Hopp til innhald

Minnepinne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 30. oktober 2010 kl. 01:08 av Ebrambot (diskusjon | bidrag) (robot la til: az:USB fləş kart)
Ein minnepinne med hette (og ein linjal som syner storleiken)

Ein minnepinne er eit minnekort (til datamaskiner) som har avlang form (derav namnet) og ein storleik som gjer det lett å ta med seg i lomma (t.d. festa på eit nøkkelknippe).

Minnepinnar kan pluggast rett inn i passande portar (ofte USB-portar) i datamaskiner, for rask kopiering av data som ein ynskjer å transportera. Datamaskina oppfattar minnepinnen som eit ekstra platelager.

Somme minnepinnar har innebygd kryptering med passord, fordi ein liten pinne kan vera lett å miste.

Minnepinnar kan ha ein kapasitet frå nokre få KB til fleire GB.

Avlange minnekort til Sony-fotoapparat vert somme tider kalla minnepinnar, både på grunn av forma og varemerkenamnet Memory Stick.