Hopp til innhald

Changestwobowie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Changestwobowie
Samlealbum av David Bowie
Språk engelsk
Utgjeve 16. november 1981
Innspelt 1971–1980
Sjanger
Lengd 42:37
Selskap RCA
David Bowie-kronologi 
Christiane F.
(1981)
Changestwobowie Baal
(1982)


Singlar frå Changestwobowie
  1. «Wild Is the Wind»
    Utgjeve: November 1981
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]
The Encyclopedia of Popular Music2/5 stars[2]
The Rolling Stone Album Guide4.5/5 stars[3]

Changestwobowie er eit samlealbum av den engelske musikaren David Bowie, gjeve ut i november 1981 på RCA Records.[4] Det er ein oppfølgjar til samleplata Changesonebowie frå 1976, og tittelen og plateomslaget følgjer same formatet som det albumet.

I tillegg til utvalde singlar frå tida etter 1976, kom albumet med fem songar frå tidlegare i karrieren til Bowie, som ikkje hadde vore på Changesonebowie, inkludert «Wild Is the Wind» frå Station to Station, som vart gjeven ut på singel for å marknadsføre albumet, i lag med ein nyfilma musikkvideo for songen.[5] Albumet gjorde det ikkje like godt på salslistene som det første hadde gjort, og nådde 24. plassen[6]UK Album Chart og 68. plassen i USA.

RCA gav ut albumet på CD i 1984, men denne gjekk raskt trekt attende, i lag med andre album av Bowie, på grunn av ein konflikt mellom Bowie og RCA. Changestwobowie vart ikkje gjeve ut på ny då Rykodisc fekk rettane til å gje ut heile Bowie-katalogen på ny i 1990. Rykodisc sette i staden saman eit nytt samlealbum kalla Changesbowie, ei utvida utgåve av Changesonebowie.

Changestwobowie kom ut i si opphavlege form på Rhino, på vinyl, CD og på digitale format den 13. april 2018.[7]

Alle songar skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelAlbumLengd
1.«Aladdin Sane (1913-1938-197?)»
5:10
2.«Oh! You Pretty Things»
3:13
3.«Starman»4:14
4.«1984»
3:28
5.«Ashes to Ashes (singelutgåve3:37
Total lengd:19:42
Side to
Nr.TittelAlbumLengd
1.«Sound and Vision»
3:03
2.«Fashion (singelutgåve)»
  • Scary Monsters (and Super Creeps)
3:25
3.«Wild Is the Wind» (Dimitri Tiomkin, Ned Washington)6:03
4.«John, I’m Only Dancing (Again)»
  • Recorded 1974; Singel A-side (1979)
6:59
5.«DJ (singelutgåve)» (Bowie, Brian Eno, Carlos Alomar)
3:25
Total lengd:22:55 (42:37)

Salslister

[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1982 UK Albums Chart 24
1982 Billboard Pop Albums 68
1982 Newzealandske album {RMNZ}[8] 28
1982 Svenske album (Sverigetopplistan)[9] 35
2018 Belgium Albums (Ultratop Flandern)[10] 105
2018 Belgium Albums (Ultratop Vallonia)[11] 168

Salstrofé

[endre | endre wikiteksten]
Organisasjon Nivå Dato
BPI – UK Gull 12. januar 1982
  1. Thompson, Dave. «Changestwobowie – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 30. desember 2019. Henta 18. august 2021. 
  2. Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. 
  3. The New Rolling Stone Album Guide. Simon & Schuster. 2004. s. 97–98. 
  4. Pegg, Nicholas. The Complete David Bowie, p 501. Titan Books (2016)
  5. Pegg, Nicholas. The Complete David Bowie, s. 314–315, 501. Titan Books (2016)
  6. *Roberts, David (editor). The Guinness Book of British Hit Albums, p71. Guinness Publishing Ltd. 7th edition (1996). ISBN 0-85112-619-7
  7. «CHANGESTWO black or blue?». David Bowie Official Website. Henta 20. august 2021. 
  8. «David Bowie - Changestwobowie (Album)». Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 1. august 2021. 
  9. «David Bowie - Changestwobowie (Album)». Swedish Charts. Hung Medien. Henta 1. august 2021. 
  10. «David Bowie - Changestwobowie (Album)». Ultratop.be (på nederlandsk). Hung Medien. Henta 1. august 2021. 
  11. «David Bowie - Changestwobowie (Album)». Ultratop.be (på fransk). Hung Medien. Henta 1. august 2021.