Gottes Zeit ist die allerbeste Zeit
BWV 106 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1707 | ||
Urframføring | truleg 10. august 1707 | ||
Publiseringsdato | 1830 | ||
Typisk lengd | 20:59 | ||
Satsar/akter | 13 |
Gottes Zeit ist die allerbeste Zeit, BWV 106, òg kalla Actus Tragicus er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Mülhausen i 1707 for ei gravferd, truleg gravferda til borgarmeister Strecker.
Teksten er henta frå Apostelgjerningane 17: 28, Salme 90: 12, Jesaja 38: 1, Evangeliet etter Lukas 23: 43 og Martin Luther, Adam Reusner og Johann Leon.
Koraltemaet er basert på salmen «Mit Fried und Freud ich fahr dahin». Den originale melodien av Martin Luther kom ut i lag med teksten hans i Geystliche Gesangk Buchleyn, publisert av Johann Walter i Wittenberg i 1524.
Instrumentering og struktur
[endre | endre wikiteksten]Stykket er instrumentert for to blokkfløyter, togamber og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av tretten satsar:
- Sonatine i Ess-dur
- «Gottes Zeit ist die allerbeste Zeit», Koral
- «In ihm leben, weben», Air for kor
- «Ach, Herr! lehre uns bedenken», Air for tenor
- «Bestelle dein Haus!», Air for bass
- «Es ist der alte Bund, Mensch, du musst sterben», Trio for alt, tenor & bass
- «Ja, komm, Herr Jesu, komm», Air for sopran
- «Ich hab mein Sach Gott heimgelstellt», Koral
- «In deine Hande befehl' ich meinen Geist», Solo for alt
- «Heute wirst du mit mir im Paradies sein», Solo for bass
- «Mit Fried' und Freud' ich fahr' dahin», Duo for alt & bass
- «Glorie, Lob, Ehr' und Herrlichkeit», Koral
- «Durch Jesum Christum, Amen», Finale
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Gottes Zeit ist die allerbeste Zeit». Bach-kantater. Henta 12. april 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Piano- og songpartitur for BWV 106 på bach-cantatas.com