Jon Elster
Jon Elster | |||
| |||
Fødd | 22. februar 1940 Oslo | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg, USA | ||
Område | statsvitskap | ||
Yrke | filosof, professor, sosiolog, samfunnsøkonom, statsvitar | ||
Institusjonar | Collège de France Columbia University University of Chicago | ||
Alma mater | École normale supérieure Oslo katedralskole Université Paris-Descartes Université Paris-Cité | ||
Doktorgradsrettleiar | Raymond Aron | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi American Academy of Arts and Sciences Academia Europaea |
Jon Elster (fødd 22. februar 1940) er ein norsk filosof og samfunnsforskar frå Oslo. Han er son av forfattar og kringkastingssjef Torolf Elster og lyrikar Magli Elster. Elster har utdanning frå Universitetet i Oslo og Sorbonne i Paris, der han skreiv doktorhavhandling om Karl Marx.
Han har tidlegare vore tilsett ved Universitetet i Oslo, og har frå 1970-åra vore professor i statsvitskap ved Universitetet i Chicago, og frå 1995 ved Columbia University i New York. Jon Elster var ein sentral medarbeidar til PaxLeksikon, og har stått bak utgjevingar av sosialistiske skrifter, især av Karl Marx, på norsk.
Dei viktigaste arbeida til Elster har vore innanfor vitskapsteori og teoriar om rasjonelle val. Elster var medlem av Septembergruppa, ei gruppe samfunnsforskarar som var tett knytt til den vitskaplege retninga analytisk marxisme. I boka Making sense of Marx gjekk Elster mot fleire av Marx sine sentrale teoriar og konsept, så som den historiske materialismen og dialektikken, og freista å forklara teoriane om utbyting, klasse og framandgjering ved hjelp av teori om rasjonelle val og metodologisk individualisme. Dette verket konkluderer med at Marx' økonomiske teoriar for det meste er feilaktige eller irrelevante, og at marxismens kjerne dermed ikkje er haldbar.
Jon Elster fekk Jean Nicod-prisen in 1997, og vart i 2006 æresdoktor ved NTNU.
Skrifter
[endre | endre wikiteksten]- Logic and Society (1978)
- Ulysses and the Sirens (1979)
- Sour Grapes: Studies in the Subversion of Rationality (1983)
- Making Sense of Marx (1985)
- An Introduction to Karl Marx (1986)
- Hva er igjen av Marx? (1988)
- Nuts and bolts for the Social Sciences (1989)
- Vitenskap og politikk (1989)
- Political Psychology (1993)
- Strong Feelings: Emotion, Addiction, and Human Behavior The Jean Nicod Lectures. (1997)
- Alchemies of the Mind: Rationality and the Emotions (1999)
- Ulysses Unbound: Studies in Rationality, Precommitment, and Constraints (2002)
- Closing the Books: Transitional Justice in Historical Perspective (2004)