Tristan da Cunha
Flagg | Våpen |
Status | britisk oversjøisk territorium |
---|---|
Dronning Guvernør Administrator |
Charles III Nigel Phillips James Glass |
Hovudstad | Edinburgh of the Seven Seas |
Offisielt språk | Engelsk |
Areal - % vatn |
207 km² 0 |
Folketal - totalt |
ca. 264 (2010) |
Verdsdel | Afrika |
Internet-domene | .sh og .uk |
Tidssone | UTC GMT |
Internasjonal telefonkode | +290 |
Nasjonalsong | God Save The Queen |
Tristan da Cunha er ei vulkansk øygruppe som ligg sør i Atlanterhavet. Ho ligg 2816 km vest for Sør-Afrika og 3360 km aust for kysten av Sør-Amerika. Med det er Tristan da Cunha den mest avsidesliggjande busette øygruppa i verda. Den einaste busette øya er hovudøya Tristan da Cunha, der den einaste større busetnaden er hovudstaden Edinburgh of the Seven Seas. Frå 1938 til 2009 var øygruppa underlagt St. Helena Frå og med 2009 er Tristan da Cunha ein del av den administrative eininga St. Helena, Ascension og Tristan da Cunha.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Tristan da Cunha består av desse øyane:
- Hovudøya, Tristan da Cunha
- Inaccessible Island
- Nightingale Island
- Middle Island
- Stoltenhoff Island
- Gough Island
Historie
[endre | endre wikiteksten]Øyane vart oppdaga i 1506 av den portugisiske sjøfararen Tristão da Cunha, som kalla opp hovudøya etter seg sjølv. Seinare vart namnet endra til Tristan da Cunha. I 1810 vart USA-amerikanaren Jonathan Lambert den fyrste som busette seg på øya, erklærte øyane som sin eigedom og gav øygruppa namnet Islands of Refreshment - «Forfriskingsøyane». Lambert døydde i ei båtulukke i 1812, og i 1816 la Storbritannia øygruppa under seg. Dei forsøkte òg å kolonisera Inaccessible Island, men utan hell.
Samfunn
[endre | endre wikiteksten]Alle familiane på Tristan da Cunha er bønder, og alt landet er sameigd. Ingen utanforståande får lov til å kjøpa land på Tristan da Cunha eller å slå seg ned på øya. Ein driv og med avl av hummar og sal av myntar og poststempel til samlarar. Øya har ikkje flyplass, så einaste måten å koma seg hit på er til båt. Innbyggjarane har også utvikla ein særeigen dialekt.
Natur
[endre | endre wikiteksten]Høgaste punktet på øygruppa er vulkanen Queen Mary's Peak på hovudøya. Vulkanen er 2062 meter høg, og er dekt av snø om vinteren. Gjennomsnittstemperaturen på øygruppa er ca. 14° C i vintermånadene og ca. 20 °C i sommarmånadene. Her finst eit rikt fugleliv, med adeliepingvin, gulnasealbatross, sotalbatross, kvitbukpetrell, storvengpetrell, silkepetrell, brunnoddy gråpetrell, storlire, grålire, sørhavsterne og sørhavsjo.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Tristan da Cunha» frå Wikipedia på engelsk, den 9. april 2012.
- Artikkel om økonomien på Tristan da Cunha, henta inn 9. april 2012.