Montserrat i Spania
Montserrat i Spania | |||
fjell | |||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Montserrat i Spania 41°36′19″N 1°48′33″E / 41.605277777778°N 1.8091666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Muntanya de Montserrat |
Montserrat er eit fjell nær Barcelona i Catalonia i Spania. Her ligg eit benediktinarkloster med heilagdomen Jomfru av Montserrat.
Montserrat tyder bokstavleg «spisst fjell» på katalansk. Det skildrar ein steinformasjon som er godt synleg frå avstand. Fjellet består av eit lillafarga konglomerat av sedimentære bergartar og er populært hos fjellklatrarar.
Den karibiske øya Montserrat er kalla opp etter dette fjellet.
Det går veg, kabelbane og tannhjulbane opp til klosteret. Frå klosteret går det to kabelbaner opp i høgda. Den eine, Funicular de Sant Joan, går opp til meir enn tusen meters høgd, der det går ein stig til Sant Jeroni, som er det høgste punktet på Montserrat (1 236 meter over havet). Den andra, Funicular de Santa Cova, går til grotta Santa Cova.
Toppen av Montserrat vert kalla Sant Jeroni, og er altså 1236 meter over havet.
Bilete
[endre | endre wikiteksten]-
Luftfoto
-
Inngangen til kyrkja
-
«Guds finger» - ein steinformasjon på Montserrat.
-
Montserrat sett ovanfrå
-
Det kvasse fjellet
-
Madonna på Montserrat
-
Utsida av klosteret
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Montserrat (mountain)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mai 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Vår Frue på Montserrat - historie, skildring og bilete
- Offisiell nettside for Escolania
- Offisiell nettside for klosteret