Serenade nr. 4 av Mozart
K. 203 Serenade av Wolfgang Amadeus Mozart | |||
Sjanger | Orkestermusikk | ||
---|---|---|---|
Periode | Wienerklassisismen | ||
Komponert | August 1774 | ||
Typisk lengd | 34:40 | ||
Satsar/akter | 7 | ||
Toneart | D-dur |
Serenade nr. 4 i D-dur, K. 203/189ba vart skriven i august 1774 av Wolfgang Amadeus Mozart for seremoniar ved Universitetet i Salzburg.[1] Han har kallenamnet Colloredo etter vernaren til Mozart, grev Hieronymus von Colloredo. Verket er særs likt K. 204-serenaden komponert for Salzburg sommaren etter.
Struktur
[endre | endre wikiteksten]Serenade er instrumentert for to oboar (dobla av fløyter), fagott, to horn, to trompetar og strykarar. Verket har sju satsar:
- Andante maestoso - Allegro assai
- [Andante]
- Menuetto
- [Allegro]
- Menuetto
- [Andante]
- Menuetto
- Prestissimo
Marsj i D, K. 237/189c, vart nytta som introduksjon eller avslutning for dette verket.[1]
Den andre, tredje og fjerde satsen har alle ein dominerande solofiolin, slik at ein har ein fiolinkonsert på tre satsar inne i serenaden.
Som med dei fleste av orkesterserenadane hans, vart det arrangert ein symfoni av delar av serenaden. «Serenadesymfonien» for dette verket bestod av sats ein, seks, sju og åtte.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Serenade No. 4 (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mars 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Zaslaw, Neil, The Compleat Mozart: a Guide to the Musical Works, s. 233-234 (New York, 1990) ISBN 0-393-02886-0
- ↑ Brown, A. Peter, The Symphonic Repertoire (Volume 2). Indiana University Press (ISBN 025333487X), pp. 340-341 (2002).
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Serenade in D KV 203: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe