Hopp til innhald

Minnepinne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 2. desember 2005 kl. 15:51 av 81.51.38.207 (diskusjon)
Ein minnepinne med hette (og ein mynt som syner storleiken)

Ein minnepinne er eit minnekort (til datamaskiner) som har avlang form (derav namnet) og ein storleik som gjer det lett å ta med seg i lomma (t.d. festa på eit nøkkelknippe).

Minnepinner kan pluggast rett inn i passande portar (ofte USB-portar) i datamaskiner, for rask kopiering av data som ein ynskjer å transportera. Datamaskina oppfattar minnepinnen som eit ekstra platelager.

Somme minnepinner har innebygt kryptering med passord, for ein liten pinne kan vera lett å mista.

Minnepinner kan ha ein kapasitet frå nokre få KB til fleire GB.

Avlange minnekort til Sony-fotoapparat vert somme tider kalla minnepinner, både på grunn av forma og varemerkenamnet Memory Stick.