Polen i Junior Eurovision Song Contest
| |||||
---|---|---|---|---|---|
Offisielt | Polen | ||||
|
|||||
Uttakingar | |||||
Nasjonalt | 8 | ||||
Internt | 1 | ||||
Deltaking | |||||
Debutår | 2003 | ||||
Deltakingar | 9 | ||||
Beste resultat | |||||
Finalen | 1 (2018 og 2019) | ||||
Verste resultat | |||||
Finalen | Sist (2003 og 2004) | ||||
Poeng | |||||
Totalt | 1 100 |
Polen debuterte i Junior Eurovision Song Contest i 2003 i København i Danmark med songen «Coś mnie nosi», framført på polsk av Katarzyna Żurawik. Bidraga vart vald gjennom den nasjonale finalen Junior Eurosong. Landet deltok berre i 2003 og 2004. Fyrste gongen kom dei på siste plass med 3 poeng, og andre gongen kom dei på delt sisteplass med Latvia.
I 2016, etter å ha vore vekke frå tevlinga i tolv år, vendte Polen attende til Junior Eurovision Song Contest. Dei valde å gjennomføre ei nasjonal uttaking, og Olivia Wieczorek vart vald til å representere landet, med songen «Nie zapomnij».
Polen har vunnet Junior Eurovision Song Contest to gongar. I 2018, vann Polen tevlinga for fyrste gong med songen «Anyone I Want to Be», framført av Roksana Węgiel.[1] I 2019, vart Polen det fyrste landet i Junior Eurovision Song Contest til å vinne to år på rad og til å vinne på heimebane, då Viki Gabor vann tevlinga med songen «Superhero».
Bidrag i Junior Eurovision Song Contest
[endre | endre wikiteksten]År | Artist | Song | Språk | Plass | Poeng |
---|---|---|---|---|---|
2003 | Katarzyna Żurawik | «Coś mnie nosi» | Polsk | 16 | 3 |
2004 | KWADro | «Łap życie» | Polsk | 17 | 3 |
2016 | Olivia Wieczorek | «Nie zapomnij» | Polsk og engelsk | 11 | 60 |
2017 | Alicja Rega | «Mój dom» | Polsk | 8 | 138 |
2018 | Roksana Węgiel | «Anyone I Want to Be» | Polsk og engelsk | 1 | 215 |
2019 | Wiktoria Gabor | «Superhero» | Polsk og engelsk | 1 | 278 |
2020 | Ala Tracz | «I'll Be Standing» | Polsk og engelsk | 9 | 90 |
2021 | Sara Egwu-James | «Somebody» | Polsk og engelsk | 2 | 218 |
2022 | Laura Bączkiewicz | «To the Moon» | Polsk og engelsk | 10 | 95 |
Røystehistorikk
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Roksana Węgiel, vinnar av Junior Eurovision Song Contest 2018.
-
Viki Gabor, vinnar av Junior Eurovision Song Contest 2019.
Junior Eurovision Song Contest i Polen
[endre | endre wikiteksten]År | Stad | Arena | Programleiarar |
---|---|---|---|
2019 | Gliwice | Arena Gliwice | Ida Nowakowska, Aleksander Sikora og Roksana Węgiel |
2020 | Warszawa | Hovudkvarteret til TVP | Ida Nowakowska-Herndon, Rafał Brzozowski og Małgorzata Tomaszewska |
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Roksana Węgiel wins Junior Eurovision 2018 for Poland!» (på engelsk). Junioreurovision.tv. Henta 25. november 2018.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Polen i Junior Eurovision Song Contest» frå Wikipedia på bokmål, den 21. desember 2018.