Hopp til innhald

Timbuktu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Timbuktu
by
Sankoremoskéen i Timbuktu
Land  Mali
Region Tombouctou-regionen
Distrikt Timbuktu Cercle
Areal 14 789 km²
Folketal 54 453  (2009)
Grunnlagd 1100-talet[1]
Kart
Timbuktu
16°46′24″N 2°59′58″W / 16.773333055556°N 2.9994438888889°W / 16.773333055556; -2.9994438888889
Wikimedia Commons: Timbuktu

Timbuktu (koyra chiini Tumbutu, fransk Tombouctou) er ein by i Mali på grensa til Sahara. Han ligg eit stykke frå Nigerelva og rundt 70 mil nord for hovudstaden i landet, Bamako.[2] Byen hadde ei stordomstid frå 1300- til 1500-talet, og var ein av dei største og rikaste i Afrika, med om lag 100 000 innbyggjarar rundt 1450.[2] Timbuktu var eit senter for både handel, kultur og religion.[1] Den særeigne og storslåtte arkitekturen frå denne tida har gjort at Timbuktu er teken med på UNESCO si liste over verdsarv.

Timbuktu er òg kjend som byen med 333 helgenar og perla i ørkenen. I Vesten har namnet ein mystisk klang som skriv seg frå den lange historia til byen som handelspost. Timbuktu bind saman Afrika sør for Sahara og det arabiske Nord-Afrika. Handelsmenn frå Europa kom òg hit, sjølv om byen var nokså utilgjengeleg. Det er truleg dette som har gjort Timbuktu til ein segnomsust stad, og at namnet «Timbuktu» ofte blir brukt som metafor for fjerne, eksotiske land.

Timbuktu blei grunnlagd som ein leir av nomadiske tuaregar, som berre budde her delar av året. Namnet blir mellom anna forklart med at staden blei vakta av ei kvinne kalla Buktu. «Tim-Buktu» eller 'Buktu-staden' hadde ei strategisk plassering der fleire handelsruter møttest, og voks raskt i storleik og rikdom.[1] Den lukrative handelen gjennom Sahara omfatta gull, elfenbein, slavar, salt, korn, storfe og andre varer.[3] Den kulturelle kontakten som handelen medførte, gjorde også at islam spreidde seg raskt i området.[4] Rundt 180 koranskular som skal ha hatt 25 000 studentar gjorde byen til eit viktig senter for lærdom. Kostbare manuskript som samla lærdom om vitskap og religion blei skrivne og selde her. Fleire av dei er tekne vare på fram til våre dagar.[1]

Timbuktu var den viktigaste byen i fleire rike: Ghanariket, Maliriket og Songhairiket. Under invasjonar av Ghanariket flykta mange lærde hit frå Oualata. I 1324 blei byen annektert av kong Musa I av Mali, som fekk bygd eit kongsslott her.[5] Han skal også ha stått bak oppføringa av den første Djinguerebermoskeen.[6][7][8]

Då Maliriket gjekk tilbake først på 1400-talet fekk Timbuktu ei nokså fri stilling. Etter ei tid blei byen teken opp i det veksande Songhairiket. Han blei erobra i 1468 eller 1469, og undertvinga av herskaren Sunni Ali Ber (1468–1492). Seinare, under Askia Mohammad I (1493–1528) fekk både Timbuktu og Songhairiket ei stordomstid.[9][10]

Nedgangstidene kom for Timbuktu då Portugal og seinare andre europeiske makter slo seg ned i Vest-Afrika. Dei frakta varer sjøvegen og skapte dermed eit alternativ til den farefylte karavanehandelen gjennom Sahara. Den økonomiske og intellektuell nedgangen skaut fart etter at byen blei erobra av leigesoldatar sende av den marokkanske sultanen Ahmad I al-Mansur i 1591. To år seinare blei ei rekkje lærde forviste eller drepne. Ein av dei var den vidgjetne Ahmad Baba, som måtte bu fleire år i Marrakesh.[11]

Marokko trekte seg etterkvart tilbake, og tuaregar tok kontroll over byen ei kort tid i 1737. I påfølgjande år blei byen erobra eller omleira av ulike tuareg-, bambara og kountagrupper.[12] Massinariket tok byen i 1826 og Toucouleurriket i 1865.

Timbuktu blei «gjenoppdaga» av europearar på 1800-talet, men var då redusert til ein stor landsby av leirhus. Fleire bygningar frå stordomstida var forsvunne, som El-Hena-, Kalidi- og Algoudour Djingareye-moskeane.[1] Byen blei teken over av franske styrkar og gjort del av det franske imperiet i 1893.[2] I dag er Timbuktu framleis ein fattig by truga av ørkenspreiing.[1]

UNESCO si liste over verdsarv
Innskriven ved UNESCO sin 12. sesjon i 1988 som den 119. verdsarvstaden.
BakgrunnsstoffUNESCO: Timbuktu

Timbuktu blei oppført på verdsarvlista til UNESCO i 1988.[1] Tre hovudmoskéar er viktige for oppføringa:

Djingareibermoskéen frå 1327.

I tillegg nemner verdsarvoppføringa 16 mausoleum.[1]

Den lokale arkitekturen med leiremoskéar skal ha inspirert den spanske arkitekten Antoni Gaudí.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 «Timbuktu», UNESCO World Heritage Centre. Henta 10. juli 2015.
  2. 2,0 2,1 2,2 Hansen, Ketil Fred. «Timbuktu» (13. november 2014). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 10. juli 2015.
  3. «Timbuktu», Encyclopædia Britannica Online, Encyclopædia Britannica, Inc., henta 5. november 2010 
  4. Saad 1983, s. 24.
  5. Hunwick 2003, s. 9–10.
  6. Levtzion 1973, s. 201.
  7. Hunwick 2003, s. 81.
  8. Kâti 1913, s. 56.
  9. Saad 1983, s. 11.
  10. Fage 1956, s. 27.
  11. Hunwick 2003, s. lxii–lxiii.
  12. Saad 1983, s. 206–214.