Junior Eurovision Song Contest 2017
Junior Eurovision Song Contest 2017 | ||||
---|---|---|---|---|
Shine Bright | ||||
Dato | ||||
Finalen | 26. november 2017[1] | |||
Vertskap | ||||
Stad | Olympiapalasset i Tbilisi, Georgia[2] | |||
Programleiar | Helen Kalandadze Lizi Japaridze[3] | |||
Deltakarar | ||||
Deltakarland | 16[2] | |||
Attende | Portugal | |||
Trekte seg | Bulgaria Israel | |||
Kart | ||||
Vinnar | ||||
Land | Russland | |||
Song | «Krylja» | |||
Artist | Polina Bogusevitsj | |||
Junior Eurovision Song Contest | ||||
|
Junior Eurovision Song Contest 2017 (JESC 2017) var den 15. gongen Junior Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Olympiapalasset i Tbilisi i Georgia.[4][5] Dette var fyrste gongen Georgia arrangerte tevlinga.[4] Finalen vart arrangert 26. november 2017.[1]
Seksten land deltok i årets Junior Eurovision Song Contest. Portugal venda tilbake til tevlinga, etter å ha sist delteke i tevlinga i 2007.[2]
Russland vann tevlinga for andre gong, med songen «Krylja», sungen av Polina Bogusevitsj.[6]
Format
[endre | endre wikiteksten]Visuell design
[endre | endre wikiteksten]Temaet og slagordet for tevlinga, «Shine Bright», vart presentert 12. mai 2017 under ei pressekonferanse under Eurovision Song Contest 2017 i Kiev. Logoen var ei flerfarga, stilisert sol som representerte ein «eksplosjon »av uttrykk; Jon Ola Sand forklarte at temaet reflekterte målet for Junior Eurovision Song Contest, som er å gje unge «ein augeblikk til å skine og ein mogelegheit til å vise deira fulle potensiale som unge artistar».[7]
Programleiarar
[endre | endre wikiteksten]3. oktober 2017 vart Helen Kalandadze og Lizi Japaridze presentert som programleiarar for Junior Eurovision Song Contest 2017. Kalandadze er kjend i Georgia som songar, og har tidlegare delteke i songtevlingar. I 2013, vann ho songkonkurransen Your Face Sound Familiar. Kalandadze har også tevla i Eurovision Song Contest. I 2010, var ho ei av bakgrunnssongarane til den georgiske songaren Sopho Nizharadze, som sang låta «Shine». Lizi Japaridze, også kjend som Lizi Pop, hadde tidligare delteke i Junior Eurovision Song Contest, då ho representerte Georgia i Junior Eurovision Song Contest i Junior Eurovision Song Contest 2014 med låta «Happy Day» og enda på ein 11.-plass. I 2015, las ho opp poenga frå Georgia i Junior Eurovision Song Contest. Japaridze vil vere den fyrste programleiaren som har deltatt i Junior Eurovision Song Contest. Ho ville også vere den yngste programleiaren i Junior Eurovision Song Contest si historie.[3]
Røystgjeving
[endre | endre wikiteksten]9. august 2017 presenterte EBU ei endring i samband med røystgjevinga. Som i dei føregåande åra hadde kvart land ei jurygruppe som var sett saman av profesjonelle innanfor musikkindustrien og barn, og som ville gje 1-8, 10 og 12 poeng til sine ti favorittbidrag. Etter at sjåarane ikkje fikk moglegheiten til å røyste under fjorårets konkurranse, ville sjåarane dette året igjen få moglegheit til å røyste. Sjåarane ville for fyrste gang i tevlinga si historie berre røysta via internett. Frå og med kl. 18:00 24. november til sundag 26. november 2017 kl. 15:59, som vil seie eitt minutt før sendinga starta, hadde alle som ville høve til å røyste på sine favorittar. Under sjølve sendinga ville internettrøystinga starte etter at det siste bidraget var blitt synt fram. Sjårane hadde då 15 minutt på seg til å røyste på sine favorittbidrag igjen. Røystene som vart gjevne under sjølve sendinga, vart då slått saman med røystene som vart gjevne før sendinga. Stemmene vert deretter gjort om til poeng. Talet på poeng vart bestemt ut i frå kor mange prosent av røystene dei hadde motteke. For eksempel: Om eit land mottok 20 % av røystene, ville landet få 20 % av dei tilgjengelege poenga. Røystinga frå sjåarane talde for 50 % av resultatet, mens dei resterande 50 % av resultatet vart bestemt av dei nasjonale juryane.
Deltakande land
[endre | endre wikiteksten]Røystegjeving
[endre | endre wikiteksten]Deltakarland | Poenggjevande land | |||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Totalt | INR | |||||||||||||||||
Kypros | 45 | 40 | 2 | 1 | 2 | |||||||||||||
Polen | 138 | 61 | 1 | 10 | 6 | 4 | 5 | 12 | 7 | 2 | 8 | 3 | 6 | 5 | 1 | 6 | 1 | |
Nederland | 156 | 112 | 5 | 4 | 10 | 6 | 1 | 4 | 4 | 5 | 5 | |||||||
Armenia | 148 | 56 | 12 | 10 | 8 | 8 | 2 | 10 | 10 | 10 | 7 | 10 | 2 | 3 | ||||
Kviterussland | 149 | 69 | 6 | 5 | 2 | 7 | 10 | 1 | 5 | 5 | 5 | 2 | 12 | 8 | 4 | 8 | ||
Portugal | 54 | 45 | 2 | 4 | 3 | |||||||||||||
Irland | 54 | 42 | 3 | 3 | 1 | 1 | 4 | |||||||||||
Makedonia | 69 | 41 | 1 | 3 | 3 | 1 | 1 | 4 | 6 | 5 | 3 | 1 | ||||||
Georgia | 185 | 42 | 3 | 12 | 7 | 12 | 12 | 7 | 10 | 10 | 12 | 12 | 10 | 12 | 8 | 10 | 6 | |
Albania | 67 | 35 | 8 | 7 | 3 | 2 | 4 | 8 | ||||||||||
Ukraina | 147 | 67 | 7 | 6 | 5 | 8 | 5 | 4 | 3 | 6 | 8 | 2 | 4 | 3 | 12 | 7 | ||
Malta | 107 | 81 | 6 | 2 | 1 | 5 | 12 | |||||||||||
Russland | 188 | 66 | 10 | 8 | 8 | 4 | 10 | 12 | 5 | 12 | 12 | 7 | 5 | 8 | 7 | 12 | 2 | |
Serbia | 92 | 44 | 3 | 4 | 2 | 6 | 8 | 3 | 4 | 7 | 2 | 2 | 7 | |||||
Australia | 172 | 79 | 2 | 7 | 12 | 5 | 7 | 6 | 8 | 4 | 7 | 1 | 8 | 3 | 7 | 6 | 10 | |
Italia | 86 | 49 | 4 | 1 | 3 | 6 | 6 | 1 | 6 | 10 |
- INR: Poeng frå røystegjevinga på internett.
12 poeng frå dei nasjonale juryane
[endre | endre wikiteksten]Antall | Land som fekk 12 poeng | Land som gav 12 poeng |
---|---|---|
6 | Georgia | Albania, Armenia, Kviterussland, Polen, Russland, Ukraina |
4 | Russland | Australia, Georgia, Makedonia, Portugal |
1 | Armenia | Kypros |
Australia | Nederland | |
Kviterussland | Malta | |
Malta | Italia | |
Polen | Irland | |
Ukraina | Serbia |
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Junior Eurovision 2017 to take place on 26th November!» (på engelsk). Junioreurovision.tv. Henta 16. mars 2017.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 «16 countries to dazzle on stage in Tbilisi in 2017!» (på engelsk). Junioreurovision.tv. Henta 9. august 2017.
- ↑ 3,0 3,1 «Meet the hosts of Junior Eurovision 2017!». Junioreurovision.tv. Henta 3. oktober 2017.
- ↑ 4,0 4,1 «Georgia to host the 2017 Junior Eurovision Song Contest» (på engelsk). Eurovoix.com. Henta 1. februar 2017.
- ↑ «Tbilisi To Host Junior Eurovision Song Contest 2017» (på engelsk). Eurovoix.com. Henta 26. februar 2017.
- ↑ «Polina Bogusevich wins Junior Eurovision 2017 for Russia!» (på engelsk). Junioreurovision.tv. Henta 26. november 2017.
- ↑ «Georgia is Shining Bright As Preparations Begin For Junior Eurovision 2017». Junioreurovision.tv. Henta 12. mai 2017.