Troms og Finnmark mållag
Troms og Finnmark mållag er fylkeslaget for Noregs Mållag for Troms og Finnmark.
I 2022 hadde laget 254 medlemmar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]1860-1915
[endre | endre wikiteksten]Organisert målarbeid i Troms og Finnmark går tilbake til før Noregs Mållag blei skipa i 1906.
Dei første målfolka finn vi ved Tromsø Seminarium alt i 1860-åra. Elias Blix hadde gått ut her i 1855, men møtte ikkje landsmålet før han kom til Kristiania. Det same gjaldt John Klæbo som gjekk ut i 1861. I 1860-62 var Karl Akre elev her. I 1872-74 var Ananias Brune seminarist, og saman gav desse to ut bladet Finnmarkingen i Vadsø i 1875, på landsmål og finnmarksmål. Olaus J. Myrnes (1870-72), Jens Riksheim (1871-73), Peter Karl Eberg Pedersen (1872-74) og Leonhard Næss (1872-74) var også ivrige målfolk mens dei gjekk på Tromsø Seminarium. 17. april 1898 blei mållaget Heimhug skipa ved lærarskolen i Tromsø.
Det første forsøket på å skipe eit regionalt mållag, blei gjort i 1899. 16. juli 1899 blei Nordmannalaget skipa i Tromsø. Det skulle vere eit landsdelslag for Nord-Noreg på line med Austmannalaget og Vestmannalaget. Til leiar blei T. Eidem, Tromsø, valt. Men Nordmannalaget fekk kort levetid.
1915-1921
[endre | endre wikiteksten]«Trums Fylkesmaallag» blei skipa på eit ungdomsstemna som Troms ungdomsfylking heldt på Finnsnes 12. juli 1915. Til styre blei vald lærar Ingvald M. Rødvik, Lenvik, formann, bladstyrar Rasmus Larsen Eide, Harstad, fylkeskolelærar Inggjald Leigland, Lyngseidet, Mikal Jakobsen, Årstein i Gratangen, og lærar Peder Johan Hartviksen, Skånland. 29 medlemmar teikna seg straks.
31. juli 1915 heldt fylkesmållaget det første ordinære årsmøtet sitt på Harstad. Fylkesskolelærar Inggjald Leigland frå Lyngseidet blei vald til formann. Med seg i styret fekk han sanitetsmajor Ingjald Reichborn-Kjennerud, som heldt til på Harstad i åra 1911-1918, og sorenskrivar Harald Thomas, som var på Ibestad frå 1915 til 1930. I styret sat i tillegg også Tøger Hagemann, Tromsø, som var skoledirektør i Troms frå 1915 til 1930, og Hans Nicolai Osnes, som var skoleinspektør i Tromsø frå 1914 til 1918.
Det neste ordinære årsmøte med stemna blei halde i Bardu 29. og 30. juli 1916. Styret blei i stor monn attvalt: Fylkesskolelærar Inggjald Leigland, Lyngseidet, blei attvalt til formann. Skoledirektør Tøger Hagemann, Tromsø, blei vald til varaformann. Til styremedlemmar blei vald skoleinspektør Hans Nicolai Osnes, Tromsø, bladstyrar Rasmus Larsen Eide, Harstad, og sorenskrivar Harald Thomas, Ibestad.
Dei fem første åra blei det halde fleire stemne: eitt stemne i Bardu, to på Finnsnes, eitt i Kvæfjord, eitt på Trondenes, eitt i Sørvika, to i Tromsø og eitt stemne i Øverbygd. På stemna møtte det jamleg 2-300 menneske. Det var alltid gudsteneste på landsmål og eit eller fleire foredrag om målsaka. Dei første fem åra blei det halde rundt 75 foredrag med 9-10.000 tilhøyrarar.
Dei første åra blei det skipa fleire mållag: Finnsnes mållag (1914), mållaget Heimferd, Sørreisa (1914), Måltrasten, Fauskevåg (1917), mållaget Trollvasstind, Svensby (1917), Kvedfjord maallag (1917), mållaget Ruten, Øverbygd (1920). Kvedfjord og Heimferd sovna straks inn. I tillegg meldte fleire ungdomslag seg inn i fylkesmållaget i åra 1915-20: ungdomslaget Fram, Grøtavær, ungdomslaget Soleia, Buvikvoll, Bondeungdomslaget i Tromsø, elevlaget Solhov, Lyngseidet.
Skolestyrar Inggjald Leigland, Lyngseidet, var formann i 1920, og med seg i styret dette året hadde han skoledirektør Tøger Hagemann, Tromsø, overlærar Vilhjelm Riksheim, Tromsø, lærar Oluf Nymoen, Fauskevåg, og fylkesskolelærar Ove Normann, Ibestad.
Det blei ikkje kalla inn til årsmøte i fylkesmållaget i 1921, og i praksis blei laget dermed lagt ned. I staden blei Hålogalands målkontor skipa 12. september 1922 skipa, og det var i drift fram til 1940.
1932-1940
[endre | endre wikiteksten]I samband med årsmøtet i Troms ungdomsfylking på Bjarkøya 9.juli 1932 blei arbeidet i Troms fylkesmållag tatt opp att, og nytt styre blei valt. Til formann blei vald Sigurd Fauskevåg, Sandtorg. I 1933 tok Norvald Dyrvik over som formann, og deretter var Edvard Ruud, Elgsnes, formann frå 1936. I praksis slutta fylkesmållaget å fungere i 1940.
1947-i dag
[endre | endre wikiteksten]Troms fylkesmållag blei oppattskipa på eit møte i Tromsø i 1947, og laget har sidan vore i jamnt arbeid.
I samband med at det blei skipa mållag i Finnmark, og desse blei ein del av fylkesmållaget, endra laget i 1992-93 namnet sitt til Troms og Finnmark mållag.
Leiarar
[endre | endre wikiteksten]Formenn i Trums fylkesmaallag 1915-1921
[endre | endre wikiteksten]- 1915: Ingvald M. Rødvik, Lenvik
- 1915-1921: Inggjald Leigland, Lyngseidet
Formenn i Troms fylkesmållag 1932-1940
[endre | endre wikiteksten]- 1932-1933: Sigurd Fauskevåg, Sandtorg
- 1933-1936: Norvald Dyrvik, Evenskjer
- 1936-1940: Edvard Ruud, Elgsnes
Leiarar i Troms fylkesmållag frå 1947 til 1992
[endre | endre wikiteksten]- 1947-1953: Olav Løkse, Finnfjordbotn[1][2]
- 1954-1963: Jens Heim, Balsfjord/Tromsø[3][4]
- 1964-1970: Olav Løkse, Finnfjordbotn[5][6]
- 1971-1972: Johan Nymo, Målselv[7]
- 1973-1974: Herolv Olsen, Tromsø[8][9]
- 1975-1976: Kjellaug Jetne, Tromsø[10][11]
- 1977-1980: Ørjan B. Dahl, Tromsø (Målselv)[12][13][14]
- 1981-1983: Kurt Reinhardt, Målselv[15]
- 1984-1986: Herolv Olsen, Tromsø[16][17]
- 1987-1988: Liv Ingebrigtsen, Tromsø[18]
- 1989-1991: Bjørnar Østgård, Tromsø[19]
Leiarar i Troms og Finnmark mållag frå 1992 til i dag
[endre | endre wikiteksten]- 1992-1994: Aud-Kirsti Pedersen, Tromsø[20][21]
- 1994-1998: Steinar Aas, Tromsø[22][23][24]
- 1998-1999: Trond Trosterud, Tromsø[25]
- 1999-2004: Bjørnar Østgård, Tromsø
- 2004-2006: Trond Trosterud, Tromsø
- 2006-2008: Olaug Husabø, Tromsø
- 2008-2010: Sigrun Høgetveit Berg, Tromsø[26]
- 2010-2011: Inger Johanne Sæterbakk, Tromsø
- 2011-2013: Øystein Vangsnes, Tromsø
- 2013-2015: styret i Tromsø mållag
- 2015-2017: Sæmund Stokstad, Tromsø
- 2017-2025: Magne Leon Heide, Harstad[27]
Medlemslag og lokale mållag
[endre | endre wikiteksten]- Balsfjord Mållag
- Harstad og omland mållag
- Målselv Mållag
- Senjamållaget
- Studentmållaget i Tromsø
- Tromsø mållag
- Varanger mållag
Lokale mållag i Troms og Finnmark før 1945[28]
[endre | endre wikiteksten]- Vardø mållag skipa vinteren 1898.[29]
- Mållaget Heimhug ved Tromsø lærarskole, skipa 17. april 1898.[30]
- Nordmannalaget, skipa 16. juli 1899.[31]
- Trumsøy maallag, skipa 13. desember 1899 med skoledirektør Aas til formann.[32][33]
- Vadsø maallag, skipa i 1907, uvisst kor lenge det var i verksemd.
- Ibestad mållag, skipa påskekvelden 1908 med M. Jakobsen til formann,[34][35] lagt ned etter kort tid.
- Salangen mållag, skipa i 1909,[36] men i drift berre kort tid; oppattskipa 23. juli 1933 med Olav Løkse til formann.[37][38]
- Lenvika maallag, høyrer vi første gong om i august 1909,[39] og siste møtet høyrer vi om i juni 1915.[40] Laget gjekk truleg inn i Finsnes maallag.
- Mållaget «Heimferd» i Sørreisa, skipa 23. mars 1914 med Ivar Andersen til leiar, og lagt ned då han døydde i 1917.[41][42]
- Finsnes maallag, skipa i 1914[42] og lagt ned før 1920, laget hadde over 60 medlemmar i 1919,[43] og laget arrangerte bl.a. målstemna for Troms fylkesmållag i juni 1919.[44]
- Lyngseidet mållag, skipa i 1914 og lagt ned etter kort tid.
- Mållaget «Trollvasstind», Svensby i Ullsfjord, skipa i 1917.[42][45] Laget gjekk etter kort tid til å bli ungdomslag.[46][47]
- «Måltrasten» i Fauskevåg, tidlegare Sandtorg kommune, skipa i 1917[48] og lagt ned i 1950-åra.
- Kvedfjord mållag, skipa i 1917[49] og lagt ned før 1920.[42][50]
- Ungdoms- og mållaget «Solleia», Buvika på Kvaløya, skipa i 1919[42] og i drift ut 1930-talet.
- Mållaget «Ruten» i Øverbygd, skipa 1. april 1920[37][42][51] og lagt ned etter kort tid.
- Bondeungdomslaget i Tromsø var også medlem i Troms fylkesmållag frå rundt 1920.[42]
- Elevlaget Solhov ved Solhov ungdomsskole, Lyngseidet, var medlem i Troms fylkesmållag frå rundt 1920.[42]
- Bardu mållag, skipa i 1924, i vekslande verksemd til 2000-talet.
- Troms mållag, skipa 22. november 1927 og i arbeid til 1936.
- Sandtorg mållag, skipa 10. juni 1930 med lærar Sigurd Fauskevåg til formann[37][52] og lagt ned før 1950.
- Straumsbukta mållag skipa 16. mai 1931 og lagt ned før 1940.[53]
- Hålogaland lærarmållag, skipa 7. juli 1932, gjekk inn i Noregs Lærarmållag.
- Berg mållag, Berg i Senja, skipa i 1932.[37]
- Hillesøy mållag, skipa 14. mai 1936.[54]
- Finnsnes mållag, skipa hausten 1935 med lærar Simon Eriksen til formann; gjekk truleg inn i Sør-Lenvik mållag.[37]
- Sør-Lenvik mållag, skipa våren 1936 med lærar Simon Eriksen til formann.[37][55]
- Trondenes mållag, skipa i 1938 og lagt ned etter eit par år.[56]
Andre lokale mållag i Troms og Finnmark etter 1945
[endre | endre wikiteksten]- BUL Tromsø meldte seg inn i Troms fylkesmållag i 1953.[57]
- Bardu mållag, blei prøvd starta i 1947,[58] men laget blei først skipa 21. oktober 1956.[59] Laget har gjeve ut fleire bøker[60] og Jul i Bardu- og Målselvdalen saman med Målselv mållag.[61] Laget blei lagt ned utpå 2000-talet.[62]
- Lenvik mållag, blei skipa 25. mars 1957,[63][64] og laget var særleg aktivt frå 1970-talet[65] til 1990-talet.[66] Det blei lagt ned i november 1996,[67] og endeleg ført ut av NM-årsmeldingane i 2002.[68]
- Hammerfest mållag, skipa 8. juni 1977.[69] Laget var i drift ein tiårsperiode.
- Nordreisa mållag, skipa 11. september 1979.[70][71] Laget var i drift til slutten av 1990-talet[72], men gjekk gradvis ut av drift etter 2000.[68]
- Salangen mållag, oppattskipa 12. november 1979[38] og lagt ned i januar 1985.[73]
- Alta mållag, skipa 29. november 1979[74] i drift til utpå 2000-talet.[68]
Elev- og studentmållag:
[endre | endre wikiteksten]- Mållaget Heimhug[75] blei skipa ved lærarskolen i Tromsø i 1898, som eit av dei aller første studentmållaga. Laget var i verksemd til 1958 og ein kort periode på 1970-talet.
- Mållaget «Bivrost» blei skipa på Troms Landsgymnas 5. februar 1950 med Mikal Bendiksen til formann.[76] Landsgymnaset starta på Setermoen i 1946 og flytta til Finnfjordbotn i 1949, skolen endra seinare namn til Finnfjordbotn vidaregåande skole. Mållaget Bivrost var i verksemd til utpå 1950-talet.[77]
- Tromsø Student- og Elevmållag blei skipa i 1972[78] og endra namn til Tromsø Målungdom i 1975.[79] Tromsø Målungdom var i verksemd til rundt 2000.[80] Laget rekrutterte medlemmar både frå vidaregåande skolar, høgskole og universitet.
- Harstad Målungdom blei skipa i 1974,[81] og laget var i verksemd til slutten av 1980-talet.[82]
- Målselv Målungdom blei skipa i 1976,[83] og laget var i verksemd til slutten av 1980-talet.[84]
- Lenvik Målungdom blei skipa i 1976.[85][86] Laget heldt til ved Finnfjordbotn vidaregåande skole, og i åra 1979-1981 var Finnfjordbotn skolemållag i verksemd her.[87][88]
- Nordnorsk Målungdom blei skipa 7.-8. mai 1977 som ein distriktsorganisasjon for Norsk Målungdom sine lokale målungdomslag i Nord-Noreg.[89] Organisasjonen var i verksemd til utpå 1990-talet.[90][91]
- Studentmållaget i Tromsø blei skipa rundt 1990,[92] og laget var i varierande verksemd fram til 2000.[93] Studentmållaget blei skipa opp att i 2014.[94]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lockertsen, Roger 1984: Målreising i Nord-Noreg 1898-1940 : organisering av målstriden og striden for skolemålet. (289 s.). Hovudoppgåve - Universitetet i Tromsø.
- Trums fylkesmaallag. Femaarsmelding 1915-1920. 62 sider.
- Språk i nord (blogg drive av Troms og Finnmark mållag)
- Aviser, blad og tidsskrift på nb.no.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Olav Løkse blei vald til formann på Måltinget 31.10.1947 og attvald på årsmøta 14.4.1949, 24.6.1951 og 29.6.1952.
- ↑ Tromsø, lørdag 1. november 1947: "Troms mållag"
- ↑ Jens Heim blei vald til formann på årsmøte 13.6.1954 og attvald på årsmøta 2.7.1955, 30.6.1956, 29.6.1957 og 5.7.1958.
- ↑ Nordlys, onsdag 6. juli 1955, side 3: «Jens Heim attvald som form. i Fylkesmållaget»
- ↑ Olav Løkse blei vald til formann på årsmøte 12.9.1964 og attvald på årsmøta hausten 1966, 4.2.1968 og 4.5.1969
- ↑ Fremover, torsdag 17. september 1964, side 3: «Troms fylkesmållag reorganisert. Rektor Olav Løkse, Finnfjordbotn, ble valgt til ny formann i Troms Fylkesmållag under et møte i Tromsø laurdag. (…)»
- ↑ Johan Nymo blei vald til formann på årsmøte 26.6.1971.
- ↑ Herolv Olsen blei vald til formann på årsmøte 17.6.1973 og attvald på årsmøte 3.6.1974.
- ↑ Nordlys, onsdag 20. juni 1973: "Formannsskifte i Troms Fylkesmållag"
- ↑ Kjellaug Jetne blei vald til formann på årsmøte 9.3.1975 og attvald på årsmøte 4.4.1976.
- ↑ Nordlys, lørdag 22. mars 1975, side 3: «Interessa for målarbeid aukar. (…) Forkvinne: Kjellaug Jetne, (…)»
- ↑ Ørjan B. Dahl blei vald til formann på årsmøte 17.4.1977 og attvald på årsmøta 18.6.1978, 1979 og 7.6.1980.
- ↑ Nye Troms, lørdag 17. juni 1978: "Troms fylkesmållag: 10% medlemsauke
- ↑ Tromsø, fredag 13. juni 1980: «Årsmøtet i Troms fylkesmållag»
- ↑ Troms Fylkesmållag: Årsmelding 1983
- ↑ «(Herolv Olsen) er for tida formann i Troms Fylkesmållag». Nordlys. 27. september 1984. s. 11.
- ↑ Troms Mållag: Årsmelding 1984
- ↑ «Jenter tek over: (…) I Troms har Liv Ingebrigtsen teke over som leiar etter Herolv Olsen». Norsk tidend: medlemsblad for Noregs mållag. 30. april 1987. s. 20:.
- ↑ «Årsmøtet i Troms og Finnmark Fylkesmållag valgte Bjørnar Østgård, Tromsø. til ny leiar. Leiaren Liv Ingebrigtsen hadde fråsagt seg attval». Nordlys. 7. april 1989. s. 5.
- ↑ Norsk tidend: medlemsblad for Noregs mållag. juli 1992: "Aud Kirsti Pedersen ny leiar i Troms og Finnmark" [1]
- ↑ Referat frå årsmøtet 27.3.1993
- ↑ Tromsø, torsdag 24. mars 1994: "Ny mållags-leder"
- ↑ Årsmelding for Troms og Finnmark mållag 1993 [Styre for 1994]
- ↑ Årsmelding for Troms og Finnmark mållag 1994-95
- ↑ Nordlys, onsdag 10. juni 1998: "Årsmøte i Troms og Finnmark Mållag"
- ↑ Norsk tidend: medlemsblad for Noregs mållag. 2008 Nr. 3: "Ny leiar i aust og nord" [2]
- ↑ i Tromsø, 6. mai 2019: "Stor medlemsvekst i mållaget i Troms og Finnmark" [3]
- ↑ Lockertsen 1982, side 250-252 nb.no
- ↑ Den 17de Mai 13. april 1898: "Fraa Vardøy" nb.no
- ↑ Mållaget Heimhug 1898-1923. Festskrift nb.no
- ↑ Den 17de Mai 25. juli 1899: "Nordmannalaget" nb.no
- ↑ Den 17de Mai 15. desember 1899: "Maallag i Trumsøy"
- ↑ Tromsø, tirsdag 19. desember 1899: "Et Maallag"
- ↑ «Arkiv for norsk målreising, Peder Hovdan-arkivet», Nynorsk.no, henta 6. oktober 2023
- ↑ «Nytt maallag i Ibestad». Lauvsprett. 8. mai 1908.
- ↑ Senjens Blad, lørdag 6. mars 1909"
- ↑ 37,0 37,1 37,2 37,3 37,4 37,5 «Arkiv for norsk målreising, Peder Hovdan-arkivet», Nynorsk.no, henta 30. juli 2023
- ↑ 38,0 38,1 Troms Folkeblad 20. november 1979: "Nytt mållag i Salangen" nb.no; "Årsmelding 1933, Salangen mållag": laget skipa 1933, leiar Olav Løkse, Øvre Salangen (i NM-arkivet)
- ↑ Senjens Blad, lørdag 31. juli 1909
- ↑ Senjens Blad, lørdag 26. juni 1915
- ↑ Arkiv for norsk målreising, Peder Hovdan-arkivet: Sørreisa
- ↑ 42,0 42,1 42,2 42,3 42,4 42,5 42,6 42,7 "Eit utdrag av femaarsmeldinga til Troms fylkesmållag 1915-1920", Mål og Makt nr 3, 1976, side, 19 [4]
- ↑ 17de mai, fredag 11. mai 1917
- ↑ Senjens Blad, lørdag 21. juni 1919
- ↑ Emil Larsen: Lyngen bygdebok. 1 : Lyngen prestegjelds historie. Tromsø 1976, side 365 [5]
- ↑ Formann 1918: Lærar A.B.Botholfsen; Svensby, ifl. "Aarsmelding for maallaget Trollvasstind 1918" (Kjelde: NM-arkivet)
- ↑ Arkiv for norsk målreising, Peder Hovdan-arkivet: (Sørfjorden) / Ullsfjord [6]
- ↑ Den 17de Mai 12. februar 1919: "Eit lite mønstermaallag" nb.no
- ↑ Den 17de Mai 25. april 1917: "Maalvoksteren" nb.no
- ↑ Arkiv for norsk målreising, Peder Hovdan-arkivet: Kvæfjord
- ↑ «Nytt maallag». Den 17de mai. 30. april 1920.
- ↑ Aarsmelding 1933 (i NM-arkivet), leiar: Bendiks Heide
- ↑ Arkiv for norsk målreising, Peder Hovdan-arkivet: Tromsøysund
- ↑ Brev 23.5.1936 frå Aksel Strand, Tulleng til Noregs Mållag:" Den 14 d.m. blei det her i Sommarøy skipa eit mållag med namnet Hillesøy mållag. Laget er på 24 lagsmenner. Som formann blei underskrivne vald" (Kjelde: NM-arkivet)
- ↑ Harstad Tidende 6. mars 1936
- ↑ Troms Folkeblad, tirsdag 19. august 1980
- ↑ Bladet Midnattsol 26. februar 1953: «BUL Tromsø med i Noregs Mållag», kollektiv innmelding i Troms fylkesmållag på årsmøte 31.1.1953
- ↑ Norsk Tidend 14.8.1947: «Det har meldt seg kring 40 interesserte»
- ↑ Årsmelding 1957 og 1958, NM-arkivet
- ↑ Nordlys 21.9.1961: «Bardu mållag hedrer Reinert Vikland»
- ↑ Tromsø 28. november 1963: «Julehefte for Bardu og Målselv», nb.no
- ↑ [7] Nye Troms 19.11.1998, reportasje om Jul i Bardu- og Målselvdalen utgitt av Bardu mållag og Målselv mållag]
- ↑ Årsmelding for 1959, i NM-arkivet
- ↑ Nordlys 17. februar 1959
- ↑ Troms Folkeblad, 10. februar 1977: "Lenvik mållag har møte" nb.no
- ↑ Troms Folkeblad 26. mars 1993: «Kulturtilskiping på Finnsnes hotell», nb.no
- ↑ Brev 19.11.96 frå Lenvik mållag v/Dagfinn Stenrud til Noregs Mållag, NM-arkivet
- ↑ 68,0 68,1 68,2 Noregs Mållag: Årsmelding 2001-2002, side 62 nm.no Arkivert 2019-10-18 ved Wayback Machine.
- ↑ Finnmark Dagblad 14.6.1977: «Hammerfest mållag skipa»
- ↑ Nordlys 18.9.1979
- ↑ Nye Troms, 20. september 1979
- ↑ Nordlys 16.11.1995: Nordreisa mållag støttar det kvenske miljøet
- ↑ Skriv 9.1.1985 til Noregs Mållag
- ↑ Altaposten 11.desember 1979: «Mållag danna i Alta», nb.no
- ↑ Grepstad, Jon. (13. mars 2012). Mållaget Heimhug. I Allkunne.
- ↑ Bladet Midnattsol, 26. april 1951
- ↑ Tromsø 1. juli 1952: "Årsmøte i Troms Fylkesmållag" nb.no
- ↑ Sjå Målfront, organ for Norsk Målungdom, nr 4-1975, side 4: "Mens Tromsø Målungdom (tidl. Tromsø Student- og Elevmållag) berre har rukke å bli 3 år.". [8]
- ↑ Sjå innlegg i avisa Tromsø, tysdag 25. mars 1975
- ↑ Siste avisoppslag er i Dag og Tid 16.04.1998: "Brysame lag som Studentmållaget i Bergen, Hallingdal Målungdom, Tromsø Målungdom og Studentmållaget i Tromsø fekk alle merke der lite velkomne dei var med sine meiningar." [9]
- ↑ Lofotposten, tirsdag 9. april 1974: "Målungdom i Harstad har organisert seg"
- ↑ Harstad Tidende, fredag 25. oktober 1985: "Kva er Harstad Målungdom?"
- ↑ Nye Troms, laurdag 14. februar 1976 : "No har ein del ungdomar skipa til Målselv Målungdom"
- ↑ Nye Troms, laurdag 7. januar 1984: Reidun L. Traasdahl er leiar
- ↑ Nye Troms, laurdag 8. april 1976 : "Dessutan er desse ungdomsmållaga knytte til TF: (…) Lenvik Målungdom"
- ↑ NMU-nytt (Norsk målungdom). 1977 Nr. 5. side 8: "I haust har det vorte starta 7 nye lag i NMU: (...) i Finnfjordbotn i Troms (...)"
- ↑ Målfront : organ for Norsk målungdom. 1979. årgang 8, nr. 8, side 3: "Målungdommen på Finnfjordbotn vidaregåande skole"
- ↑ Troms Folkeblad, torsdag 9. april 1981: "Meir dialekt i radio og fjernsyn"
- ↑ Nye Troms, tysdag 28. juni 1977 : "Skipingsmøte av Nordnorsk Målungdom i Vågan 7. og 8. mai 1977"
- ↑ Altaposten, mandag 24. februar 1992: "Kulturkveld for språkfolk"
- ↑ «Språk på Nordkalotten». Mål og Makt. 1992. Har med dei fire innleiinga som blei halde på eit seminar som Nordnorsk Målungdom skipa i Alta 22.-23. februar 1992.
- ↑ I oktober 1990 bed Studentmållaget inn til Skolemålskonferanse, sjå avisa Tromsø, tysdag 16. oktober 1990
- ↑ Siste avisinnlegg frå Studentmållaget i Tromsø, "Nynorsk på Høgskulen" er i avisa Tromsø, fredag 14. april 2000
- ↑ Brønnøysundregistra. Nøkkelopplysninger fra Enhetsregisteret . Lese den 31. mars 2019.