Heian
Heian var ein periode i japansk historie frå 794 til 1185.[1] Dette var den siste perioden av klassisk japansk historie, og låg mellom Nara-perioden og Kamakuraperioden. Perioden har namn etter hovudstaden Heian-kyō, som i dag heiter Kyōto. «Heian» (kanji: 平安時代; kana へいあんじだい; Heian jidai) betyr fred, ro'.
Heiantida var ein relativt fredeleg og stabil periode som blei ein gullalder for japansk kunst og litteratur. Dette var den perioden i japansk historie då buddhisme, daoisme og andre påverknader frå kinesisk kultur nådde eit høgdepunkt. Heian-perioden er også rekna som høgdepunktet for det japanske keisarhoffet, og er blitt kjent for kunsta si, særleg for poesi og litteratur. Mellom dei mange forfattarane frå Heian-perioden, kan ein nemne Ono no Komachi, Izumi Shikibu, Shikibu Murasaki (som skreiv den vidgjetne Genji-soga) og Sei Shōnagon.[2]
I 784 blei hovudstaden i landet flytta til Nagaoka-kyo i Kansai-regionen. Etter berre 10 år blei hovudstaden flytta igjen, denne gongen til Heian-kyo. Dette gav namn og startskot til perioden. På denne tida var hoffadelen, kuge, den leiande klassa. Kring år 1000 byrja krigarklassen bushi og deira adel, buke, å få større tyding. Sjølv om keisarane på overflaten hadde makta, låg den reelle makta i hendene til den mektige Fujiwara-klanen, som hadde gifta seg inn i keisarfamilien. Mange keisarar hadde mødrer frå Fujiwara-klanen.[3]
I Heiantida var det vanleg at keisarar trekte seg attende allereie som unge, overgav keisartittelen til ein umyndig arving og deretter regjerte på vegner av den umyndige keisaren. Keisarar som hadde trekt seg tilbake og verka som regentar blei kalla insei. Etter at Taira eliminerte eit framståande medlem av Minamoto-familien i Vest-Japan i 1108 var dei blitt framståande tenarar for inseiane, og fleire keisarar frå denne tida var av Taira-slekt.
Då ein insei døydde i 1156 oppstod det ein maktkamp mellom Taira og Minamoto. Den eine familien, med støtte frå keisarlege styrkar, var leia av Taira no Kiyomori. Den andre familien var leia av Minamoto no Tameyoshi. Dei utkjempa Hogenkrigen, og Kiyomori sigra. Ein av sønene til Tameyoshi, Minamoto no Yoshitomo, hadde gått over til Taira si side i krigen, men blei misnøgd med løna si og erobra vinteren 1159/1160 hovudstaden. Han blei likevel snart nedkjempa av Kiyomori i det som er blitt kalla Heijikrigen. Minamoto-familien blei fordriven til Kantoregionen, der dei hadde dei viktigaste eigedommane sine.
Herskarar
[endre | endre wikiteksten]Keisarar
[endre | endre wikiteksten]# | Regjeringsperiode | Portrett | Posthumt namn | Personleg namn (imina) | Merknad |
---|---|---|---|---|---|
50 | 781–806 | Kammu | Yamabe (Yamatoneko Amatsu Hitsugi Iyaderi no Mikoto) | Tradisjonelle datoar.[4] | |
51 | 806–809 | Heizei | Ate (Yamatoneko Ameoshikuni Takahiko no Mikoto) | Tradisjonelle datoar.[5] | |
52 | 809–823 | Saga | Kamino | Tradisjonelle datoar.[6] | |
53 | 823–833 | Junna | Ōtomo | Tradisjonelle datoar.[7] | |
54 | 833–850 | Ninmyō | Masara | Tradisjonelle datoar.[8] | |
55 | 850–858 | Montoku | Michiyasu | Tradisjonelle datoar.[9] | |
56 | \858–876 | Seiwa | Korehito | Tradisjonelle datoar.[10] | |
57 | 876–884 | Yōzei | Sadaakira | Tradisjonelle datoar.[11] | |
58 | 884–887 | Kōkō | Tokiyasu | Tradisjonelle datoar.[12] | |
59 | 887–897 | Uda | Sadami | Tradisjonelle datoar.[13] | |
60 | 897–930 | Daigo | Atsuhito | Tradisjonelle datoar.[14] | |
61 | 930–946 | Suzaku | Yutaakira | Tradisjonelle datoar.[15] | |
62 | 946–967 | Murakami | Nariakira | Tradisjonelle datoar.[16] | |
63 | 967–969 | Reizei | Norihira | Tradisjonelle datoar.[17] | |
64 | 969–984 | En'yū | Morihira | Tradisjonelle datoar.[18] | |
65 | 984–986 | Kazan | Morosada | Tradisjonelle datoar.[19] | |
66 | 986–1011 | Ichijō | Yasuhito/Kanehito | Tradisjonelle datoar.[20] | |
67 | 1011–1016 | Sanjō | Okisada/Iyasada | Tradisjonelle datoar.[21] | |
68 | 1016–1036 | Go-Ichijō | Atsuhira | Tradisjonelle datoar.[22] | |
69 | 1036–1045 | Go-Suzaku | Atsunaga/Atsuyoshi | Tradisjonelle datoar.[23] | |
70 | 1045–1068 | Go-Reizei | Chikahito | Tradisjonelle datoar.[24] | |
71 | 1068–1073 | Go-Sanjō | Takahito | Tradisjonelle datoar.[25] | |
72 | 1073–1086 | Shirakawa | Sadahito | Tradisjonelle datoar.[26] | |
73 | 1087–1107 | Horikawa | Taruhito | Tradisjonelle datoar.[27] | |
74 | 1107–1123 | Toba | Munehito | Tradisjonelle datoar.[28] | |
75 | 1123–1142 | Sutoku | Akihito | Tradisjonelle datoar.[29] | |
76 | 1142–1155 | Konoe | Narihito | Tradisjonelle datoar.[30] | |
77 | 1155–1158 | Go-Shirakawa | Masahito | Tradisjonelle datoar.[31] | |
78 | 1158–1165 | Nijō | Morihito | Tradisjonelle datoar.[32] | |
79 | 1165–1168 | Rokujō | Yorihito | Tradisjonelle datoar.[33] | |
80 | 1168–1180 | Takakura | Norihito | Tradisjonelle datoar.[33] | |
81 | 1180–1185 | Antoku | Tokihito | Tradisjonelle datoar.[34] |
Regentar
[endre | endre wikiteksten]Sesshō | Kampaku | Periode | Keisar |
---|---|---|---|
Fujiwara no Yoshifusa.[35] | 858 – 872 | Seiwa | |
Fujiwara no Mototsune | 872 – 880 | Seiwa, Yōzei | |
Fujiwara no Mototsune | 880 – 890 | Yōzei, Kōkō, Uda | |
Fujiwara no Tokihira | 909[36] | Daigo | |
Fujiwara no Tadahira | 930 – 941 | Suzaku | |
Fujiwara no Tadahira | 941 – 949 | Suzaku, Murakami | |
Fujiwara no Saneyori[37] | 967 – 969 | Reizei | |
Fujiwara no Saneyori | 969 – 970 | En'yū | |
Fujiwara no Koretada | 970 – 972 | En'yū | |
Fujiwara no Kanemichi[38] | 972 – 977 | En'yū | |
Fujiwara no Yoritada | 977 – 986 | En'yū, Kazan | |
Fujiwara no Kaneie | 986 – 990 | Ichijō | |
Fujiwara no Kaneie | 5. mai (månekalenderen) 990 – 8. mai 990 | Ichijō | |
Fujiwara no Michitaka | 8. mai, 990 – 26. mai 990 | Ichijō | |
Fujiwara no Michitaka | 990 – 993 | Ichijō | |
Fujiwara no Michitaka | 993 – 995 | Ichijō | |
Fujiwara no Michikane | April 28, 995 – May 8, 995 | Ichijō | |
Fujiwara no Michinaga | 1016 – 1017 | Go-Ichijō | |
Fujiwara no Yorimichi | 1017 – 1019 | Go-Ichijō | |
Fujiwara no Yorimichi. | 1020 – 1068 | Go-Ichijō, Go-Suzaku, Go-Reizei | |
Fujiwara no Norimichi | 1068 – 1075 | Go-Sanjō, Shirakawa | |
Fujiwara no Morozane | 1075 – 1086 | Shirakawa | |
Fujiwara no Morozane | 1086 – 1090 | Horikawa | |
Fujiwara no Morozane | 1090 – 1094 | Horikawa | |
Fujiwara no Moromichi | 1094 – 1099 | Horikawa | |
Fujiwara no Tadazane | 1105 – 1107 | Horikawa | |
Fujiwara no Tadazane | 1107 – 1113 | Toba | |
Fujiwara no Tadazane | 1113 – 1121 | Toba | |
Fujiwara no Tadamichi | 1121 – 1123 | Toba | |
Fujiwara no Tadamichi | 1123 – 1129 | Sutoku | |
Fujiwara no Tadamichi | 1129 – 1141 | Sutoku | |
Fujiwara no Tadamichi | 1141 – 1150 | Konoe | |
Fujiwara no Tadamichi | 1150 – 1158 | Konoe, Emperor Go-Shirakawa | |
Konoe Motozane | 1158 – 1165 | Nijō | |
Konoe Motozane | 1165 – 1166 | Rokujō | |
Fujiwara no Motofusa | 1166 – 1172 | Rokujō, Takakura | |
Fujiwara no Motofusa | 1172 – 1179 | Takakura | |
Konoe Motomichi | 1179 – 1180 | Takakura | |
Konoe Motomichi | 1180 – 1183 | Antoku | |
Matsudono Moroie | 1183 – 1184 | Antoku | |
Konoe Motomichi | 1184 – 1186 | Antoku, Go-Toba |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ "Heian period". Encyclopædia Britannica. Henta 2007-04-24.
- ↑ Hirshfield, J. (1990). «Introduction». The Ink Dark Moon: Love Poems by Ono no Komachi and Izumi Shikibu, Women of the Ancient Court of Japan. New York: HarperCollins. s. xix. ISBN 978-0679729587.
- ↑ F. W. Seal, Heian Period Court and Clan Arkivert 2019-12-28 ved Wayback Machine.
- ↑ Titsingh, s. 86
- ↑ Brown, s. 279–280; Varley, s. 151; Titsingh, s. 96–97.
- ↑ Brown, s. 280–282; Varley, s. 151–164; Titsingh, s. 97–102.
- ↑ Brown, s. 282–283; Varley, s. 164; Titsingh, s. 103–106.
- ↑ Brown, s. 283–284; Varley, s. 164–165; Titsingh, s. 106–112.
- ↑ Brown, s. 285–286; Varley, s. 165; Titsingh, s. 112–115.
- ↑ Brown, s. 286–288; Varley, s. 166–170; Titsingh, s. 115–121.
- ↑ Brown, s. 288–289; Varley, s. 170–171; Titsingh, s. 121–124.
- ↑ Brown, s. 289; Varley, s. 171–175; Titsingh, s. 124–125.
- ↑ Brown, s. 289–290; Varley, s. 175–179; Titsingh, s. 125–129.
- ↑ Brown, s. 290–293; Varley, s. 179–181; Titsingh, s. 129–134.
- ↑ Brown, s. 294–295; Varley, s. 181–183; Titsingh, s. 134–138.
- ↑ Brown, s. 295–298; Varley, s. 183–190; Titsingh, s. 139–142.
- ↑ Brown, s. 298; Varley, s. 190–191; Titsingh, s. 142–143.
- ↑ Brown, s. 299–300; Varley, s. 191–192; Titsingh, s. 144–148.
- ↑ Brown, s. 300–302; Varley, s. 192; Titsingh, s. 148–149.
- ↑ Brown, s. 302–307; Varley, s. 192–195; Titsingh, s. 150–154.
- ↑ Brown, s. 307; Varley, s. 195; Titsingh, s. 154–155.
- ↑ Brown, s. 307–310; Varley, s. 195–196; Titsingh, s. 156–160.
- ↑ Brown, s. 310–311; Varley, s. 197; Titsingh, s. 160–162.
- ↑ Brown, s. 311–314; Varley, s. 197–198; Titsingh, s. 162–166.
- ↑ Brown, s. 314–315; Varley, s. 198–199; Titsingh, s. 166–168.
- ↑ Brown, s. 315–317; Varley, s. 199–202; Titsingh, s. 169–171.
- ↑ Brown, s. 317–320; Varley, s. 202; Titsingh, s. 172–178.
- ↑ Brown, s. 320–322; Varley, s. 203–204; Titsingh, s. 178–181.
- ↑ Brown, s. 322–324; Varley, s. 204–205; Titsingh, s. 181–185.
- ↑ Brown, s. 324–326; Varley, s. 205; Titsingh, s. 186–188.
- ↑ Brown, s. 326–327; Varley, s. 205–208; Titsingh, s. 188–190.
- ↑ Brown, s. 327–329; Varley, s. 208–212; Titsingh, s. 191–194.
- ↑ 33,0 33,1 Brown, s. 329–330; Varley, s. 212; Titsingh, s. 194–195.
- ↑ Brown, s. 333–334; Varley, s. 214–215; Titsingh, s. 200–207.
- ↑ Brown, Delmer et al. (1979). The Future and the Past, a translation and study of the «Gukanshō,» s. 286.
- ↑ Titsingh, Isaac. (1834). Annales des empereurs du japon, s. 132.
- ↑ Titsingh, s. 142.
- ↑ Titsingh, Isaac. (1384). s. 145.
- Denne artikkelen bygger på «Heian» frå Wikipedia på svensk, «Heian-perioden» frå Wikipedia på bokmål, den 13. mai 2019.