Eg hadde litt stoff att etter at eg laga nye kjøkkengardiner for ein del år sidan. Dette har eg hatt planer om å lage løpar til kjøkkenbordet av.
Eg tenkte no når eg hengde oppatt gardinene etter jul, at eg må lage løparen før gardinene er utslitt. Så i forge veke hadde eg meg ein tur på sybutikken og kjøpte stoff som passa til motiva på gardinstoffet. I tillegg til løpar vart det også stoff til 12 spisebrikker. Eg har laga 4 av dei, medan dei andre berre er klypt ut. Har enno ein del stoff att så kanskje det blir noko meir til kjøkkenet.
Hadde sydag lørdag formiddag så då blei desse til.
Ha ei fin hobbyveke alle sammen.
Viser innlegg med etiketten spisebrikker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten spisebrikker. Vis alle innlegg
tirsdag 7. februar 2012
fredag 2. april 2010
Nye spisebrikker til påskebordet.
torsdag 3. desember 2009
To spisebrikker.
I dag har eg laga ferdig to spise brikker . Klipte dei ut og sydde kant rund motivet i fjor. Fann eit fint grønt stoff på sybutikken som eg syntest passa til lukkekant. Er ikkje heilt fornøgd med den lukkekanten , trur eg er litt ut av trening no.
No skal eg bruke resten av kvelden til kakebaking, fann i oppskrift på ein blogg som eg må prøve. Ha ein kjempefin kveld og ei fin adventstid fortsatt.
No skal eg bruke resten av kvelden til kakebaking, fann i oppskrift på ein blogg som eg må prøve. Ha ein kjempefin kveld og ei fin adventstid fortsatt.
onsdag 22. juli 2009
Nye spisebrikker
Har laga 5 nye spisebrikker. Klipte dei ut i vår ein gong. Eg sydde dei i går kveld. Mønsteret fann eg i Quiltemagasinet nr.1/08. Stoffet fann eg i stofflageret mitt. Kjøpte berre stoff til lukkekant. Det fann eg på Florø husflid. Spisebrikkene er laga til bordet på altanen. Har gule puter til stolane der.
søndag 22. april 2007
Spisebrikker
Såg for eit par år sidan nokre nydelege spisebrikker i ein blogg. Har ofte tenkt at eg skulle lage nokre som likna, men det har berre blitt med tanken , til fredag. Då fann eg dette fine syrenstoffet og tenkte ar eg skulle prøve og lage spisebrikker som likna på dei eg hadde sett. Eg gjekk ut frå kvadrat på ca 11 cm. Dei bli litt små 30 x 38 cm, så eg burde sikkert brukt kvadrat på 12 cm.
Abonner på:
Innlegg (Atom)