Il re pastore
K. 208 Opera av Wolfgang Amadeus Mozart | |||
| |||
Sjanger | Opera | ||
---|---|---|---|
Periode | Wienerklassisismen | ||
Komponert | 1775 | ||
Urframføring | 23. april 1775 | ||
Typisk lengd | 110:09 | ||
Satsar/akter | 14 (2 akter) | ||
Libretto av | Metastasio |
Il re pastore (Gjetarkongen) er ein opera, K. 208, skriven av Wolfgang Amadeus Mozart til ein italiensk libretto av Metastasio, redigert av Gianbattista Varesco. Det er ein opera seria. Operaen vart først framført den 23. april 1775 i Salzburg, på slottet til erkebiskop grev Hieronymus von Colloredo.
I 1775 vart operaen bestilt for eit besøk av erkehertug Maximilian Franz av Austerrike, den yngste sonen til keisarinna Maria Teresia til Salzburg. Mozart brukte seks verker på operaen. Han bestod av to akter og varte omkring 110 minutt.
Metastasio skreiv librettoen i 1751, basert på eit verk av Torquato Tasso kalla Aminta. Librettoen vart plukka opp då Mozart (berre 19 år på den tida) og faren såg ei framsyning med musikk av Felice Giardini – Mozart-versjonen har to akter i staden for Giardini sine tre, og det var fleire store endringar.
Verket vert ofte ikkje kalla ein opera, men ein serenata, ein slags dramatisk kantate.
Roller
[endre | endre wikiteksten]Rolle | Stemme | Premierebesetning, 23. april 1775 (Dirigent: Wolfgang Amadeus Mozart ) |
---|---|---|
Aminta, ein gjetar, rettmessig arving til Sidon | sopran (kastrat) | Tommaso Consoli[1] |
Elisa, Fønikisk gjetarinne | sopran | Marie Anna Fesemayr |
Tamiri, dotter til ein avsett tyrann, Stratone | sopran | Marie Magdalena Lipp[R 1]/Marie Anna Braunhofer[R 2] |
Agenore, Sidonisk aristokrat | tenor | Felix Hofstätter |
Alessandro, Konge av Makedonia | tenor | Franz Anton Spitzeder |
- ↑ Marie Magdalena Lipp var gift med Michael Haydn. Ho hadde også skapt rolla Barmherzigkeit i Mozart sitt fyrste syngespel, Die Schuldigkeit des ersten Gebots, der ektemannen hennar hadde komponert den andre delen som no er tapt.
- ↑ I nokre kjelder.
Ariar
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Il re pastore» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mars 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Amadeus Almanac (23 april 1775)
- ↑ «Role Creators in the Mozart Operas». OperaGlass. Stanford University. Henta 10 oktober 2008.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Il re pastore: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Il rè pastore, introduction and synopsis at The Mozart Project Arkivert 2006-11-10 ved Wayback Machine.
- Complete recording Arkivert 2008-12-23 ved Wayback Machine. at Mozart Archiv Arkivert 2008-12-08 ved Wayback Machine.
- "L'amerò, sarò costante" Arkivert 2007-11-10 ved Wayback Machine. at Mozart Archiv
- "L'amerò, sarò costante" på YouTube, audio recording by Lucia Popp
- "Il Re pastore": Libretto[daud lenkje]