Steve Backley
Steve Backley | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 12. februar 1969 (55 år) Sidcup |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Samveldeleikane 2002 |
Utmerkingar | offiser av Den britiske imperieordenen |
Stephen James Backley, kjend som Steve Backley, (fødd 12. februar 1969) er ein britisk, tidlegare friidrettsutøvar med spydkast som spesialgrein. Han vart europameister i øvinga fire gongar på rad, frå 1990 til 2002. Dessutan vann han to sølvmedaljar og ein bronsemedalje i sommarolympiadane 1992-2000, og to sølvmedaljar i verdsmeisterskap; 1995 og 1997. Han var fast på det britiske landslaget i over 15 år, og er den einaste britiske friidrettsutøvaren som har vunne medaljar i tre ulike OL.
Sin personlege rekord på 91,46 m oppnådde han i 1992 i North Shore i New Zealand, britisk rekord også i 2012.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Backley slo gjennom i 1990-sesongen, då han fyrst sette verdsrekord med 89,58 meter under eit stemne i Stockholm. Seinare i sesongen vann han den fyrste av fire strake EM-titlar, han var såleis regjerande europameister i spydkast i 16 år. I januar 1992 var han på New Zealand og kasta der spydet 91,46 m, ein verdsrekord som vart ståande til Jan Železný tok over rekorden i 1993.
Perioden 1993-98 var Backley heile tida mellom dei største medaljefavorittane i dei store meisterskapane, og vart aldri dårlegare enn nummer fire. Under sommar-OL 1992 i Barcelona fekk Backley bronsemedaljen i spydkast-tevlinga. To år seinare forsvara han EM-tittelen, noko han også gjorde i 1998. Ved det siste høvet vart det sågar britisk dobbeltsiger, då Mick Hill kom på andreplassen. I dei tre mellomliggande sesongane vart Backley vist til sølvplassen i to verdsmeisterskap i friidrett, samt sommar-OL 1996. Jan Železný var hans overmann både i 1995 og 1996, slik han hadde vore også i 1992.
Med 89,85 meter presterte Backley under sommar-OL 2000 sitt lengste meisterskapskast nokon gong. Men enno ein gong måtte han sjå Jan Železný føre seg på resultatlista, slått med 32 centimeter. Backley vart i 2002 europameister for fjerde gong på rad. Gullmedaljen vart sikra då han i femte omgang med 88,54 m tok over leiinga frå russaren Sergej A. Makarov. Makarov makta ikkje forbetre sine 88,05 m og måtte nøye seg med sølvmedaljen. Backley avslutta si tid som aktiv med å verte nummer fire i sine fjerde og siste olympiske leikar, nok ein gong viste han sine meisterskapsevner med eit årsbestekast på 84,13 meter.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 1990 i Split: Gullmedalje – 87,30 m, framom Viktor Zaitsev (83,30 m)
- VM 1991 i Tokyo: Utslått i kvalifiseringa (nr 15 - 78,24 m)
- OL 1992 i Barcelona: Bronsemedalje – 83,38 m, bakom Jan Železný (89,66 m) og Seppo Räty (86,60 m)
- VM 1993 i Stuttgart: Nr 4 – 81,80 m
- EM 1994 i Helsingfors: Gullmedalje – 85,20 m, framom Seppo Räty (82,90 m)
- VM 1995 i Göteborg: Sølvmedalje – 86,30 m, bakom Jan Železný (89,58 m)
- OL 1996 i Atlanta: Sølvmedalje – 87,44 m, bakom Jan Železný (88,26 m)
- VM 1997 i Aten: Sølvmedalje – 86,80 m, bakom Marius Corbett (88,40 m)
- EM 1998 i Budapest: Gullmedalje – 89,72 m, framom Mick Hill (86,92 m)
- VM 1999 i Sevilla: Nr 8 – 83,84 m
- OL 2000 i Sydney: Sølvmedalje – 89,85 m, bakom Jan Železný (90,17 m)
- VM 2001 i Edmonton: Utslått i kvalifiseringa (nr 14 - 81,50 m)
- EM 2002 i München: Gullmedalje – 88,54 m, framom Sergej A. Makarov (88,05 m)
- VM i 2003 i Paris: Nr 9 – 80,13 m
- OL 2004 i Aten: Nr 4 – 84,13 m
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Steve Backley» frå Wikipedia på engelsk, den 21. april 2013.
- «Steve Backley» (på engelsk). Olympedia. Henta 15. mars 2023.
- Einskildmenn
- Fødde i 1969
- Britiske spydkastarar
- Europameistrar i friidrett for Storbritannia
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Storbritannia
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Storbritannia
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1992
- Britiske deltakarar under sommar-OL 1992
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1996
- Britiske deltakarar under sommar-OL 1996
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2000
- Britiske deltakarar under sommar-OL 2000
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000
- Britiske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004