiske vej til den absolutte viden. En analyse af Phänomenologie des Geistes. MTF
- Jepsen, Per (2018). Filosofien kører derhen, hvor det brænder - En introduktion til Odo Marquard. Slagmark - Tidsskrift for idéhistorie, (68), 107–120
- Jørgensen, Arne (2009): Hans-Georg Gadamer. Forlaget Anis, ISBN 978-87-7457-492-7
- Lübcke, Poul (1982): Vor tids filosofi. Engagement og forståelse. Politiken
- Morsing, Ole (2008): Styrke og svaghed. Nietzsche om mennesket. Aarhus Universitetsforlag
- Thielst, Peter (1999): Nietzsches filosofi, Det lille Forlag
- Wolsing, Peter (2019): GWF Hegel. Djøf
- Zahavi, Dan (2001): Husserls fænomenologi, Gyldendal