Hopp til innhald

Patna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Patna
Hindi पटना
Patnas hovedgate, ca. 1814–1815
Land  India
Distrikt Patna
Areal 3 202 km²
Folketal 1 697 976
Kart
Patna
25°36′36″N 85°08′29″E / 25.61°N 85.141388888889°E / 25.61; 85.141388888889
Wikimedia Commons: Patna

Patna er delstatshovudstad og største by i Bihar i India. Han har 1,68 millionar innbyggjarar (estimert 2011),[1] og er med dette den 19. største byen i India. Han er den andre største byen i Aust-India, etter Kolkata, som han ligg 47 mil vest for. Med over 2 millionar innbyggjarar i storbyområdet sitt er Patna den 18. største byen i India.

Patna ligg ved elva Ganges og er ein viktig handelsby. Det finst også ein del tekstil- og metallindustri her.

Tidlegare var Patna kjend som Pataliputra, og var frå ca. 400-600 hovudstad i storriket Magadha. Under mogultida var han kjend som Azimabad.

  1. «Provisional Population Totals, Census of India 2011; Urban Agglomerations/Cities having population 1 lac and above» (PDF). Office of the Registrar General & Census Commissioner, India. Henta 26 March 2012.