Sable Island
Sable Island | |||
øy | |||
Land | Canada | ||
---|---|---|---|
Areal | 34 km² | ||
Folketal | 5 | ||
Sable Island 43°55′53″N 59°54′30″W / 43.931305°N 59.908366°W | |||
Wikimedia Commons: Sable Island |
Sable Island er ei sandøy utanfor kysten av Nova Scotia i Canada. I tidlegare tider var øya frykta som farleg farvatn med mange skipsforlis, og blei kalla «Atlanterhavets kyrkjegard». Øya er kjend for populasjonen sin av innførte hestar, Sable Island-ponni. I 2013 blei ho gjort om til nasjonalpark. Øya er ein del av Halifax kommune.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Namnet på øya stammar frå sanddynene ho består av. På Jacopo Gastaldi sitt kart over Ny-Frankrike frå rundt 1550 blei ho kalla Isola della rena.[1]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Sable Island ligg på Sable Island-banken, ved kanten av kontinentalsokkelen. Øya er den einaste delen av sokkelen utanfor det austlege Nord-Amerika som stikk opp av havet.[1]
Øya ligg 161 km søraust for Canso ved Cansostredet, som skil Cape Breton frå Nova Scotia-halvøya, og 290 km frå provinshovudstaden Halifax. Sable Island er 42 km lang og er halvmåneforma. På det breiaste er ho 1,3 km.[2]
Sable Island er ein rest etter ei større sandøy. Under istida for 18 000 år sidan, då utstrekkinga av iskappen var på sitt største, fanst det mange øyar danna av sediment i dette området utanfor austkysten av Nord-Amerika. Dei fleste er blitt til bankar, mellom anna Georgesbanken, Emeraldbanken, Banquereaubanken og Dei store bankane (Grand Banks). Sable Island er den einaste resten av det som ein gong var ei mykje større øy som kan ha vore 250 km lang og 80 km brei.[3]
På sørkysten blir øya forma av sand som blir skyld opp av havbølgjene. Havstraumane formar øya slik at ho blir forlenga nordaustleg retning. På nordkysten er havstraumane svakare, og forlenginga av øya i sørvestleg retning går saktare.[1] I kvar ende av øya finst det sandflater som er to til seks kilometer lange. Dei heiter East Spit og West Spit.[4]
Langs øya strekkjer det seg to oppbrotne ryggar av sanddyner.[4] Den nordlegaste av desse går opp i 26 meters høgd, medan han når opptil 12 meter i sør.[1]
Regnvatn bidreg til at øya har ei ferskvasslinse som flyt på saltvatn. Vatn frå ferskvasslinsa dannar dammar og vatn, særleg vest på øya. I forseinkinga mellom dei to sanddynene fanst det ein gong ein stor og grunn brakkvassinnsjø som gradvis er blitt fylt opp av sand og har grodd att. Restane av Lake Wallace er rundt éin kilometer lang.[4]
Plante, dyre- og fugleliv
[endre | endre wikiteksten]Rundt ein tredel av øya er dekt av vegetasjon.[4] Det er registrert 190 planteartar her. Det er særleg salttolerante vekstar som klarer seg på øya. Ho har ikkje tre. Marehalm av slekta Ammophila og andre vekstar stabiliserer dynene.[4]
Den største havertkolonien i verda held til på Sable Island, og får ungar her frå sist i desember til tidleg i februar.[4] Steinkobbebestanden har gått ned på grunn av hai og konkurransen frå den store havertpopulasjonen. Steinkobbane ynglar frå midten av mars til midten av juni. Det finst også ringsel og klappmyss, men desse formeirar seg ikkje på øya. Ein gong fanst det også ein populasjon av atlanterhavskvalross her.
Øya er tilhaldstad for fugl, særleg måsar og snipefuglar (Scolopaci).[1] Ein finn også rosenterne på øya. Totalt er det registrert 350 fugleartar på Sable Island, og 16 av desse hekkar på øya. Sable Island har sin eigen underart av musesporv (Passerculus sandwicheinis princeps), som berre hekkar her.[4]
I ferskvassdammane på øya lever det killifisk, stingsild og amerikansk ål. Det finst også spesielle biller, sommarfuglar og nattsvermarar her.[4]
Av dei rundt 600 artane virvellause dyr på øya er seks endemiske, blant desse er bladbillearten Trichlochmaea sablensis. Sable Island er den einaste staden i Canada der den flygeudyktige skuggebillearten Ephalus latimanus lever.[5]
Sable Island-ponni
[endre | endre wikiteksten]Det blei innført hestar på øya rundt 1738, og det har etablert seg ein forvilla populasjon her som varierer på mellom 150 og 400 individ.[4] Sable Island-ponniane beitar på vegetasjonen på øya, men et også tang og tare som blir skyld opp på strendene.
Hestane er dei einaste landlevande pattedyra på øya. I 1962 blei hestane freda.[6]
Klima
[endre | endre wikiteksten]Øya er den mest vindfulle staden i Nova Scotia. Det er mykje tåke. Sommartemperaturen når sjeldan meir enn 25 grader. Vintertemperaturen ligg normalt mellom -5 og 5 grader og fell sjeldan under -13 grader.[7]
Ved øya møter varmt havvatn frå Golfstraumen og kaldt vatn frå Labradorstraumen kvarandre. Som eit resultat av dette er det mykje tåke frå mai til juli.[8]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Det fyrste dokumenterte europeiske besøket på øya fann stad då portugisarane utforska området tidleg på 1500-talet.[9] Øya er med på eit kart av Pedro Reinel frå 1505. Fiskarar frå Europa dreiv torskefiske ved øya frå fyrste halvdel av 1500-talet. I tillegg til det gode fisket, var det også mogleg å fanga sel og kvalross på Sable Island. Utforskaren Humphrey Gilbert, som tapte skipet «Delight» i det fyrste kjende forliset ved øya, omtaler eit koloniseringsforsøk frå rundt 1550.[8]
Seint på 1500-talet prøvde Frankrike også å skipa ein koloni, men forsøket lukkast ikkje. I 1598 tok Troilus de Mesgouez, marki de La Roche, med seg 40 fangar til øya for å kolonisera henne. Dei tolv som overlevde blei redda i 1603.[1]
På 1600- og 1700-talet blei det gjort fleire nye forsøk på å kolonisera øya, utan det store hellet. Det blei også prøvd å innføra husdyr, som kveg, gris, sau og hest.[9] Berre hestane etablerte seg. På grunn av alle skipsforlisa i området, heldt folk som berga vrakgods også til på øya.[9]
Joseph Frederick Wallet Des Barres kartla Nova Scotia og lodda også havdjupet ved Sable Island. I 1784 gav han ut A chart of Nova Scotia. Dette kartet blei kjent for kvaliteten sin, og målingane hans av havdjupna blei brukt av sjøfarande dei følgjande 75 åra.[10]
«Atlanterhavets kyrkjegard»
[endre | endre wikiteksten]« | Sable Island nyder en sørgelig Berømthed formedelst de hyppige Skibbrudd, som her foregaa. Øen ligger lige i Kursen for de fra Europa seilende Fartøier. Nogle Fiskere bo her, og her findes en Station til Hjælp for Sibbrudne. | » |
—Verdenshandlens Geografi, 1873[11] |
Øya ligg like ved dei rike fiskefelta på Dei store bankane og i ruta for skipstrafikken mellom Nord-Amerika og Europa. Gjennom tidene har difor mange skip passert Sable Island, som på grunn av storm og tåke var ein farleg stad for skipsfart. Sidan det fyrste forliset i 1538 har meir enn 350 skip forlist ved Sable Island. Øya har difor også vore kjent som «Atlanterhavets kyrkjegard».[9]
I 1801 bygde styresmaktene i Nova Scotia den fyrste av fleire redningsstasjonar på øya.[9] Sandbankane og det grunne havet ved øya gjorde at skip gjekk på grunn langt frå øya og redningstilhøva var vanskelege, med fire–fem timars rotur for redningsmannskapa for å nå ut til dei skipbrotne. Ved utgangen av hundreåret fanst det ein hovudstasjon, fire mindre redningsstasjonar, to fyr (reist i 1873) og dessutan utkikkstårn. Redningsmannskapa etablerte seg med familiane sine på øya. I 1890 fekk øya ein meteorologisk stasjon og i 1905 kom ein Marconi-stasjon.[9][8]
Etter andre verdskrigen kom det forbetringar i navigasjonssystema slik at forlisa blei sjeldnare. Redningsstasjonane blei nedlagde i 1959. Det siste fyret bleiautomatisert i 1987.[9] Etter eit forlis i 1947, skjedde det ikkje noko havari før ein 12 meters seglbåt gjekk på grunn i 1999.[12]
Naturgass og nasjonalpark
[endre | endre wikiteksten]På 1960-talet byrja leiteboring etter olje. Det blei ikkje funne olje ved boring på land, men ein har funne naturgass på sokkelen like utanfor øya.[9] I 1995 blei Sable Offshore Energy Project skipa for å henta opp gass, og i desember 1999 byrja produksjonen.[1] Det blei lagt røyrleidning langs havbotnen til fastlandet i Nova Scotia.
Mykje av aktiviteten på land på Sable er konsentrert kring Main Station, ved den meteorologiske stasjonen. Kystvakta har også etablert seg her, mellom anna med drivstofflager for helikopter. Rundt seks personar held til på øya året rundt, medan vitjande forskargrupper og andre er innom for kortare periodar på opp til tre månader.[9]
Sable Island National Park Reserve blei oppretta i 2013. Dette blei den 43. nasjonalparken i Canada. Nasjonalparken omfattar Sable Island og havet rundt øya, slik at olje- og gassverksemd er forboden ut til éi nautisk mil frå land.[13]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 «Sable Island», Canadian Encyclopedia. Lest 28. desember 2018.
- ↑ «Maps», Sable Island National Park Reserve, Parks Canada. Lest 28. desember 2018.
- ↑ Pielou, E. C.: After the Ice Age. The Return of Life to Glaciated North America, Chicago: University of Chicago Press, 1991, s. 139–141.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 4,8 «Natural history» Arkivert 29. desember 2018 på Wayback Machine., Sable Island National Park Reserve. Parks Canada. Lest 28. desember 2018.
- ↑ «Sable Island: Flora and fauna of a remote sandbar», CBC Radio-Canada, 11. september 2014. Lest 28. desember 2018.
- ↑ «Sable Island Horses», Canadian Encyclopedia, Lest 28. desember 2018.
- ↑ «Weather», Sable Island National Park Reserve. Lest 28. desember 2018.
- ↑ 8,0 8,1 8,2 «Sable Island» Arkivert 12. mars 2016 på Wayback Machine., Encyclopedia of Newfoundland and Labrador, bind 5, St. John's: Harry Cuff Publications, 1994, s. 1.
- ↑ 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 9,5 9,6 9,7 9,8 «Cultural History» Arkivert 29. desember 2018 på Wayback Machine., Sable Island National Park Reserve. Lest 28. desember 2018.
- ↑ Murray, Jeffrey S.: Terra Nostra, 1550–1950. The Stories Behind Canada's Maps, Montreal: Septentrion, 2006, s. 103–104.
- ↑ Andree, Carl: Verdenshandlens Geografi, bind 2, Christiania: J. Rasch, 1873, s. 950.
- ↑ «Sable Island: Shipwrecks at the graveyard of the Atlantic», CBC Radio-Canada, 4. september 2014. Lest 28. desember 2018.
- ↑ «Sable Island now Formally Protected under National Park Legislation», Newswire, Cision, 1. desember 2013. Lest 28. desember 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Sable Island» frå Wikipedia på bokmål, den 7. juli 2024.