Østerøya
Utsjånad
Østerøya | |||
halvøy | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestfold | ||
Østerøya 59°05′43″N 10°17′58″E / 59.0953°N 10.2994°E |
Østerøya er ei halvøy i Sandefjord kommune. Ho grensar i vest mot Mefjorden og i aust mot Tønsbergfjorden. Sjømerket Tønsberg tønne ligg ytst på halvøya.
På sørspissen av halvøya ligg eit turområde med bade- og fiskeplasser. Her ligg òg eit freda område. Dette er ein «svartor-sumpskog» som er ein sjeldan og artsrik biotop. Her finst store mengder ramslauk, sverdlilje og orkideen vårmarihand.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Austerøya var befeesta under den andre verdskrigen.
Anna
[endre | endre wikiteksten]Spelefilmen Hodet over vannet, regissert av Nils Gaup, vart spelt inn på sørspissen av Austerøya.
Strender
[endre | endre wikiteksten]- Skjellvika
- Flautangen
- Nordre Trubervika
- Strandvika
- Ertsvika