Hopp til innhald

Mållaget Heimhug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fana til mållaget Heimhug

Heimhug var mållaget ved Tromsø Seminarium.

Heimhug blei skipa av Olav Eide (Nordfjord), Nils Hyllestad (Sogn) og Johan Rydningen (Målselv) den 17. april i 1898.[1]

1898-1935: Aktive år

[endre | endre wikiteksten]

Mållaget Heimhug[2] vart skipa ved lærarskolen i Tromsø i 1898, som eit av dei aller første studentmållaga.[3] Dei gav mellom anna ut bladet Lauvsprett.[2] Laget var svært aktivt og gav ut eit eige 25-årsskrift i 1923.[4]

Skipinga av laget skapte strid, med motstand frå bondestudentane, men mindre motbør mellom bystudentane. Styrar Just Qvigstad var positiv innstilt til det nye mållaget. Isak Saba var student ved Seminariet då, og skreiv i bladet Lauvsprett, om at målreisinga var sentral i arbeidet med å få eit sjølvstendig Noreg.

Etter lovene skulle laget ha møte annakvar søndag, noko dei også hadde dei første tiåra. Som følgje av striden kring sidemålsstilen i 1907 vart Lauvsprett frå og med det året gjeve ut som trykt avis, fram til 1914, då ho gjekk inn som trykt avis, men heldt fram som handskriven avis.

Det var menn som var foredragshaldarar dei første tiåra, men dei hadde også føredragstitlar som Kvinna og samfunnet, Om damekulturen Kvinna og målet? Kva skal ein sjå på når ein vel seg ein make? Um truloving. Jentene var også med som medlemmer. Andre tema for møta var pedagogiske og religiøse emne, og også meir allmenne tema som Sedar og skikker hjå Sudan-negrane, skal vi gjere noko for å hindre fråfluttinga frå bygdene våre?

Heimhug var ein viktig kulturpolitisk institusjon, ikkje berre på lærarskolen, men i heile Tromsø.

Heimhug kjende seg langt frå resten av målrørsla, reint geografisk, men kompenserte for dette med å sende festtelegram sørover, og på den måten helse andre delar av målrørsla.

Tromsø lærarskole låg nede i 1929-30, men i åra 1930-35 var Heimhug igjen i verksemd. I 1935 var det berre ein klasse ved lærarskolen, og året etter ingen. Det kom ikkje liv att i Heimhug etter 1935.[5]

Formenn og medlemstal

[endre | endre wikiteksten]

I femårsbolken 1899-1903 var bl.a. desse formenn: Gabriel Slettvold, Johan Hveding, Ingvald Vestre, Johan Sæternes. Medlemstalet i desse åra var 40 (1898), 54 (1899), 60 (1900), 61 (1901), 63 (1902).

I femårsbolken 1903-1908 var desse formenn (formannen sat 2 månader av gongen, men kunne bli attvalt): Martin Aven, Andr. Voldstad, Andor Rydning, Hans Eltoft, Berta Nodland, Jul. Høy, Bernt Ottesen, Anton Skolte, Otto Solheim, Marianne Grønlie, Ingvald Olsrud, Ivar Strompdal, Aksel Rønning. Medlemstalet i desse åra var 49 (1904), 37 (1905), 41 (1906), 45 (1907), 38 (1908).

I femårsbolken 1908-1913 var desse formenn (lagslova blei endra 30. apirl 1910 slik at formannen sat i 6 månader): Harald Horsberg, Alfr. Nordbustad, Daniel Vikin, Johan Eidem, A. Nordeng, Johs. Eidnes (varaformann), D. Joh.Eilertsen. Medlemstalet i desse åra var 38 (1909), 48 (1910), 56 (1911), 84 (1912), 77 (1913).

I femårsbolken 1913-1918 var desse formenn (2. mars 1918 blei lagslova endra slik at formannen sat i eitt år): Johs. Eidnes, Hans Sund, Martin Hemmingsen, B. Balteskard, Hans Nikolaisen, Magnus Nilssen. Medlemstalet i desse åra var 52 (1914), 44 (1915), 62 (1916), 60(1917), 67 (1918).

I femårsbolken 1918-1923 var desse formenn: Kristian Svenning, Erling Halmøy, Georg Ellingsen, Arthur Brox. Medlemstalet i desse åra var 80 (1919), 78 (1920), 114 (1921), 99 (1922), 105 (1923).

1946-1958: Oppattskiping og jubileum

[endre | endre wikiteksten]

16. november 1946 vart Heimhug nyskipa,[6][7] og laget var i verksemd til 1958.[8]

Laget feira 50-årsjubileet sitt i 1948 og gav ut eit 50-årsskrift.[9]

Leiarar i desse åra var bl.a. Arnvid Nordeide (1947)[10] og Bjørnar Østgård (1953)[11].

1979-1980: Nytt liv i laget

[endre | endre wikiteksten]

Hausten 1978 vart Heimhug på nytt skipa opp att,[12] men det ser ut til at laget berre var i verksemd eit par år.[13] Medlemmane gjekk etter kvart inn i Tromsø Målungdom og Studentmållaget i Tromsø.

  • Lockertsen, Roger 1984: Målreising i Nord-Noreg 1898-1940 : organisering av målstriden og striden for skolemålet. (289 s.). Hovudoppgåve - Universitetet i Tromsø.
  • Bull, Tove og Kjellaug Jetne 1982: Nordnorsk. Oslo: Det norske samlaget.
  • Mållaget Heimhug, Troms lærarskule. Festskrift utgjeve av laget til 25 årshøgtida. Skriftstyrar: Arthur Brox. Troms, Nordlys Prenteverk, 1923.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. "Mållaget Heimhug, Troms lærarskule. Festskrift utgjeve av laget til 25 årshøgtida". Skriftstyrar: Arthur Brox. Troms, Nordlys Prenteverk, 1923.
  2. 2,0 2,1 Grepstad, Jon. (13. mars 2012). Mållaget Heimhug. I Allkunne.
  3. Norsk Målungdom. Målungdomssoga. Lese den 31. mars 2019.
  4. Mållaget "Heimhug" : Troms lærarskule : festskrift utgjeve av laget til 25 årshøgtida, Tromsø 1923
  5. Vidkunn Eidnes: «Mållaget Heimhug», side 65-67, i: Tromsø off. lærerskole. Jubileumsskrift, Tromsø, 1952
  6. Norsk Tidend, torsdag 6. februar 1947: «Mållaget ‘Heimhug’»
  7. Nordlys, onsdag 10. november 1948: «Nord-Norges eldste mållag er 50 år»
  8. Siste årsmelding blei sendt til Noregs Mållag for året 1958. Eit forsøk på oppattskiping i 1961, mislukkast. Kjelde: Årsmeldingar i arkivet til Noregs Mållag.
  9. [1] Tromsø, onsdag 10. november 1948: Åremålsdag
  10. Norsk Tidend, torsdag 6. februar 1947: «Mållaget ‘Heimhug’»
  11. [ https://www.nb.no/items/9dfb3c74f8c987b1fbd009ed66602c71?page=3&searchText=%22M%C3%A5llaget%20Heimhug%22] Tromsø, fredag 20. mars 1953
  12. Sjå Nordlys, tysdag 19. september 1978
  13. Siste livsteikn i aviser er i Nordlys, onsdag 20. februar 1980