Kultur i 1994
kulturår |
1992 | 1993 | 1994 | 1995 |1996 |
Kategoriar |
Kultur i 1994 er ei oversikt over hendingar, fødde og døde personlegdomar innan kulturlivet i 1994.
Film
[endre | endre wikiteksten]Litteratur
[endre | endre wikiteksten]Musikk
[endre | endre wikiteksten]Moldova fekk ny nasjonalsong, «Limba noastră».
29. september blei raï-songaren Cheb Hasni drepen i Algerie, 26 år gammal, den første i ei bølgje åtak på menneske som dreiv med musikk av muslimske fundamentalistar i landet.
Green Day gav ut gjennombrotsalbumet sitt Dookie den 1. februar, som selde til diamant. Plata innleia den nye interessa for punk-rock på midten av 1990-talet.
Rockegruppa Nirvana heldt sin siste konsert den 1. mars dette året, i München. Nokre dagar seinare gjekk songaren i gruppa, Kurt Cobain, i koma etter ein overdose med rohypnol og sjampanje. I midten av mars varsla kona Courtney Love politiet at Cobain var suicidal, og dei beslaglo ammunisjon og fire skytevåpen frå heimen hans. 8. april blei Cobain funnen død etter å ha skote seg sjølv tre dagar tidlegare.
Utgjevingar:
- Moderne klassisk: Adiemus: Songs of Sanctuary av Karl Jenkins, Horn Concerto av Oliver Knussen,
Stele av György Kurtág, L'esprit des dunes av Tristan Murail, Concerto for Trombone av Michael Nyman, Symfoni No. 7 Angel of Light av Einojuhani Rautavaara
Døde: Kurt Cobain, Yvonne Fair, Cheb Hasni, Manos Hatzidakis, Elizabeth Maconchy, Henry Mancini, Domenico Modugno, Dinah Shore, Garnett Silk
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «1994 in music» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juli 2009.