Hopp til innhald

Musikkverk av Wolfgang Amadeus Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Wolfgang Amadeus Mozart var produktiv og skreiv i mange sjangrar. Dei mest kjende verka hans er skriven innan opera, pianokonsertar og sonatar, symfoni, og strykekvartettar og strykekvintettar. Mozart skreiv òg mange soloverk for piano, andre former for kammermusikk, messer og anna kyrkjemusikk, fleire dansar, divertimenti, og andre former for lett underhaldning.

Katalogisering

[endre | endre wikiteksten]
  • Forkortinga "K." eller "KV" syner til «Köchel Verzeichnis», som er er ein meir eller mindre kronologisk katalog over verka til Mozart av y Ludwig von Köchel. Merk at katalogen har vorte endra fleire gonger, noko som har ført til at fleire verk har fått same KV-nummer.
  • Komposisjonane til Mozart i lista under er sortert tematisk, altså etter kvar slags type komposisjon det er. Ikkje alle tematiske grupper av verka til Mozart har fått eit generelt akseptert nummer. Köchel nummererte til dømes berre symfoniane (1 til 41), pianokonsertane (1 til 27, utan å ta med nokre tidlege transkripsjonar av Mozart) og eit par andre grupper. Det meste av kammermusikken og vokalmusikken hans har ikkje ei slik nummerering (eller i det minste ikkje ein akseptert ein).
  • Relativt få av komposisjonane til Mozart har opusnummer, sidan mange av komposisjonane ikkje vart publiserte medan han levde, så opusnummera er ganske upraktiske å nytte for komposisjonane hans.

Mozart skreiv symfoniar i ein periode på 24 år, frå 1764 til 1788. I følgje nyare forsking skreiv ikkje berre Mozart dei 41 symfoniane ein ofte ser i tradisjonelle katalogutgåver, men opp mot 68 komplette verk. Den originale nummereringa har fått stått uendra, slik at den siste kjende symfonien hans likevel heiter «Nr. 41». Somme av symfoniane (K. 297, 385, 550) vart endra av komponisten etter dei første versjonane.

Barnesymfoniar (1764–1771)

[endre | endre wikiteksten]

Det er fleire nummererte symfoniar frå den tidlege barndomen til Mozart.

Det er òg fleire unummererte symfoniar frå denne perioden.

  • Symfoni i F-dur, K. Anh. 223 (19a)
  • Symfoni i G-dur, "Old Lambach", K. Anh. 221 (45a)
  • Symfoni i F-dur, K. 76 (42a)
  • Symfoni i H-dur, K. Anh. 214 (45b)
  • Symfoni i D-dur, K. 81 (73l)
  • Symfoni i D-dur, K. 97 (73m)
  • Symfoni i D-dur, K. 95 (73n)
  • Symfoni i H-dur, K. Anh. 216 (C11.03)
  • Symfoni i C-dur, K. 96

Symfoniar frå Salzburg-tida (1771–1781)

[endre | endre wikiteksten]

Desse symfoniane vert stundom underkatagoriserte som «Tidleg» (1771–1773) og «Sein» (1773–1775), og stundom som «Germanske» (med menuett) eller «Italienske» (utan menuett). Ingen av desse vart publiserte medan Mozart levde.

Sjølv om dei ikkje vert rekna som «symfoniar» vert dei tre Divertimenti K. 136–138, i 3-satsa italienske overturestil stundom rekna med blant Salzburg-symfoniane.

Seinare symfoniar (1781–1791)

[endre | endre wikiteksten]

Dei tre siste symfoniane vart skriven i løpet av tre månader i 1788. Det er truleg at han håpte å få publiserte desse tre verka i lag som ein enkel single opus, men dei vart ikkje publiserte før etter han døydde. Ein eller to av dei kan ha vorte framført i Leipzig i 1789.

Solokonsertar

[endre | endre wikiteksten]

Pianokonsertar

[endre | endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjå pianokonsertar av Mozart.

Mozart sine solokonsertar for piano og orkester er nummerert frå 1 til 27. Dei første fire nummererte konsertane er tidlege verk. Satsane i desse konsertane er arrangement av klaversonater av forskjellige samtidige komponistar (Raupach, Honauer, Schobert, Eckart, C. P. E. Bach). Solokonsertane 7 og 10 er komposisjonar for tre og to piano. Dei 21 andre er originale komposisjonar for piano og orkester. Av desse vart femten skriven i åra 1782 til 1786, medan han dei siste fem åra berre skreiv to pianokonsertar.

Fiolinkonsertar

[endre | endre wikiteksten]

Dei fem fiolinkonsertane til Mozart var skrivne i Salzburg kring 1775. Dei er kjend for dei vakre melodiane og kunstferdige bruken av uttrykksfylle og tekniske karakteristikkar for instrumentet, men Mozart gjekk truleg aldri gjennom alle mogelegeheitane ein har på fiolinen som andre gjorde (t.d. Beethoven og Brahms) etter han.

Mozart skreiv òg ein adagio og to rondoar for fiolin og orkester .

I tillegg finst det to verk som er tvilsamt tilskriven Mozart.

  • Fiolinkonsert i Ess-dur , K. 268 (1780) (tilskriven Johann Friedrich Eck)[1]
  • Fiolinkonsert i D-dur, "Kolb", K. 271a ("No. 7") (1777)

Hornkonsertar

[endre | endre wikiteksten]

Dei fire hornkonsertane til Mozart er av dei mest spelte hornkonsertane som finst. Dei vart skriven for den gode venen til Mozart, Joseph Leutgeb. Konsertane (særleg den fjerde) vart skriven for at soloisten verkeleg skulle få slå seg laus på instrumentet og syne kor flink han var.

Hornkonsertane er kjenneteikna av ein elegant og humoristisk dialog mellom soloisten og orkesteret.

Konsertar for blåseinstrument

[endre | endre wikiteksten]

Pianomusikk

[endre | endre wikiteksten]

Dei tidlegare komposisjonane til Mozart var pianosonatar og andre pianostykke, sidan det var på dette instrumentet han fekk den første musikalske opplæringa si. Nesten alt han skreiv for piano var meint for han sjølv (eller systera som òg var flink på piano). Døme på dei tidlegaste verka hans finn ein i Nannerl's Music Book. Mellom 1782 og 1786 skreiv han 20 verk for solopiano (mellom anna sonatar, variasjonar, fantasiar, suitar, fuger, rondo) og verk for fire hender eller to piano.

Verk for solopiano

[endre | endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjå Verk for solopiano av Wolfgang Amadeus Mozart.

Pianoduettar

[endre | endre wikiteksten]

Piano for fire hender

[endre | endre wikiteksten]

Fiolinmusikk

[endre | endre wikiteksten]

Han skreiv òg for piano og fiolin. Merk rekkjefølgje for dei to instrumenta, for hovudsakleg er dette klaverdominerte Sonater der fiolinen er meir eit akkompagnement. I seinare år fekk fiolinen ei viktigare rolle.

Fiolinsonatar frå barndommen (1763–66)

[endre | endre wikiteksten]
  • Fiolinsonatar KV 6–9
    • Sonate i C for klaver og fiolin, K. 6
    • Sonate i D for klaver og fiolin, K. 7
    • Sonate i H for klaver og fiolin, K. 8
    • Sonate i G for klaver og fiolin, K. 9
  • Fiolinaronatar, KV 10–15
    • Sonate i H for klaver og fiolin (eller fløyte), K. 10
    • Sonate i G for klaver og fiolin (eller fløyte), K. 11
    • Sonate i A for klaver og fiolin (eller fløyte), K. 12
    • Sonate i F for klaver og fiolin (eller fløyte), K. 13
    • Sonate i C for klaver og fiolin (eller fløyte), K. 14
    • Sonate i H for klaver og fiolin (eller fløyte), K. 15
  • Fiolinaronatar, KV 26–31
    • Sonate i Ess for klaver og fiolin, K. 26
    • Sonate i G for klaver og fiolin, K. 27
    • Sonate i C for klaver og fiolin, K. 28
    • Sonate i D for klaver og fiolin, K. 29
    • Sonate i F for klaver og fiolin, K. 30
    • Sonate i H for klaver og fiolin, K. 31

Seinare fiolinsonatar (1778–88)

[endre | endre wikiteksten]

Variasjonar for fiolin og piano

[endre | endre wikiteksten]

Strykeduettar og trioar

[endre | endre wikiteksten]

Strykekvartettar

[endre | endre wikiteksten]
Denne syklusen, i tre satsar, vert reknar for føregangarar for dei seinare strykekvartettane
  • Strykekvartett nr. 2 i D-dur, K. 155/134a (1772)
  • Strykekvartett nr. 3 i G-dur, K. 156/134b (1772)
  • Strykekvartett nr. 4 i C-dur, K. 157 (1772–73)
  • Strykekvartett nr. 5 i F-dur, K. 158 (1772–73)
  • Strykekvartett nr. 6 i H-dur, K. 159 (1773)
  • Strykekvartett nr. 7 i Ess-dur, K. 160/159a (1773)
Stilmessig mykje meir utvikla. Ein trur at Mozart i Wien høyrte op. 17 og op. 20 av Joseph Haydn, og at dette gjorde eit djupt inntrykk på han.
  • Strykekvartett nr. 8 i F-dur, K. 168 (1773)
  • Strykekvartett nr. 9 i A-dur, K. 169 (1773)
  • Strykekvartett nr. 10 i C-dur, K. 170 (1773)
  • Strykekvartett nr. 11 i Ess-dur, K. 171 (1773)
  • Strykekvartett nr. 12 i H-dur, K. 172 (1773)
  • Strykekvartett nr. 13 i D-moll, K. 173 (1773)
Mozart gjekk attende til kvartetten tidleg i 1780-åra, etter at han hadde flytta til Wien, møtt Haydn og utvikla eit venskap med den elder komponisten. Haydn hadde nettopp publisert Seks kvartettar Opus 33, som ein trur trekte Mozart i same retning. Desse kvartettane vert ofte rekna som eit høgdepunkt i sjangeren.
Dette verket vart publisert av Franz Anton Hoffmeister, samt prøyssiske kvartettar. Dei siste tre kvartettane til Mozart var tilskriven kongen av Preussen Fredrik Vilhelm II.

Strykekvintettar

[endre | endre wikiteksten]

Strykekvinttetane (K. 174, 406, 515, 516, 593, 614), for to fiolinar, to bratsjar og cello. Charles Rosen skreiv at «generelt vert dei største augneblinka til Mozart innan kammermusikk rekna for å vere strykekvintettane med to bratsjar»[2]

Pianotrioar

[endre | endre wikiteksten]
  • Divertimento à 3 i H for piano, fiolin og fiolincell, K. 254
  • Trio (Sonate) i G for piano, fiolin og fiolincell, K. 496
  • Trio i H for piano, fiolin og fiolincell, K. 502
  • Trio i E for piano, fiolin og fiolincell, K. 542
  • Trio i C for piano, fiolin og fiolincell, K. 548
  • Trio i G for piano, fiolin og fiolincell, K. 564

Anna kammermusikk

[endre | endre wikiteksten]

Serenadar, divertimenti og anna instrumentalmusikk

[endre | endre wikiteksten]

Produksjonen av instrumentalmusikk omfattar fleire Divertimenti, notturni, senerandar, cassations, marsjar og dansar, i tillegg til symfoniane. Produksjonen til Mozart for orkester er skriven for strykeorkester (som den tidlege Divertimenti K. 136–138), samt for blåseinstrument og varierte kombinasjonar mellom dei to.

Divertimenti

[endre | endre wikiteksten]
  • Galimathias Musicum (Quodlibet), K. 32 (1766)
  • Cassation i G, K. 63 (1769)
  • Cassation i H, K. 99 (1769)
  • Divertimento i Ess, K. 113 (1771)
  • Divertimento i D, K. 131 (1772)
  • Divertimenti, K. 136–138 (1772)
  • Divertimento i D, K. 205 (1773)
  • Divertimento i F, "Lodron", K. 247 (1776)
  • Divertimento i D, K. 251 (1776)
  • Divertimento i H, "Lodron", K. 287 (1777)
  • Divertimento i D, K. 334 (1779–80)
  • 25 Stykke (fem divertimenti) for tre bassetthorn, K. 439b (K. Anh. 229)
  • Divertimento for to horn og strykarar, «Ein musikalsk spøk», ("Ein Musikalischer Spaß"), K. 522
  • Marsj i D-dur, K. 62 (introduksjon til K. 100 serenade, òg nytta i Mitridate, re di Ponto)
  • Marsj i D-dur, K. 189 (truleg opninga/avsluttninga til K. 185 Serenade)
  • Marsj i C-dur, K. 214
  • Marsj i D-dur, K. 215 (for å opne og/eller avslutte Serenade, K. 204)
  • Marsj i D-dur, K. 237 (for å opne og/eller avslutte Serenade, K. 203)
  • Marsj i F-dur, K. 248 (nyttast med Divertimento, K. 247)
  • Marsj i D-dur, K. 249 (for å opne og/eller avslutte Serenade, "Haffner", K. 250)
  • Marsj i D-dur, K. 290
  • Marsj i D-dur, K. 335, nr. 1 (truleg for å opne Serenade, "Posthorn", K. 320)
  • Marsj i D-dur, K. 335, nr. 2 (truleg for å avslutte Serenade, "Posthorn", K. 320)
  • Marsj i C-dur, K. 408, nr. 1
  • Marsj i D-dur, K. 408, nr. 2
  • Marsj i C-dur, K. 408, nr. 3
  • Marsj i D-dur, K. 445 (nyttast i lag med Divertimento, K. 334)
For meir om dette emnet, sjå Mozart og dans.

Mozart skreiv mange dansar for orkester, mellom anna sjangrane minuetto (meir enn 100), Kontradans og allemande (eller Teitsch, eller Laendler, eller tyske dansar).

Produksjonen hans av menuettar følgjer hovudsakleg Haydn, som hadde ein langsam karakter i dansane sine. Allemandane (56 mellom 1787 og 1791) vart hovudsakleg skriven for dansehallane i Wien. Kontradans-verka vart hovudsakleg skrivne i Wien.

  • 6 menuettar, K. 61h
  • 7 menuettar, K. 65a/61b
  • 4 kontradansar, K. 101/250a
  • 20 menuettar, K. 103
  • 6 menuettar, K. 104/61e
  • 6 menuettar, K. 105/61f
  • Menuet i Ess, K. 122
  • Kontradans i H, K. 123
  • 6 menuettar, K. 164
  • 16 menuettar, K. 176
  • 4 kontradansar, K. 267/271c
  • Gavotte i H, K. 300
  • 3 menuettar, K. 363
  • 5 menuettar, K. 461
  • 6 kontradansar, K. 462/448b
  • 2 quadrilles, K. 463/448c
  • 6 tyske dansar, K. 509
  • Kontradans i D, "Das Donnerwetter", K. 534
  • Kontradans i C, "La Bataille", K. 535
  • 6 tyske dansar, K. 536
  • 6 tyske dansar, K. 567
  • 12 menuettar, K. 568
  • 6 tyske dansar, K. 571
  • 12 menuettar, K. 585
  • 12 tyske dansar, K. 586
  • Kontradans i C, "Der Sieg vom Helden Koburg", K. 587
  • 6 menuettar, K. 599
  • 6 tyske dansar, K. 600
  • 4 menuettar, K. 601
  • 4 tyske dansar, K. 602
  • 2 kontradansar, K. 603
  • 2 menuettar, K. 604
  • 3 tyske dansar, K. 605
  • 6 tyske dansar, K. 606
  • 5 tyske dansar, K. 609
  • Kontradans i G, K. 610


Kyrkjemusikk

[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjemusikken til Mozart er hovudsakleg vokal, men det finst òg instrumentale døme som Sonate da Chiesa for to fiolinar, kontrabass og orgel, komponert mellom 1767 og 1780.

  • Messe nr. 1 ("Missa brevis") i G-dur, K. 49
  • Messe nr. 2 ("Missa brevis") i D-moll, K. 65
  • Messe nr. 3 i C-dur, "Dominicusmesse", K. 66
  • Messe nr. 4 ("Missa solemnis") i C-moll, K. 139
  • Messe nr. 5 ("Missa brevis") i G-dur, K. 140
  • Messe nr. 6 ("Missa brevis") i F-dur, K. 192
  • Messe nr. 7 i C-dur, "Missa i honorem Sanctissimae Trinitatis", K. 167
  • Messe nr. 8 ("Missa brevis") i D-dur, K. 194
  • Messe nr. 9 ("Missa brevis") i C-dur, "Spatzenmesse", K. 220
  • Messe nr. 10 ("Missa brevis") i C-dur, "Credo Mass", K. 257
  • Messe nr. 11 i C-dur, "Spaurmesse" or "Piccolomissa", K. 258
  • Messe nr. 12 ("Missa brevis") i C-dur, "Orgelsolo", K. 259
  • Messe nr. 13 ("Missa longa") i C-dur, K. 262
  • Messe nr. 14 ("Missa brevis") i H-dur, K. 275
  • Messe nr. 15 i C-dur, "Kroning", K. 317
  • Messe nr. 16 ("Missa solemnis") i C-dur, "Missa aulica", K. 337
  • Messe nr. 17 i C-moll, "Den store", K. 427
  • Rekviem i D-moll, K. 626 (gjort ferdig av Franz Xaver Süssmayr etter Mozart døydde)

Anna kyrkjemusikk

[endre | endre wikiteksten]

Av anna kyrkjemusikk Mozart skreiv finn ein:

  • God is Our Refuge, K. 20
  • Scande Coeli Limina i C, K. 34
  • Kyrie i D-moll for sopran, alto, tenor og bass, K. 90

Tre settingar av Marian antiphon Regina coeli:

  • Regina Coeli for sopran, kor og orkester, K. 108
  • Regina Coeli for sopran, kor og orkester, K. 127
  • Regina Coeli for solistar, kor og orkester, K. 276
  • Te Deum, K. 141
  • Exsultate, jubilate, K. 165

To aftansangar:

I tillegg til fire litaniar, mange offertorium, salmar, motettar og andre fragment frå messer.

Kyrkjesonatar

[endre | endre wikiteksten]
  • Kyrkjesonate nr. 1 i Ess K. 41h (1772)
  • Kyrkjesonate nr. 2 i B K. 68 (1772)
  • Kyrkjesonate nr. 3 i D K. 69 (1772)
  • Kyrkjesonate nr. 4 i D, K. 144 (1772)
  • Kyrkjesonate nr. 5 i F, K. 145 (1772)
  • Kyrkjesonate nr. 6 i B, K. 212 (1775)
  • Kyrkjesonate nr. 7 i F, K. 241a (1776)
  • Kyrkjesonate nr. 8 i A, K. 241b (1776)
  • Kyrkjesonate nr. 9 i G, K. 241 (1776)
  • Kyrkjesonate nr. 10 i F, K. 244 (1776)
  • Kyrkjesonate nr. 11 i D, K. 245 (1776)
  • Kyrkjesonate nr. 12 i C, K. 263 (1776)
  • Kyrkjesonate nr. 13 i G, K. 274 (1777)
  • Kyrkjesonate nr. 14 i C, K. 278 (1777)
  • Kyrkjesonate nr. 15 i C, K. 328 (1779)
  • Kyrkjesonate nr. 16 i C, K. 329 (1779)
  • Kyrkjesonate nr. 17 i C, K. 336 (1780)

Orgelmusikk

[endre | endre wikiteksten]
  • Fuge i Ess-dur, K. 153 (375f)
  • Fuge i G-moll, K. 154 (385k)
  • Ouverture i C-dur, K. 399 (385i)
  • Fuge i G-moll, K. 401 (375e)
  • Eine kleine Gigue, K. 574
  • Adagio og Allegro i F-moll for mekanisk orgel, K. 594 (1790)
  • Fantasia i F-moll for mekanisk orgel, K. 608 (1791)
  • Andante i F for lite mekanisk orgel, K. 616 (1791)
For meir om dette emnet, sjå Operaer av Mozart.

Konsertarier, songar og kanonar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]