David Bowie Narrates Prokofiev's Peter and the Wolf
David Bowie Narrates Prokofiev's Peter and the Wolf Studioalbum av David Bowie med Philadelphia Orchestra | ||
Utgjeve | Mai 1978 | |
Innspelt |
| |
Studio | RCA Studio B, New York City | |
Sjanger | Klassisk | |
Lengd | 44:18 | |
Selskap | RCA Red Seal | |
Produsent | Jay David Saks | |
David Bowie-kronologi | ||
---|---|---|
“Heroes” (1977) |
David Bowie Narrates Prokofiev's Peter and the Wolf | Stage (1978)
|
David Bowie Narrates Prokofiev's Peter and the Wolf er eit album med klassisk musikk der den engelske musikaren David Bowie les Sergej Prokofjev-komposisjonen Peter and the Wolf frå 1936. Innspelinga var produsert av Jay David Saks og musikken vert framført av Philadelphia Orchestra og dirigert av Eugene Ormandy. Bowie spelte inn opplesinga si i desember 1977 i RCA Studio B i New York City etter han var ferdig med innspelinga av albumet sitt “Heroes” (1977). Albumet kom ut i mai 1978 på RCA Red Seal. Plata inneheld òg ei innspeling av Benjamin Britten sin The Young Person's Guide to the Orchestra på B-sida. Albumet nådde 136. plassen på den amerikanske Billboard 200-lista. Innspelinga har fått positive meldingar frå kritikarar og Bowie-biografar. Albumet har sidan komen ut fleire gonger med ulikt plateomslag.
Oversyn
[endre | endre wikiteksten]Då Bowie var ferdig med innspelinga av det 12. studioalbumet sitt, “Heroes”, i november 1977, drog han på ferie til Kenya. I desember flaug han til New York City til RCA Studio B, der han les inn ei utgåve av Peter og ulven.[1][2] I følgje biografen Thomas Jerome Seabrook, komponerte Prokofjev Peter og ulven i 1930-åra med føremålet om å introdusere orkestermusikk for yngre barn. Komposisjonen fortel ei soge om guten Peter som går ut av hagen til bestefaren i håp om å finne ein stor, stygg ulv. Kvart dyr er representert av eit instrument, der ein klarinett er katten til Peter og ein trio av valthorn er ulven.[3] Opphavleg hadde stykket premiere i Moskva i 1936 til lunken mottaking. Komposisjonen var ganske ukjend i vesten før Walt Disney skapte ein teiknefilm basert på det i 1946.[4]
Prosjektet var ikkje det første av sitt slag. Musikaren Leonard Cohen hadde tidlegare lese inn ein versjon av Peter og ulven for Decca Records i 1960, medan skodespelaren Sean Connery les inn ei anna utgåve i 1971, akkompagnert av London Royal Philharmonic Orchestra.[5] Biografen Chris O'Leary skriv at det har vore over 400 innspelingar av Peter og ulven, og den dåverande samarbeidspartnaren til Bowie, Brian Eno, var med på ei innspeling frå 1975 lesen av Vivian Stanshall.[4] For deira utgåve ønskte RCA Records opphavleg skodespelarane Alec Guinness og Peter Ustinov,[1] men begge avslo prosjektet, noko som fekk selskapet til å spørre den største dåverande stjerna deira. Bowie sa seinare at det var ei julegåve til sonen, Duncan Jones, som då var sju år gammal.[5]
For musikken fekk RCA tak i Philadelphia Orchestra, dirigert av Eugene Ormandy.[5] Då han fekk vite at Bowie skulle lese teksten, var Ormandy skeptisk og produsenten for prosjektet, Jay David Saks, sa i 1983: «Eugene visste heilt ærleg ikkje kven Bowie var, og då han fann ut at han var ei rockestjerne var han litt uroa, for å seie det mildt.» Orkesteret spelte inn musikken i The Scottish Rite Temple i Philadelphia den 8. oktober 1975. I følgje O'Leary bestod orkesteret av ei fløyte, obo, klarinett, fagott, tre horn, trompet, trombone, pauker, tromme, to fiolinar, bratsj, cello og kontrabass.[4]
David Bowie Narrates Prokofiev's Peter and the Wolf kom ut i mai 1978 på RCA Red Seal,[1] med katalognummerRL-12743/ARL1-2743.[4] B-sida på albumet var ei innspeling av den engelske komponisten Benjamin Britten, Young Person's Guide to the Orchestra.[5] Han klarte å nå 136. plassen på den amerikanske Billboard 200-lista den 9. juni, og låg inne på lista i åtte veker.[6]
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [7] |
Rolling Stone | (positiv)[8] |
David Bowie Narrates Prokofiev's Peter and the Wolf har fått positive meldingar og mange har snakka varmt om framføringa til Bowie. Då albumet kom ut skildra Stephen Demorest i Rolling Stone jobben til Bowie som «engasjerande og velvillig». Demorest skreiv til slutt at Bowie hadde «funne den mest sjarmerande drakta si sidan Hunky Dory.»[8] Jon Savage i Sounds likte albumet og skreiv: «Dette er ei perfekt plate om du har eit ungt barn og ønsker å gje han eller ho ein introduksjon til klassisk musikk, eller om du er eit 'barn av alle aldrar'.» Han kalla vidare bidraget til Bowie «nysgjerrig».[9]
Joe Viglione i AllMusic skreiv at albumet var «sjarmerande» og at framføringa til Bowie var «fantastisk» og at spelinga til Philadelphia Orchestra var «førsteklasses». Han konkluderte med at det var «Eit merkverdig og godt gjennomført prosjekt.»[7] Bowie sine biografar har vore positive til prosjektet. Nicholas Pegg skreiv: «Sjølv om det ikkje kan samanliknast med den definitive innspelinga til John Gielgud, har opplesinga til Bowie ein ekte sjarm. Dette er eit gjennomført stykke arbeid og ein fascinerande kuriositet frå ei tid då Bowie samarbeidde med så forskjellige artistar som Marc Bolan, Bing Crosby og Marlene Dietrich.»[1] Seabrook var samd og skreiv: «Sjølv om det er lett å håne prosjekt som dette, er det berre dei mest hardhjarta lyttarane som kan nekte for at både Bowie, med sin storaugde entusiasme, og Philadelphia Orchestra har gjort det bra.»[5] O'Leary kalla opplesinga til Bowie «sjarmerande», og sa at framføringa hans som katten er den beste på plata. Men han meinte at stemma hans var for låg i miksen.[4] Marc Spitz kalla på liknande vis innspelinga «sjarmerande».[10]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Side ein
[endre | endre wikiteksten]- Peter and the Wolf, Op. 67 (Sergej Prokofjev) – 27:08
Side to
[endre | endre wikiteksten]- Young Person's Guide to the Orchestra, opus 34 (Benjamin Britten) – 17:10
- Fortalt av Hugh Downs, akkompagnert av Boston Pops Orchestra og dirigert av Arthur Fiedler
Utgjevingar
[endre | endre wikiteksten]Den originale, amerikanske utgåva frå 1978 av albumet kom på grøn vinyl med platenotat. Seinare trykk var på vanleg svar vinyl. Eit anna plateomslag vart nytta på den amerikanske CD-utgåva frå 1992, de rein kan sjå Bowie med ulveøyrer.[7]
Albumet har kome ut fleire gonger på CD med forskjellig innhald og tre ulike plateomslag. Den mest nylege utgjevinga var i 2014 på Sony Classical.[11]
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- David Bowie – forteljar
- Philadelphia Orchestra – alle instrument
- Eugene Ormandy – dirigent
Produksjon
[endre | endre wikiteksten]- Jay David Saks / Max Wilcox – produsent
- Paul Goodman – lydteknikar
- J.J. Stelmach – kunstnarisk leiar
- Mary Campbell – platenotat
- Tom Kelley – fotografi
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1978) | Plassering |
---|---|
US Billboard 200[6] | 136 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «David Bowie Narrates Prokofiev's Peter and the Wolf» frå Wikipedia på engelsk, den 19. august 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- O'Leary, Chris (2019). Ashes to Ashes: The Songs of David Bowie 1976–2016. London: Repeater. ISBN 978-1912248308.
- Pegg, Nicholas (2016). The Complete David Bowie (Revised and Updated utg.). London: Titan Books. ISBN 978-1-78565-365-0.
- Seabrook, Thomas Jerome (2008). Bowie in Berlin: A New Career in a New Town. London: Jawbone Press. ISBN 978-1-90600-208-4.
- Spitz, Marc (2009). Bowie: A Biography. New York: Crown Publishing Group. ISBN 978-0-307-71699-6.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Pegg 2016, s. 489.
- ↑ Seabrook 2008, s. 196.
- ↑ Seabrook 2008, s. 196–197.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 O'Leary 2019, s. 107–109.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 Seabrook 2008, s. 197.
- ↑ 6,0 6,1 «David Bowie Narrates Prokofiev's «Peter And The Wolf» Chart History». Billboard. Henta 18. august 2021.
- ↑ 7,0 7,1 7,2 Viglione, Joe. «David Bowie Narrates Prokofiev's Peter and the Wolf – David Bowie / Eugene Ormandy / Philadelphia Orchestra». AllMusic. Arkivert frå originalen 8. mars 2021. Henta 18. august 2021.
- ↑ 8,0 8,1 Demorest, Stephen (29. juni 1978). «Various Artists: David Bowie Narrates Peter And The Wolf ». Rolling Stone (268). Arkivert frå originalen 5. mai 2009. Henta 20. august 2021.
- ↑ Savage, Jon (27. mai 1978). «David Bowie: Peter and the Wolf». Sounds. Henta 30. juli 2021 – via Rock's Backpages (krev abonnement).
- ↑ Spitz 2009, s. 292.
- ↑ «David Bowie's Peter and the Wolf to be reissued». Classic FM. Arkivert frå originalen 12. januar 2020. Henta 12. januar 2020.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Peter and the Wolf / Young Person's Guide to the Orchestra» på Discogs (liste over utgjevingar)