1974
Utsjånad
1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
1974 (romartal MCMLXXIV) var eit normalår som byrja på ein tysdag i den gregorianske kalenderen.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- september: Keisar Haile Selassie av Etiopia blei avsett av hæren.
- 25. april: Eit statskupp i Portugal styrta António de Oliveira Salazar og førte til demokrati i landet.
- Portugisisk Guinea blei internasjonalt respektert som den uavhengige staten Guinea-Bissau.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- 2. januar: Boreriggen Transocean 3 sokk i Nordsjøen.
- 7. januar: Oljekrisa. Regjeringa vedtok bensinrasjonering for alle motokøyretøy frå 25. januar til 8. mars.
- 30. januar: Oljekrisa: Bensinrasjoneringa blei utsett «inntil vidare».
- 1. februar: Lillehammersaka. Fem israelske agentar blei dømde til fengsel for drapet på Ahmed Bouchiki.
- 8. februar: Den britiske fabrikktrålaren «Gaul» og dei 36 om bord forsvann i ein storm på Nordkappbanken. Forsvinninga var eit stort mysterium til vraket blei funne på 300 meters djupne i 1997.
- 20. april: Sosialistisk Valgforbund gjekk inn for å bli eitt parti, Sosialistisk Venstreparti, og for å leggja ned organisasjonane og partia som var med i forbundet i løpet av 1975.
- 25. april: Stiftinga av Fremtiden i våre hender.
- 7. juni: Ny odelslov som likestilde begge kjønn blei vedteken.
- 25. oktober: Stortinget vedtok Lov om forbud mot tobakksreklame.
- 31. oktober: Stortinget forkasta eit lovforslag om sjølvbestemt abort.
- 4. desember: Isbjørn blei totalfreda.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde i 1974.
- 12. januar: Tor Arne Hetland, norsk langrennsløpar
- 27. januar: Ole Einar Bjørndalen, norsk skiskyttar
- 28. januar: Kari Traa, norsk fristilalpinist
- 13. februar: Robbie Williams, engelsk songar
- 8. april: Lasse Ottesen, norsk skihoppar
- 8. juni: Pål Arne Fagernes, norsk friidrettsutøvar
- 7. juli: Liv Grete Skjelbreid Poirée, norsk skiskyttar
- 31. juli: Emilia Fox, britisk filmskodespelar
- 11. oktober: Terje Håkonsen, norsk snøbrettkøyrar
- 4. november: Robbie Winters, skotsk fotballspelar
- 9. november: Sven Hannawald, tysk skihoppar
- 18. november: Petter Solberg, norsk rallykøyrar
- 9. desember: Daniel Franck, norsk snøbrettkøyrar
- 24. desember: Paal Nilssen-Love, norsk jazzbatterist
- 29. desember: Andrine Flemmen, norsk slalåmkøyrar
Døde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Døde i 1974.
- 20. februar: David Monrad Johansen, norsk toneskapar
- 3. april: Cora Sandel, norsk forfattar
- 26. mai: Ragnar Kalheim, norsk fagforeiningsleiar og politikar
- 29. mai: Duke Ellington, USA-amerikansk jazzmusikar
- 9. juni: Miguel Ángel Asturias, guatemelansk forfattar
- 18. juni: Georgij Zjukov, sovjetisk krigførar
- 22. juni: Darius Milhaud, fransk toneskapar
- 4. juli: Francis Bull, norsk litteraturhistorikar
- 1. juli: Juan Peron, statsleiar i Argentina
- 12. juli: Sonja Ludvigsen, norsk politikar
- 29. juli: Erich Kästner, tysk forfattar
- 18. oktober: Anders Lange, tufta Anders Langes Parti, som seinare endra namn til Framstegspartiet.
- 25. november: Nick Drake, engelsk musikar
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>