Hopp til innhald

Kantoregionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kantō
関東地方
region
Land  Japan
Del av Kantō and Kōshin'etsu region
Areal 32 423,90 km²
Folketal 43 284 547 (1. oktober 2017)
Kart
Kantoregionen
36°10′00″N 139°47′00″E / 36.166666666667°N 139.78333333333°E / 36.166666666667; 139.78333333333
Kart som viser Kantoregionen.
Kart som viser Kantoregionen.
Kart som viser Kantoregionen.
Wikimedia Commons: Kantō region

Kantoregionen (関東地方 Kantō-chihō) er ein tradisjonell japansk region som ligg aust på Honshu, den største av dei japanske øyane. Han omfattar området rundt Tokyo, som er den tettast folkesette delen av Japan. I 2017 budde det 43 284 547 menneske, rundt ein tredjedel av alle japanarar, her.

Kanto omfattar sju prefektur: Gunma, Tochigi, Ibaraki, Saitama, Tokyo, Chiba og Kanagawa. Dei største byane her er Tokyo og Yokohama; andre større byar er Kawasaki, Saitama og Chiba.

Kantosletta ligg i regionen og utgjer om lag 40 % av arealet. Resten av området består av ås- og fjellandskap som dannar grenser mot Chubu og Tohoku. Fjella Kantosanchi i vest er utbygde til vasskraftproduksjon.

Kanto blei geografisk viktig under Kamakura- og seinare Edo-tida.

Området blei hardt råka av Kanto-jordskjelvet i 1923, som tok over 100 000 liv og la mykje av Tokyo og Yokohama i ruinar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kantoregionen