Hopp til innhald

Åse Wisløff Nilssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Åse Wisløff Nilssen
Fødd20. juli 1945 (79 år)
Vinger
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar
Alle verv

Åse Wisløff Nilssen (fødd 20. juli 1945) er ein norsk politikar for KrF. Ho er utdanna sjukepleiar. Ho vart innvald på Stortinget frå Hedmark i 1997.

Frå 1987 til 1991 var ho medlem av fylkestinget i Hedmark. Deretter sat ho i Kongsvinger kommunestyre fram til 1995, før ho hadde ein toårsperiode på fylkestinget att. Ho vart vald inn på Stortinget i 1997 og gjenvalgt i 2001. Ho stilte øvst på KrFs liste i Hedmark òg ved valet i 2005, men vart ikkje attvald. Ho har arbeidd mykje med interessepolitikk, og har vore ein utrøytteleg talskvinne for personar med dysleksi. Ho har vore forbundsleiar i organisasjonen deira, og hovedstyreleder i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO). Frå 2006 til 2007 var ho medlem av Forsvarspolitisk utval.[1]

Stortingskomitéar

Kjelder

  1. NOU 2007:15 Et styrket forsvar

Bakgrunnsstoff