Pedra da Gávea
Pedra da Gávea | |||
fjell | |||
Pedra da Gávea.
| |||
Land | Brasil | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Tijuca | ||
Topp | Tijucaskogen, Barra da Tijuca, Rio de Janeiro | ||
• høgd | 844 moh. | ||
- koordinatar | 22°59′47″S 43°16′55″W / 22.996521°S 43.281927°W | ||
Pedra da Gávea 22°59′53″S 43°17′04″W / 22.998055555556°S 43.284444444444°W | |||
Kart som viser Pedra da Gávea.
| |||
Wikimedia Commons: Pedra da Gávea |
Pedra da Gávea er eit fjell i Tijucaskogen i Rio de Janeiro i Brasil. Det består av granitt og gneis og har ei høgd på 844 meter over havet, noko som gjer det til eit av dei høgaste fjella i verda som endar brått i havet.[1] Stiar på fjellet vart opna av lokale bønder tidleg på 1800-talet. I dag er området ein del av Tijuca nasjonalpark.[2]
Namnet på fjellet tyder ‘Toppseglberget’ og vart gjeve under ekspedisjonen til kaptein Gaspar de Lemos, som byrja i 1501. Samstundes fekk Guanabarabukta namnet Rio de Janeiro-bukta, som byen sidan fekk namn etter. Fjellet, som vart det første i Brasil som fekk namn på portugisisk, vart namngjeven av sjømennene på ekspedisjonen, som samanlikna silhuetten av fjellet med toppseglet på ein karakk då dei såg fjellet 1. januar 1502. Namnet vart igjen gjeve til Gávea-området i byen Rio de Janeiro.[3]
Ulik forvitring på den eine sida av fjellet har skapt det som er skildra som eit menneskeandlet. Merke på ei anna side av fjellet har vorte skildra som ein inskripsjon. Somme forskarar, inkludert den brasilianske arkeologen Bernardo de Azevedo da Silva Ramos, har hevda at inskripsjonen er av fønikisk opphav og eit mogeleg bevis på førcolumbisk kontakt frå antikken. Alternative teoriar er at det låg ein vikingkoloni ved fjellet eller at han er knytt til UFO-aktivitet. Geologar og forskarar er stort sett samde om at «inskripsjonen» er eit resultat av erosjon og at «andletet» er eit tilfelle av pareidoli. Det er ikkje funne besvis som støtta opp om ideen om at Pedra da Gávea vart oppdaga eller hamdsama av fønikiarar eller andre sivilisasjonar. Konsensus blant arkeologar og forskarar i Brasil er i tillegg at fjellet ikkje vert rekna som ein arkeologisk stad.
Geologi og økologi
[endre | endre wikiteksten]Fjellet ligg i Tijucafjella,[4] og har ei høgd på 844 meter over havet, forma som ein granittdom.[2] Den flate toppen på fjellet er dekt av eit 150 meter høgt granittlag, med gneis under.[5][6] Gneislaget har ein alder på kring 600 millionar år. Strukturen vart danna då granitoidar trengde inn i metasedimentære bergartar.[4]
Fjellet er dekt av sitron-, appelsin-, brødfrukt-, banan- og papayatre, i tillegg til liljer og roser.[7]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Pedra da Gávea» frå Wikipedia på engelsk, den 14. januar 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Fanthorpe, Lionel; Patricia Fanthorpe (2004). Unsolved Mysteries of the Sea. Dundurn Press. ISBN 978-1-55488-036-2.
- Glover, Mark, red. (1977). The Mormon Church in Latin America: A Periodical Index (1830–1976). Harold B. Lee Library.
- Herrmann, Paul (1954). Conquest by Man. Translated by Michael Bullock. Hamish Hamilton. ISBN 978-1-199-05438-8.
- Josephus, Flavius (1810). The Genuine Works of Flavius Josephus. Translated by William Whiston. Columbia University. ISBN 978-1-163-63753-1.
- Marx, Robert (2004). Treasure Lost at Sea: Diving to the World's Great Shipwrecks. Firefly Books. ISBN 978-1-55297-872-6.
- Migoń, Piotr, red. (2010). Geomorphological Landscapes of the World. Springer Publishing. ISBN 9789048130559.
- Ramos, Bernardo de Azevedo da Silva (1930). «Chapter XIV». Tradiçoes da America Pré-Histórica, Especialmente do Brasil Vol. I (på portugisisk). Imprensa Nacional.
- Turin, Rodrigo (2005). «A 'Obscura História' Indígena. O discurso Etnográfico no IHGB (1840–1870)». Estudos Sobre a Escrita da História: Anais do Encontro de Historiografia e História Política (på portugisisk). 7Letras. ISBN 9788575773505.
- Twidale, C. R. (1982). Granite Landforms. Elsevier. ISBN 978-0-444-59764-9.
- Waggoner, John (2008). Brazil Travel Adventures. Hunter Publishing. ISBN 978-1-58843-676-4.
- ↑ de Menezes Medina, Antonio Ivo; Shinzato, Edgar. «Pedra da Gávea» (på portugisisk). Geological Survey of Brazil (Companhia de Pesquisa de Recursos Minerais). Henta 14. januar 2014.
- ↑ 2,0 2,1 «Pedra da Gávea». SummitPost.org. Henta 14. januar 2014.
- ↑ «Pedra da Gávea e a mística Cabeça do Imperador». Montanhas do Rio (på portugisisk). montanhasdorio.com.br. 2004. Arkivert frå originalen 15. januar 2014. Henta 14. januar 2014.
- ↑ 4,0 4,1 Jones, Fred (1973). «Landslides of Rio de Janeiro and the Serra das Araras Escarpment, Brazil». Geological Survey Professional Paper (University of California). 697–699: 11. Henta the.
- ↑ Migoń (2010), s. 93.
- ↑ Twidale (1982), s. 74.
- ↑ Clark, T. Cooper (1922). «The XXth International Congress of Americanists». The Pan-American Magazine and New World Review (Indiana University) 36: 286–287. Henta 14. januar 2014.