Hopp til innhald

Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond vart skipa i 1952 etter ei testamentarisk gåve frå sokneprest Alfred Andersson-Rysst. Avkastinga frå fondet, det vil seia rentene, vart opphavleg delt ut annakvart år til eit lovande yngre nynorsk bokmenneske og annakvart år som stønad for samkjensle mellom Noreg og Færøyane eller Noreg og Island. Etter at fondet i 2015 vart ein del av i Samlagsfondet, vert prisen no berre gitt til stønad for samkjensle mellom Noreg og Færøyane eller Noreg og Island.

Styret i fondet har tre medlemmer som er oppnemde av litteraturselskapet Det Norske Samlaget.

Mottakarar av stipendet

[endre | endre wikiteksten]

Dei som har fått prisen som nynorsk bokmenneske er merkte med NN etter namnet. Dei andre har fått stipendet for arbeidet sitt for å styrke samkjensla mellom Noreg og Island eller Noreg og Færøyane.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Pris til ung, lovande nynorskforfattar». Nettstaden til Det Norske Samlaget. 3. mai 2012. 
  2. Pris til trioen bak heimskringla.no
  3. «Prisar og legat frå Litteraturselskapet», Samlaget, henta 14. oktober 2024