Mefjorden i Vestfold
Utsjånad
Mefjorden er ein liten fjord i Sandefjord kommune. Han ligg mellom Østerøya og Vesterøya. Han strekker seg om lag 8 km frå Lyngholmane i sør til Kastetskogen i nord. Fjorden er forholdsvis smal, litt over 1 km ved innløpet og elles stort sett mellom 250 og 500 meter brei. Det ligg fleire holmar og skjer i fjorden og dei største av desse finn ein inst i fjorden der Storholmen er aller størst.