Rattle That Lock
Rattle That Lock Studioalbum av David Gilmour | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 20. juli 2019 | |
Innspelt | 2010–2015 | |
Studio | Medina Studio i Hove; Astoria Studio i Middlesex; Abbey Road Studios; AIR Studios i London | |
Sjanger | ||
Lengd | 51:28 | |
Selskap | Columbia[2] | |
Produsent |
| |
David Gilmour-kronologi | ||
---|---|---|
Metallic Spheres (2010) |
Rattle That Lock | Live at Pompeii (2017)
|
Singlar frå Rattle That Lock | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Samla karakter | |
Kjelde | Karakter |
Metacritic | 75/100[4] |
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [5] |
Drowned in Sound | 7/10[6] |
The Guardian | [7] |
Louder Sound | [8] |
The Music | [9] |
Record Collector | [10] |
Renowned for Sound | [11] |
Rolling Stone | [12] |
RTÉ.ie | [13] |
Spectrum Culture | [14] |
Rattle That Lock er det fjerde soloalbumet til Pink Floyd-songaren og gitaristen David Gilmour. Det vart opphavleg gjeve ut i september 2015 på Columbia.[2][15][16] Gilmour fullførte ein kort turné i Europa i september og oktober 2015 og i Sør-Amerika i desember 2015. Ein liknande turné vart heldt i USA og Canada i mars og april 2016. Plateomslaget vart skapt av Dave Stansbie frå The Creative Corporation under rettleiing av Aubrey Powell, som hadde arbeidd med David Gilmour og Pink Floyd sidan seint 1960-åra.[2]
Innspeling
[endre | endre wikiteksten]Albumet vart spelt inn i studioa til Gilmour. Phil Manzanera, som var medprodusent på albumet, estimerte at Gilmour hadde skrive songar for Rattle That Lock over dei siste fem åra, men peikte òg ut eit pianostykke som var spelt inn i stova til Gilmour 18 år tidlegare.[17] Det meste av albumet vart spelt inn i Medina Studio i Hove – og ekstra lydspor vart spelte inn i husbåtstudioet Astoria, begge i lag med lydteknikaren Andy Jackson. Det siste Pink Floyd-albumet The Endless River, vart på liknande vis spelte inn og produsert i desse to studioa.[2][18] Orkesterpartane vart spelte inn i AIR Studios i London[19] og Liberty Choir vart spelte inn i ei kyrkje i South London.[19] Albumet vart miksa i Astoria og masteringa for alle format vart utført av James Guthrie og Joel Plante i das boot recording i Lake Tahoe i California.[18]
Tittelsporet «Rattle That Lock» var inspirert av ein SNCF-jingel, komponert av Michaël Boumendil. Denne jingelen vert òg nytta på sporet. Gilmour hadde høyrd og spelt inn jingelen på iPhone-en sin i Aix-en-Provence medan han var på besøk hos nokre vener.[2][20] Då Boumendil fekk ei telefonmelding frå Gilmour trudde han førstdet var ein spøk, så han ringde ikkje attende.[21] Teksten på sporet vart skriven av kona til Gilmour, Polly Samson og er baserte på tema i John Milton-romanen Paradise Lost. Musikarane Mica Paris and Louise Marshall, i lag med Liberty Choir, speler på songen.[2]
Sonen til David, Gabriel, speler piano på songen «In Any Tongue», som var første gongen han var på ei plate.[22]
Marknadsføring
[endre | endre wikiteksten]Radio
[endre | endre wikiteksten]«Rattle That Lock» var den første singelen frå albumet og han vart først spelt på BBC Radio 2-programmet The Chris Evans Breakfast Show morgonen 17. juli 2015.[2] Singelen vart like etter gjort tilgjengeleg for digital nedlasting.[2][23] I veka som byrja 3. august 2015 gjorde BBC Radio 2 «Rattle That Lock» til vekas singel, og han vart derfor spelt minst ein gong til dagen den veka.
Musikkvideo
[endre | endre wikiteksten]Den 31. juli 2015 vart det sleppt ein musikkvideo for «Rattle That Lock» på nettsida til Gilmour og marknadsført via sosiale media. Videoen vart laga av Trunk Animation og regissert av Alasdair Brotherston og Jock Mooney, produsert av Richard Barnett og involverte 12 animatørar, kunstnarar og typografar. Aubrey Powell frå Hipgnosis var kunstnarisk leiar for videoen. Videoen syner fallet til Lucifer frå Himmelriket og den påfølgjande reisa hans gjennom Pandæmonium, skjerselden og Kaos der han forderver jorda og vert Satan, slik det vert fortalt i det episke diktet Paradise Lost.[24]
Utgåver
[endre | endre wikiteksten]
Standardutgåva
Luksusutgåva Luksusutgåva er tilgjengeleg på CD/DVD og CD/Blu-ray og inneheld
|
Digitale utgåver Den digitale utgåva av albumet i mp3-format var tilgjengeleg frå iTunes og Amazon. Dei digitale utgåvene er:
|
Plateomslag
[endre | endre wikiteksten]Biletet på omslaget består av eit landskap fotografert av Rupert Truman frå StormStudios[25] med målte kråker som rømmer får eit bur.[17] Fotografia inne i omslaget vart tekne av Kevin Westenberg[25] medan Polly Samson tok bilete frå innspelinga.[25] Aubrey Powell frå Hipgnosis var kunstnarisk leiar.[26]
Turné
[endre | endre wikiteksten]Rattle That Lock-turneen byrja 12. september 2015 i Pula i Kroatia med ei spesialframsyning av albumet den 5. september 2015 i Brighton i England. Turneen enda 12. april 2016 i New York City, med ein tre månaders pause mellom den søramerikanske og nordamerikanske delen av turneen. Gilmour spelte òg ein enkel konsert i Wrocław i Polen den 25. juni 2016.
Dei fleste spelestadane under den europeiske delen av turneen var i romerske amfiteater, liknande det som finst i Pink Floyd: Live at Pompeii (1971). Gilmour spelte òg på historiske stader i London: Royal Albert Hall og KOKO (tidlegare Camden Palace-teateret). Han spelte òg på det historiske Auditorium Theatre i Chicago, der han siste gongen spelte med Pink Floyd i 1972. I juli 2016 spelte Gilmour og bandet hans to konsertar i Pompeii og i 2017 vart ein film av konserten vist på utvalde kinoar verda over[27]. Dette vart til slutt gjeven ut på forskjellige format.
Turnébandet var stort sett dei same musikarane som hadde spelt med Gilmour på On an Island-turneen i 2006. Desse var Phil Manzanera, Guy Pratt, Jon Carin og Steve DiStanislao.[28] Kevin McAlea, som spelte med Carin på Kate Bush-konsertane Before the Dawn i 2014, spelte òg klaverinstrument på denne turneen[28] i staden for Richard Wright.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Tekst | Musikk | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «5 A.M.» | Instrumental | David Gilmour | 3:04 |
2. | «Rattle That Lock» | Polly Samson |
| 4:55 |
3. | «Faces of Stone» | Gilmour | Gilmour | 5:32 |
4. | «A Boat Lies Waiting» | Samson | Gilmour | 4:34 |
5. | «Dancing Right in Front of Me» | Gilmour | Gilmour | 6:11 |
Nr. | Tittel | Tekst | Musikk | Lengd |
---|---|---|---|---|
6. | «In Any Tongue» | Samson | Gilmour | 6:46 |
7. | «Beauty» | Instrumental | Gilmour | 4:28 |
8. | «The Girl in the Yellow Dress» | Samson | Gilmour | 5:25 |
9. | «Today» | Samson | Gilmour | 5:55 |
10. | «And Then...» | Instrumental | Gilmour | 4:27 |
Total lengd: | 51:28 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
11. | «Rattle That Lock» (Extended Mix) |
| 6:24 |
12. | «The Girl in the Yellow Dress» (Orchestral Version) |
| 4:08 |
13. | «Rattle That Lock» (Youth Mix - 12" Extended Radio Dub) |
| 8:26 |
14. | «Rattle That Lock» (Radio Edit) |
| 3:59 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Barn Jam 1» | Gilmour | 4:38 |
2. | «Barn Jam 2» | Gilmour | 2:57 |
3. | «Barn Jam 3» | Gilmour | 3:54 |
4. | «Barn Jam 4» | Gilmour | 4:20 |
5. | «The Animators, Alisdair + Jock» (Dokumentarfilm) | ||
6. | «Rattle That Lock» (Video) |
| 4:26 |
7. | «The Animators, Danny Madden» (Dokumentarfilm) | ||
8. | «The Girl in the Yellow Dress» (Video) |
| 4:58 |
9. | «Polly Samson and David Gilmour at the Borris House Festival of Words and Ideas» (Dokumentarfilm) | ||
10. | «The Making of the Rattle That Lock album» (Dokumentarfilm) | ||
11. | «Rattle That Lock (Extended mix)» (berre audio) |
| 6:24 |
12. | «The Girl in the Yellow Dress (orkesterversjon)» (berre audio) |
| 4:07 |
13. | «Rattle That Lock (Youth mix - 12" extended radio dub)» (berre audio) |
| 8:26 |
14. | «Rattle That Lock (Radio edit)» (berre audio) |
| 3:59 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Henta frå plateomslaget.[22]
- David Gilmour – solovokal (all); gitar (all); klaverinstrument (alle utanom 8); piano (1, 3, 4, 5); SNCF-sample (2); Hammondorgel (2, 5, 9); bassgitar (5, 6, 7, 10); bassmunnspel (7); elektrisk piano (9, 10)
- Jon Carin – elektrisk piano (9)
- David Crosby – korvokal (4)
- Graham Nash – korvokal (4)
- Danny Cummings – perkusjon (3, 4, 5, 7, 10)
- Steve DiStanislao – trommer (2, 3, 5, 7, 9); perkusjon (2, 3, 7); korvokal (2)
- Roger Eno – piano (4, 7)
- Martin France – trommer (8)
- Gabriel Gilmour – piano (6)
- Jools Holland – piano (8)
- Damon Iddins – trekkspel (3); calliope (3)
- Rado Klose – gitar (8)
- Chris Laurence – kontrabass (8)
- The Liberty Choir – korvokal (2)
- Phil Manzanera – Hammondorgel (2, 3); klaverinstrumentelement (2, 3, 6); akustisk gitar (3, 9)
- Louise Marshall – korvokal (2, 9)
- Andy Newmark – trommer (5, 6, 10)
- Eira Owen – valthorn (3)
- John Parricelli – gitar (8)
- Mica Paris – korvokal (2, 9)
- Guy Pratt – bassgitar (2, 9)
- Mike Rowe – elektrisk piano (9)
- Polly Samson – korvokal (9)
- Yaron Stavi – bassgitar (2); kontrabass (2, 4, 5); korvokal (2)
- Colin Stetson – saksofon (8)
- Richard Wright – sample av stemma hans (4)
- Robert Wyatt – kornett (8)
- Zbigniew Preisner – orkestrering (1, 3, 5, 6, 9, 10)
- Michaël Boumendil – original SNCF-jingle (2)
Barn Jam-personell
- David Gilmour – gitar
- Richard Wright – klaverinstrument
- Guy Pratt – bassgitar
- Steve DiStanislao – trommer
Salslister
[endre | endre wikiteksten]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Canada (Music Canada)[65] | Gull | 40 000^ |
Frankrike (SNEP)[66] | Gull | 50 000* |
Tyskland (BVMI)[67] | Gull | 100 000^ |
Italia (FIMI)[68] | Platina | 50 000* |
Polen(ZPAV)[69] | Gull | 10 000* |
Sveits(IFPI Switzerland)[70] | Gull | 15 000x |
Storbritannia (BPI)[71] | Gull | 100 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rattle That Lock» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juli 2019.
- ↑ mgallucci (16. september 2015). «David Gilmour, 'Rattle That Lock': Album Review». Ultimate Classic Rock.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 «David Gilmour / The Voice and Guitar of Pink Floyd / Official Website». 20. juli 2019. Henta 20. juli 2019.
- ↑ «David Gilmour: Rattle That Lock». AnyDecentMusic?. Henta 20. juli 2019.
- ↑ «RATTLE THAT LOCK by David Gilmour». Metacritic. Henta 20. juli 2019.
- ↑ Jurek, Thom. «David Gilmour: Rattle That Lock». Allmusic. Henta 20. juli 2019.
- ↑ Ingham, Tom (16. september 2015). «David Gilmour Rattle that Lock». Drowned in Sound. Arkivert frå originalen 21. juni 2018. Henta 20. juli 2019.
- ↑ Carnwath, Ally (20. september 2015). «David Gilmour: Rattle That Lock review – weighed down by its own opulence». The Guardian. Henta 20. juli 2019.
- ↑ Beaumont, Mark (4. september 2015). «David Gilmour: Rattle That Lock». Louder Sound. Henta 20. juli 2019.
- ↑ James, Christopher H (28. september 2015). «David Gilmour - Rattle That Lock». The Music. Arkivert frå originalen 6. juli 2022. Henta 20. juli 2019.
- ↑ Easlea, Daryl. «DAVID GILMOUR - RATTLE THAT LOCK». Record Collector. Henta 20. juli 2019.
- ↑ Garrard, Susie (23. september 2015). «ALBUM REVIEW: DAVID GILMOUR – RATTLE THAT LOCK». Renowned for Sound. Henta 20. juli 2019.
- ↑ Fricke, David (22. september 2015). «David Gilmour: Rattle That Lock». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 21. juni 2018. Henta 20. juli 2019.
- ↑ Guerin, Harry (12. oktober 2015). «David Gilmour - Rattle That Lock». RTE. rte.ie. Henta 20. juli 2019.
- ↑ Bromfield, Daniel (20. juli 2019). «David Gilmour: Rattle That Lock». Spectrum Culture. Henta 20. juli 2019.
- ↑ Luke Morgan Britton (8. juni 2015). «NME News Pink Floyd's David Gilmour announces new solo album 'Rattle That Lock' - NME.COM». NME.COM.
- ↑ Mooney, Tom (9. juni 2015). «Wish you were in Carlow as Pink Floyd star David Gilmour debuts new song». Irish Examiner (Cork). Henta 20. juli 2019.
- ↑ 17,0 17,1 Bonner, Michael (September 2015). «Coming Back To Life». Uncut (220): 34–44.
- ↑ 18,0 18,1 «Rattle That Lock» EPK
- ↑ 19,0 19,1 David Gilmour. «David Gilmour - Music - Rattle That Lock - Official Website». David Gilmour. Arkivert frå originalen 29. oktober 2015. Henta 20. juli 2019.
- ↑ «French rail jingle inspires Pink Floyd’s David Gilmour». France 24. 13. juli 2015. Henta 20. juli 2019.
- ↑ «Michaël Boumendil-intervjued by Craig Bailey». «Floydian Slip». 27. juli 2015. Henta 20. juli 2019.
- ↑ 22,0 22,1 Rattle That Lock liner notes. Columbia Records. 2015.
- ↑ «David Gilmour Previews Rattle That Lock». Mojo. 20. juli 2019. Henta 20. juli 2019.
- ↑ David Gilmour - Rattle That Lock (Official Music Video). YouTube. 31. juli 2015.
- ↑ 25,0 25,1 25,2 «David Gilmour - Music - Rattle That Lock - Official Website». davidgilmour.com.
- ↑ «David Gilmour - Rattle That Lock». Discogs.
- ↑ «David Gilmour - The Voice and Guitar of Pink Floyd - Official Website». davidgilmour.com.
- ↑ 28,0 28,1 «Page 3 of David Gilmour on New Solo LP and Why Pink Floyd Are Truly Over - Rolling Stone». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 21. april 2016. Henta 20. juli 2019.
- ↑ «Rattle That Lock (Deluxe)». music.amazon.com.
- ↑ «Rattle That Lock (Deluxe)». spotify.com.
- ↑ «David Gilmour Rattle That Lock CD/BluRay Bundle». davidgilmour.com. Arkivert frå originalen 21. juli 2015.
- ↑ "David Gilmour – Rattle That Lock". Australiancharts.com. Hung Medien. Henta 20. juli 2019.
- ↑ "David Gilmour - Rattle That Lock" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 20. juli 2019.
- ↑ "David Gilmour – Rattle That Lock" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 20. juli 2019.
- ↑ "David Gilmour – Rattle That Lock" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 20. juli 2019.
- ↑ «Ranking ABPD (21/09/2015 a 27/09/2015)». Portal Sucesso. Henta 20. juli 2019.
- ↑ "David Gilmour Album & Song Chart History" Billboard Canadian Albums Chart for David Gilmour. Prometheus Global Media. Henta 20. juli 2019.
- ↑ "Top Stranih [Top Foreign]" (På kroatisk). Top Foreign Albums. Hrvatska Diskografska Udruga. Henta 20. juli 2019.
- ↑ "Top 50 Prodejní". Tsjekkiske album. CNS IFPI. Note: On the chart page, select 201539 on the field besides the word "Zobrazit", and then click over the word to retrieve the correct chart data. Henta 20. juli 2019.
- ↑ "David Gilmour – Rattle That Lock". Danishcharts.com. Hung Medien. Henta 20. juli 2019.
- ↑ "David Gilmour – Rattle That Lock". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 20. juli 2019.
- ↑ "David Gilmour: Rattle That Lock" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta 20. juli 2019.
- ↑ "David Gilmour – Rattle That Lock". Lescharts.com. Hung Medien. Henta 20. juli 2019.
- ↑ "Longplay-Chartverfolgung at Musicline". Musicline.de. Media Control. Henta 20. juli 2019.
- ↑ "Archívum – Slágerlisták – MAHASZ – Magyar Hangfelvétel-kiadók Szövetsége". Mahasz.hu. LightMedia. Henta 20. juli 2019.
- ↑ "GFK Chart-Track". Chart-Track.co.uk. GFK Chart-Track. IRMA. Henta 20. juli 2019.
- ↑ "David Gilmour – Rattle That Lock". Italiancharts.com. Hung Medien. Henta 20. juli 2019.
- ↑ "David Gilmour – Rattle That Lock". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 20. juli 2019.
- ↑ "David Gilmour – Rattle That Lock". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 20. juli 2019.
- ↑ "Oficjalna lista sprzedazy :: OLIS - Official Retail Sales Chart" (på polsk). OLiS. Polish Society of the Phonographic Industry. Henta 20. juli 2019.
- ↑ "David Gilmour – Rattle That Lock". Portuguesecharts.com. Hung Medien. Henta 20. juli 2019.
- ↑ "2015-09-26 Top 40 Skotske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 28. september 2015.
- ↑ "South Korea GAON International Albums Chart". On the page, select "{{{year}}}" and then "2015.09.13~2015.09.19" to obtain the corresponding chart. Korean Charts. GAON. Henta 28. september 2015.
- ↑ "David Gilmour – Rattle That Lock". Spanishcharts.com. Hung Medien. Henta 5. oktober 2015.
- ↑ "David Gilmour – Rattle That Lock". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 20. juli 2019.
- ↑ "David Gilmour – Rattle That Lock". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 20. juli 2019.
- ↑ "2015-09-26 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 20. juli 2019.
- ↑ "David Gilmour Album & Song Chart History" Billboard 200 for David Gilmour. Prometheus Global Media. Henta 20. juli 2019.
- ↑ "David Gilmour Album & Song Chart History" Billboard Top Rock Albums for David Gilmour. Prometheus Global Media. Henta 20. juli 2019.
- ↑ «Ö3 Austria Top 40 - Album Charts 2015».
- ↑ «Classifiche “Top of the Music” 2015 FIMI-GfK: La musica italiana in vetta negli album e nei singoli digitali» (på italiensk). Federazione Industria Musicale Italiana. Arkivert frå originalen 23. oktober 2017. Henta 20. juli 2019.
- ↑ «The Official NZ Music Charts - End of Year Charts 2015».
- ↑ «Schweizer Jahreshitparade 2015».
- ↑ «Top of the Music - FIMI/GfK: Le uniche classifiche annuali complete.» (på italiensk). Federazione Industria Musicale Italiana. Arkivert frå originalen 9. januar 2017. Henta 20. juli 2019.
- ↑ «Canadian album salstrofé – Gilmour – Rattle That Lock». Music Canada. Henta 20. juli 2019.
- ↑ «French album salstrofé – Gilmour – Rattle That Lock» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. Henta 20. juli 2019.
- ↑ «Gold-/Platin-Datenbank (Gilmour; 'Rattle That Lock')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 20. juli 2019.
- ↑ «Italian album salstrofé – Gilmour – Rattle That Lock» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 20. juli 2019. Select Album e Compilation in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Gilmour in the field Artista. Click Avvia la ricerca
- ↑ «Polish album salstrofé – David Gilmour – Rattle That Lock» (på polsk). Polish Producers of Audio and Video (ZPAV). Henta 20. juli 2019.
- ↑ «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (David Gilmour; 'Rattle That Lock')». Hung Medien. Henta 20. juli 2019.
- ↑ «British album salstrofé – David Gilmour – Rattle That Lock». British Phonographic Industry. Enter Rattle That Lock in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Rattle That Lock på Discogs (liste over utgjevingar)