Făgărașfjella
Făgărașfjella er den høgaste fjellkjeda i Dei sørlege Karpatane i Romania. Dei høgaste toppane er Moldoveanu (2544 m), Negoiu (2535 m), Viștea Mare (2527 m), Lespezi (2516 m), Vânătoarea lui Buteanu (2507 m) og Dara (2501 m).
Dei grensar i nord til Făgărașsenkinga, der elva Olt renn og i vest til Oltdalen (Valea Oltului). Byen Făgăraș ligg nord for fjella. Den viktigaste byen i området er Sibiu.
Ein veg kalla Transfăgărășan kryssar Făgărașfjella.
Det er mange bresjøar i fjella. Bâlea (2034 m, 46 508 m², 11,35 m djup) er den største innsjøen. Den høgastliggande innsjøen er Hărtopul Leaotei og den djupaste er Podragu (2140 moh, 28 550 m², 15,5 m djup). Andre innsjøar er Urlea (2170 m, 20 150 m²) og Capra (2230 m, 18 340 m²).
Făgărașfjella er eit populært turområde og ein skidestinasjon.
Biletgaller
[endre | endre wikiteksten]-
Făgărașfjella sett frå Negoiu
-
Negoiu (2535 moh)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- SummitPost-side om Făgăraș
- Biletgalleri frå sommaren
- Biletgalleri frå vinteren
- Bilete frå turar i Făgăraș
- Salvamont Victoria Arkivert 2007-09-24 ved Wayback Machine.
- Interaktivt kart over Făgăraș
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Făgăraş Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juli 2008.