Hopp til innhald

Hermeneutikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hermeneutikk (gresk: hermeneuein, «å forklara») er eit sett med teoriar som omhandlar prosessen å fortolka ein tekst og å skapa meining av denne. Hermeneutikken søkjer ei medvitsgjering over denne prosessen, og den føreslår også framgangsmåtar for tolking. (Ordet tekst blir her brukt i utvida form, og gjeld alle former for bodskap.)

Hermeneutikk vert også brukt om sjølve handlinga å fortolka ein tekst for å skapa meining ut av denne.

Hermeneutikken er også ein filosofisk retning, den blir omtala som historiefagets vitskapsmetode, og den blir brukt som ei personlegdomsutviklande mental øving.

Ordet kjem av det greske ordet hermeneuein — å uttrykka eller uttala, å utlegga eller forklara og å omsetja eller fortolka. Omgrepet er knytt til den greske guden Hermes. Han var ikkje berre bodet til gudane, men også den som uttrykte, forklarte og fortolka bodskapen.

Kva dekker omgrepet hermeneutikk?

[endre | endre wikiteksten]

Både tolkingspraksis og tolkingsteori, i breiare/ålmenn og smalare/spesiell forstand. Ein kvar tekstanalytisk metode er ein hermeneutisk metode. Ei kvar overveging over kva tolking er, kva forståing er og korleis ei tekstanalyse skal gripast — alt dette er døme på ei hermeneutisk overveging.

Hermeneutikk er inga metodelære, men ein teori om kva tekstforståing er.

Bakgrunn/utvikling

[endre | endre wikiteksten]

Røtene for den moderne vestlege hermeneutikken finn vi delvis i bibelsk eksegese, og delvis hjå dei gammalgreske retorikarane frå hundreåra opp mot år 0.Gjennom mellomalderen vart hermeneutikken hovudsakleg brukt nærast som ei metodelære innan vitskapane teologi, tolking av bibeltekstar; og jus, tolking av lovtekstar.

Hermeneutikken vert vidare utvikla gjennom det 18., 19. og 20. hundreåret, og omgrepet tekst fekk ny og utvida omfang. Fyrst til å gjelda alle bodskap, som kunst og andre ikkje tekstlege uttrykk, og vidare til også å kunna gjelda kvart spor etter menneskeleg aktivitet, og ein kvar menneskeleg erfaring. Alt kan det definerast som ein tekst og tolkast ved hjelp av hermeneutikk.

Hermeneutikken fekk ei viktig rolle for, og under, positivismestrida. Denne dreidde seg mykje om vitskapleg objektivitet er mogeleg, og hermeneutikken gav eit grunnlag for å studera forskarane si eiga påverknad på forskingsprosessen i alle ledd.

Teoretikarar som Martin Heidegger, Hans-Georg Gadamer og Jürgen Habermas, og retningar som konstruktivismen, argumenterte for at det var naudsynleg å bruka hermeneutikk som erkjenningsteori (epistemologi).

I løpet av positivismestriden vart også synet på objektivitet utvikla, og ein er no einig omat eit fullstendig objektivt synspunkt er umogeleg. Heller ikkje ved hjelp av hermeneutikken er dette mogeleg å oppnå, den kan berre vere ein hjelp mot ein tilnærma objektivitet. (Og dette gjeld også denne Wikipedia-artikkelen.)

Sentrale omgrep

[endre | endre wikiteksten]

Hermeneutisk sjølvrefleksjon

[endre | endre wikiteksten]

Ein grunnleggjande føresetnad for ein hermeneutisk analyse er fortolkaren sin vilje til å vera medviten si eiga rolle i, og tyding for, fortolkingsprosessen.

Alle former for forståing heng saman med den kontekst eller situasjon det vert forstått innanfor. Konteksten er ikkje ei fast, objektiv ramme, men varierer avhengig av mottakarens bakgrunn og situasjon.

Som fortolkar tar ein med seg eigne erfaringar og kriterium inn i tolkingsprosessen. Ein skapar altså sjølv si eiga forventings- og forståingshorisont. Desse kan beskrivast som summen av fortolkarens sanne og usanne fordommar.

Teksten er også utforma i ein samanheng, geografisk eller i tid, av ein avsendar som har sine horisontar.

Og det mediet bodskapen vert formidla gjennom, vil også ha sine horisontar, som påverkar og avrensarens korleis avsendaren si meining vert overført.

Horisontar skaper høve for at meining i det heile tatt skal kunna bli overført, men dei legg også avgrensingane for i kva grad det skjer.

Det er gjennom ein dialog mellom lesaren og teksten sine horisontar at meining vert danna. Dialogen har også vore samanlikna med eit spel, eller ein leik, der aktørane lèt førehandsoppsette regler vera rammene leiken får utvikla seg innanfor. (All leik, all aktivitet, er avgrensa.)

Den hermeneutiske sirkel

[endre | endre wikiteksten]

Det viktigaste omgrepet innan hermeneutikken vert kalla Den hermeneutiske sirkel eller den hermeneutiske spiral.

Det beskriv heilskapen av det som skjer når vi fortolkar ein tekst og dannar oss ei meining av innhaldet i den, frå vår vurdering av avsendaren sin bakgrunn, situasjon og intensjon, til vår vurdering av teksten sjølv og mediet den når oss gjennom, og vidare til vår eiga sjølvrefleksjon.

Dette er korleis meining vert danna gjennom fortolkingsprosessen, uavhengig av om vi er medviten om at prosessen skjer eller ikkje.

Å bruka den hermeneutiske sirkel er å gjera seg medviten om sin eigne og teksten sine horisontar, og å la denne medvita vera ein del av den prosessen det er å skapa meining av ein tekst. Delane vert forstått og fortolka ut frå heilskapen — og heilskapen vert forstått og fortolka ut frå delane. Altså som ein sirkel eller spiral, med eit innbyrdes utvekslingsforhald mellom delar og heilskap. Slik vert vår oppfatning og forståing av delane og heilskapen forandra og utvida gjennom tolkingsprosessen.

Sjå også

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]