Hopp til innhald

Onegasjøen

Koordinatar: 61°30′N 35°45′E / 61.500°N 35.750°E / 61.500; 35.750
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Onjezjskoje ozero)
Onega
innsjø
Land  Russland
Tilsig 58 elvar (Sjuja, Suna, Vodla, Vytegra, Andoma)
Utløp Svir
Høgd over havet 33 moh.
Areal 9 894 km²
Volum 280 km³
Koordinatar 61°30′N 35°45′E / 61.500°N 35.750°E / 61.500; 35.750
Øyar 1369 (Kizji)
Byar Kondopoga, Medvezjiegorsk, Petrozavodsk, Pindusji, Povenets
Kart
Onegasjøen
61°41′26″N 35°39′20″E / 61.690555555556°N 35.655555555556°E / 61.690555555556; 35.655555555556
Kart som viser Onegasjøen.
Kart som viser Onegasjøen.
Kart som viser Onegasjøen.
Wikimedia Commons: Lake Onega

Onegasjøen (russisk Онежское озеро, Onezjskoje ozero; finsk Ääninen eller Äänisjärvi) er ein innsjø i Russland. Han har eit areal på 9894 km² og eit volum på 280 km³. På det djupaste er innsjøen 120 meter. Han har 1369 øyar med eit totalt areal på 250 km². 58 elvar renn ut i innsjøen og dei største av desse er Sjuja, Suna, Vodla, Vytegra og Andoma. Innsjøen er den nest største i Europa og ut frå areal den 18. største innsjøen i verda.

Petrozavodsk, hovudstaden i republikken Karelia, ligg på vestsida av Onega. Republikken ligg omkring Onega i vest, nord og aust. I sør grensar han til Leningrad oblast og Vologda oblast.

UNESCO sin verdsarvstad, Kizji Pogost, ligg på ei av øyane i Kizji nord i innsjøen. Her står to kyrkjer frå 1700-talet og er høgdepunktet i eit friluftsmuseum for nordrussisk trearkitektur.

Elva Svir, som markerer den sørlege grensa for Karelia, renn ut frå innsjøen i sørvest til Ladoga og held fram gjennom Neva til Finskebukta.

Det er populært å segle på innsjøen. Det er ein segleklubb i Petrozavodsk.