Es wartet alles auf dich
Utsjånad
BWV 187 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1726 | ||
Urframføring | 4. august 1726 | ||
Publiseringsdato | 1891 | ||
Typisk lengd | 22:31 | ||
Satsar/akter | 7 |
Es wartet alles auf dich, BWV 187, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1726 for den sjuande sundagen etter treeiningssundag. Stykket vart framført på nytt i perioden 1735-1740 i Leipzig, og ein tredje gong den 26. juli 1749 i Leipzig.
Teksten er Salme 104 27-28 (første sats), Evangeliet etter Matteus 6: 31-32 (fjerde sats) og Hans Vogel (sats 7), medan resten er skriven av ein ukjend tekstforfattar.
Instrumentering og struktur
[endre | endre wikiteksten]Stykket er instrumentert for to oboar, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt tre songsolistar (sopran, alt, bass) og firedelt kor.
Det består av sju satsar:
- «Es wartet Alles auf dich», Koral
- «Was Creaturen halt das grosse Rund der Welt!», Resitativ for bass
- «Du Herr, du kronst allein das Jahr mit deinem Gut», Arie for alt
- «Darum sollt ihr nicht sorgen noch sagen», Arie for bass
- «Gott versorget alles Leben», Arie for sopran
- «Halt' ich nur fest an ihm», Resitativ for sopran
- «Gott hat die Erd' schon zugericht't», Koral
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Es wartet alles auf dich». Bach-kantater. Henta 19. april 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Piano- og songpartitur for BWV 187 på bach-cantatas.com