Hopp til innhald

Nobelprisen i kjemi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nobelprisen i kjemi er ein av dei fem opphavlege nobelprisane. Det kongelege svenske vitskapsakademiet vedtek kven som har vunne prisen kvart år i byrjinga av oktober.

Prisvinnarar

[endre | endre wikiteksten]
År Namn Land Grunngjeving
1901 Jacobus Henricus van 't Hoff  Nederland For oppdaginga av lovane om kjemisk dynamikk og osmotisk trykk i løysingar.
1902 Hermann Emil Fischer  Keisarriket Tyskland Arbeid med sukker- og purinsyntesane.
1903 Svante August Arrhenius  Sverige for den elektrolytiske teorien hans (sjå ion).
1904 Sir William Ramsay  Storbritannia Oppdaga edelgassar.
1905 Adolf von Baeyer  Keisarriket Tyskland «for bidraget til framsteg innan organisk kjemi og kjemisk industri.»
1906 Henri Moissan  Frankrike «for isoleringa av grunnstoffet fluor
1907 Eduard Buchner  Keisarriket Tyskland «for den biokjemiske forskinga og oppdaginga av celle-fri fermentering
1908 Sir Ernest Rutherford  Storbritannia og  New Zealand «for undersøkingane av disintegrasjon av element og kjemien til radioaktive partiklar.»
1909 Wilhelm Ostwald  Keisarriket Tyskland «for arbeidet om katalyse og for undersøkingane hans innan kjemiske ekvilibrie og farten til kjemiske reaksjonar.»
1910 Otto Wallach  Keisarriket Tyskland «for merittar i utviklinga til organisk kjemi og kjemisk industri ved det banebrytande arbeidet om alicycliske sambindingar.»
1911 Marie Sklodowska Curie  Frankrike «for oppdaginga av radium og polonium, og studien av radium.»
1912 Victor Grignard  Frankrike «for oppdaginga av Grignards reaksjon.»
Paul Sabatier  Frankrike For metoden for hydrogenering av organiske sambindingar.
1913 Alfred Werner  Sveits «for arbeidet om koplinga av atom i molekyl
1914 Theodore William Richards  USA «for bestemminga av atomvekta for eit stort tal element.»
1915 Richard Martin Willstätter  Keisarriket Tyskland «for forskinga om pigmenta i planter
1918 Fritz Haber  Keisarriket Tyskland «for den syntetiske framstillinga av ammoniakk
1920 Walther Hermann Nernst  Keisarriket Tyskland «for arbeidet i termokjemi
1921 Frederick Soddy  Storbritannia «for arbeidet om kjemien til radioaktive substansar og undersøkingar av isotopar
1922 Francis William Aston  Storbritannia «for oppdaginga av isotopar i eit stort tal ikkje-radioaktive element og for formuleringa av heiltalsregelen.»
1923 Fritz Pregl  Austerrike «for oppfinninga av metoden for mikroanalyse av organiske stoff.»
1925 Richard Adolf Zsigmondy  Keisarriket Tyskland «for oppdaginga av den heterogene naturen til kolloidale løysingar.»
1926 Theodor Svedberg  Sverige «for arbeidet med disperse system ved hjelp av analytiske ultrasentrifuge.»
1927 Heinrich Otto Wieland  Keisarriket Tyskland «for undersøkingane av gallesyrer og skylde substansar.»
1928 Adolf Otto Reinhold Windaus  Keisarriket Tyskland «for forskinga på steolar og oppdaginga av tidlegare ukjende vitamin
1929 Arthur Harden
Hans Karl August Simon von Euler-Chelpin
 Storbritannia
 Keisarriket Tyskland
«for undersøkingane på gjæring av sukker og gjærande enzym
1930 Hans Fischer  Keisarriket Tyskland «for forskinga rundt haemin og klorofyll
1931 Carl Bosch
Friedrich Bergius
 Keisarriket Tyskland
 Keisarriket Tyskland
«for bidraga til kjemiske høgtrykksmetodar.»
1932 Irving Langmuir  USA «for arbeidet innan overflatekjemi.»
1934 Harold Clayton Urey  USA «for oppdaginga av tungt hydrogen
1935 Frédéric Joliot
Irène Joliot-Curie
 Frankrike
 Frankrike
«for framstillinga av tidlegare ukjende radioaktive stoff.»
1936 Petrus (Peter) Josephus Wilhelmus Debye  Nederland «for arbeidet innan molekylær struktur ved undersøkingar av dipolmoment og røntgen- og elektrondiffraksjon i gassar
1937 Walter Norman Haworth  Storbritannia «for arbeidet innan karbohydratar og vitamin C
Paul Karrer  Sveits «for arbeidet innan karotenoid, flavin og vitamina A og B2
1938 Richard Kuhn  Tyskland «for arbeidet innan karotenoid og vitamin
1939 Adolf Friedrich Johann Butenandt  Tyskland «for arbeidet innan kjønnshormon
Lavoslav (Leopold) Ružička  Sveits «for arbeidet i polymetylen og høgare terpen
1943 George de Hevesy  Ungarn Ungarn «for arbeidet om bruk av isotopar som sporstoff til studie av kjemiske prosessar.»
1944 Otto Hahn  Tyskland «for oppdaginga av moglegheita til å splitta (fisjonera) elektronkjernar.»
1945 Artturi Ilmari Virtanen  Finland «for forskinga og oppfinningane innan jordbruks- og næringskjemi, særleg for fôrbevaringsmetoden hans.»
1946 James Batcheller Sumner  USA «for oppdaginga om at enzym kan krystalliserast.»
John Howard Northrop
Wendell Meredith Stanley
 USA
 USA
«for preparasjonen av enzym og virusprotein i ei rein form.»
1947 Robert Robertson  Storbritannia «for forskinga på planteprodukt av biologisk verdi, særleg alkaloidane
1948 Arne Wilhelm Kaurin Tiselius  Sverige «for forskinga innan elektroforese and adsorpsjonsanalyse, særleg for oppdagingane hans rundt den komplekse naturen til serumprotein.»[48]
1949 William Francis Giauque  USA «for bidraget i feltet kjemisk termodynamikk, særleg når det gjeld korleis stoff oppfører seg på ekstremt låge temperaturar.»
1950 Otto Paul Hermann Diels
Kurt Alder
 Tyskland
 Tyskland
«for oppdaginga og utviklinga av diensyntese.»[50]
1951 Edwin Mattison McMillan
Glenn Theodore Seaborg
 USA
 USA
«for oppdagingane innan kjemien til transurane grunnstoff
1952 Archer John Porter Martin
Richard Laurence Millington Synge
 Storbritannia
 Storbritannia
«for oppfinninga av fordelingskromatografi.»
1953 Hermann Staudinger  Tyskland «for oppdagingane innan makromolekylær kjemi.»
1954 Linus Carl Pauling  USA «for forskinga på kjemiske sambindingar.»
1955 Vincent du Vigneaud  USA «for arbeidet med biokjemisk viktige svovelsambindingar, spesielt den fyrste syntesen av eit polypeptidhormon.»
1956 Sir Cyril Norman Hinshelwood
Nikolay Nikolaevich Semenov (Никола́й Никола́евич Семёнов)
 Storbritannia
 Sovjetunionen
«for studien av mekanismar for kjemiske reaksjonar.»
1957 Sir Alexander Todd  Storbritannia «for studien av nukleotidar og nukleotidkoenzym.»
1958 Frederick Sanger  Storbritannia «for arbeidet med strukturen til protein, særleg proteinet insulin.»[58]
1959 Jaroslav Heyrovský  Tsjekkoslovakia «for oppdaginga og utviklinga av polarografiske analysemetodar.»
1960 Willard Frank Libby  USA «for metoden med å nytta karbon-14 til aldersbestemming innan arkeologi, geologi, geofysikk, og andre vitskapsgreiner.»
1961 Melvin Calvin  USA «for forskinga på assimilering av karbondioksid i planter.»
1962 Max Ferdinand Perutz
John Cowdery Kendrew
 Storbritannia /  Austerrike
 Storbritannia
«for studien av strukturen til globulære protein.»
1963 Karl Ziegler
Giulio Natta
 Tyskland
 Italia
«for oppdagingane innan feltet kjemi og teknologi i høgpolymerar.»
1964 Dorothy Crowfoot Hodgkin  Storbritannia «for påvisingane ved bruk av røntgenstrålar av strukturen til viktige biokjemiske stoff.»
1965 Robert Burns Woodward  USA «for dei framifrå resultata innan kunsten organsyntese.»
1966 Robert Sanderson Mulliken  USA «for det grunnleggjande arbeidet innan kjemiske sambindingar og den elektroniske strukturen til molekyl ved hjelp av den molekylære orbitale metoden.»
1967 Manfred Eigen
Ronald George Wreyford Norrish
George Porter
 Tyskland
 Storbritannia
 Storbritannia
«for studien av ekstremt raske kjemiske reaksjonar, påvist ved å forstyrra likevekta ved hjelp av svært korte energipulsar.»
1968 Lars Onsager  Noreg «for forsking på tilhøve i irreversible termodynamiske reaksjonar.»
1969 Derek Harold Richard Barton
Odd Hassel
 Storbritannia
 Noreg
«for arbeidet innan strukturen og konformasjonen til organiske molekyl.»
1970 Luis F. Leloir  Argentina «for arbeidet innan biosyntesen til karbohydrata, noko som har revolusjonert oppfatninga av store område av biokjemien til stoffomsetninga.»
1971 Gerhard Herzberg  Canada «for bidraget til kunnskapen om den elektroniske strukturen og geometrien til molekyl, særleg frie radikal.»
1972 Christian B. Anfinsen  USA «for arbeidet innan ribonuklease, særleg koplinga mellom aminosyresekvensen og den biologisk aktive konformasjonen.»
Stanford Moore
William H. Stein
 USA
 USA
«for å ha påvist samanhengen mellom den kjemiske strukturen og den katalytiske aktiviteten hjå det aktive senteret i ribonukleasmolekylet.»
1973 Ernst Otto Fischer
Geoffrey Wilkinson
 Tyskland
 Storbritannia
«for pionérarbeidet, gjort uavhengig av kvarandre, på kjemien til dei organometalliske, såkalla sandwichsamansetjingane.»
1974 Paul J. Flory  USA «for det fundamentale arbeidet, både teoretisk og eksperimentielt, omkring makromolekyl.»
1975 John Warcup Cornforth  Storbritannia /  Australia «for arbeidet innan stereokjemien til enzym-katalyserte reaksjonar.»
Vladimir Prelog  Sveits «for forskinga innan stereokjemi av organiske molekyl og reaksjonar.»
1976 William Nunn Lipscomb, Jr.  USA «for studien av strukturen hjå boranar
1977 Ilya Prigogine  Belgia «for bidraget til non-ekvilibrium termodynamikk
1978 Peter D. Mitchell  Storbritannia «for formuleringa av teorien om kjemiosmose.»
1979 Herbert C. Brown
Georg Wittig
 Storbritannia
 Tyskland
«for utviklinga av boron- og fosforhaldige sambindingar til reagens i organisk syntese.»
1980 Paul Berg  USA «for forskinga på biokjemien til nykleinsyrene, særleg med auge på rekombinant-DNA.»
Walter Gilbert
Frederick Sanger
 USA
 Storbritannia
«for forskinga på DNA og RNA
1981 Kenichi Fukui (福井謙一)
Roald Hoffmann
 Japan
 USA
«for teoriane om forløpet til kjemiske reaksjonar.»
1982 Aaron Klug  Storbritannia «for utviklinga av krystallografisk elektronmikroskopi og oppdaginga av strukturen hjå biologisk viktige nukleinsyre-proteinkompleks.»
1983 Henry Taube  USA «for arbeidet over mekanismane for elektronoverføringsreaksjonar.»
1984 Robert Bruce Merrifield  USA «for utviklinga av metode for kjemisk syntese på fast matrise.»
1985 Herbert A. Hauptman
Jerome Karle
 USA
 USA
«for den avgjerande innsatsen ved utviklinga av direkte metodar for krystallstrukturbestemming.»
1986 Dudley R. Herschbach
Yuan T. Lee (李遠哲)
John C. Polanyi
 USA
 USA
 Canada
«for innsatsen omkring dynamikken hjå kjemiske elementærprosessar.»
1987 Donald J. Cram
Jean-Marie Lehn
Charles J. Pedersen
 USA
 Frankrike
 USA
«for utviklinga og bruk av molekyl med strukturspesifikk interaksjon av høg selektivitet.»
1988 Johann Deisenhofer
Robert Huber
Hartmut Michel
 Tyskland
 Tyskland
 Tyskland
«for bestemming av den tredimensjonale strukturen hjå eit fotosyntetisk reaksjonssentrum.»
1989 Sidney Altman
Thomas R. Cech
 Canada / USA
 USA
«for oppdaginga av katalytiske eigenskapar hjå RNA.»
1990 Elias James Corey  USA «for utviklinga av teorien og metodikken til den organiske syntesen.»
1991 Richard R. Ernst  Sveits «for bidraget til metodeutviklinga innan høgoppløyseleg kjernemagnetisk resonansspektroskopi (NMR-spektroskopi).»
1992 Rudolph A. Marcus  USA «for bidraget til teorien for elektronoverføringsreaksjonar i kjemiske system.»
1993 Kary B. Mullis
Michael Smith
 USA
 Canada
«for innsatsar for metodeutviklinga innan DNA-basert kjemi» og meir spesifikt «for oppdaginga av PCR-metoden (Polymerase Chain Reaction).»
1994 György A. Oláh  Ungarn «for bidraget til karbokasjonskjemi.»
1995 Paul J. Crutzen
Mario J. Molina
F. Sherwood Rowland
 Nederland
 USA
 USA
«for å ha påvist samanhengen mellom KFK-gass og nedbrytinga av ozonlaget
1996 Robert Curl
Sir Harold Kroto
Richard Smalley
 USA
 Storbritannia
 USA
«for oppdaginga av nye allotropiske former av grunnstoffet karbon
1997 Paul D. Boyer
John E. Walker
 USA
 Storbritannia
«for oppdaginga av den enzymatiske mekanismen for syntese av adenosintrifosfat (ADP).»
Jens C. Skou  Danmark «for oppdaginga av enzymet Na+-K+-ATPase.»
1998 Walter Kohn  USA «for utviklinga av tettleiksfunksjonalteorien.»
John A. Pople  Storbritannia «for utviklinga av kvantemisk utrekningsmetodikk.»
1999 Ahmed H. Zewail  Egypt /  USA «for studiane av overgangstilstanden til kjemiske reaksjonar med femtosekundspektroskopi.»
2000 Alan J. Heeger
Alan G MacDiarmid
Hideki Shirakawa (白川英樹)
 USA
 USA /  New Zealand
 Japan
«for oppdaginga av leiande polymerar.»
2001 William S. Knowles
Ryoji Noyori (野依良治)
 USA
 Japan
«for arbeidet innan kiralt katalyserte hydrogeneringsreaksjonar.»
K. Barry Sharpless  USA «for arbeidet innan kiralt katalyserte hydrogeneringsreaksjonar.»
2002 Kurt Wüthrich
John B. Fenn
Koichi Tanaka (田中耕一)
 Sveits
 USA
 Japan
«for utvikling av metodar for identifisering og strukturanalyse av biologiske makromolekyl» og «for utvikling av kjernemagnetisk resonansspektroskopi for bestemming av den tredimensjonale strukturen til biologiske makromolekyl i løysing.»
2003 Peter Agre
Roderick MacKinnon
 USA
 USA
«for oppdaginga av akvaporinane i raude blodlekamar
2004 Aaron Ciechanover
Avram Hershko
Irwin Rose
 Israel
 Israel
 USA
«for forsking på protein i celler.»
2005 Robert Grubbs
Richard Schrock
Yves Chauvin
 USA
 USA
 Frankrike
«for utvikling av metatesmetoden innan organisk syntese.»
2006 Roger D. Kornberg  USA «for studiane av den molekylære basisen til eukaryotisk transkripsjon.»
2007 Gerhard Ertl  Tyskland «for studiane av kjemiske prosessar på faste overflater.»
2008 Osamu Shimomura
Martin Chalfie
Roger Y. Tsien
 USA
 USA
 USA
«for oppdaginga og utviklinga av det grøne fluoriserande proteinet GFP
2009 Venkatraman Ramakrishnan
Thomas A. Steitz
Ada E. Yonath
 India/ USA
 USA
 Israel
«for studie av strukturen og funksjonen til ribosom[1]
2010 Richard Heck
Ei-ichi Negishi
Akira Suzuki
 USA
 Japan/ USA
 Japan
«for Palladium-katalyserte krysskoplingar i organiske system.»[2]
2011 Daniel Shechtman  Israel «for å ha oppdaga kvasikrystallar[3]
2012 Robert J. Lefkowitz
Brian K. Kobilka
 USA
 USA
«for studiar av G-protein-kopla reseptorar»[4]
2013 Martin Karplus
Michael Levitt
Arieh Warshel
 USA /  Austerrike
 USA
 USA /  Israel
«for utviklinga av multiskala-modellar for komplekse kjemiske system»[5]
2014 Eric Betzig USA For utviklinga av superoppløyst mikroskopi»[6]
Stefan W. Hell Tyskland
William E. Moerner USA
2015 Tomas Lindahl Sverige For mekanistiske studiar av DNA-reparasjon.[7]
Paul L. Modrich USA
Aziz Sancar Tyrkia
USA

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]