Åse Wisløff Nilssen
Utsjånad
Åse Wisløff Nilssen | |||
Fødd | 20. juli 1945 (79 år) Vinger | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Åse Wisløff Nilssen (fødd 20. juli 1945) er ein norsk politikar for KrF. Ho er utdanna sjukepleiar. Ho vart innvald på Stortinget frå Hedmark i 1997.
Frå 1987 til 1991 var ho medlem av fylkestinget i Hedmark. Deretter sat ho i Kongsvinger kommunestyre fram til 1995, før ho hadde ein toårsperiode på fylkestinget att. Ho vart vald inn på Stortinget i 1997 og gjenvalgt i 2001. Ho stilte øvst på KrFs liste i Hedmark òg ved valet i 2005, men vart ikkje attvald. Ho har arbeidd mykje med interessepolitikk, og har vore ein utrøytteleg talskvinne for personar med dysleksi. Ho har vore forbundsleiar i organisasjonen deira, og hovedstyreleder i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO). Frå 2006 til 2007 var ho medlem av Forsvarspolitisk utval.[1]
Stortingskomitéar
[endre | endre wikiteksten]- 1997–2001: Medlem av Justiskomitéen.
- 1997–2001: Varamedlem av Valkomitéen.
- 2001–2005: Første nestleiar i Forsvarskomitéen.
- 2001–2005: Medlem av Den utvida utanrikskomitéen.
- 2001–2005: Medlem av Valkomitéen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ NOU 2007:15 Et styrket forsvar
- Denne artikkelen bygger på «Åse Wisløff Nilssen» frå Wikipedia på bokmål, den 18. desember 2015.