Viser innlegg med etiketten kort. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kort. Vis alle innlegg

mandag 5. desember 2011

Kort, strømper og grytekluter

Her er litt av det eg har pusla med dei siste dagane.
Eg laga et kort til eit brudepar som skal gifte seg 17.desember.
Eg hadde litt rester av sokkegarn så det strikka eg tre par labber til min lille prinsesse. Godt å ha på kalde dagar.

Tilslutt har eg strikka to par grytekluter til sommer huset mitt.
Mønsteret er frå ei bok frå Rauma og garnet er Pandora frå pt lagt dobbelt.


fredag 2. april 2010

tirsdag 15. desember 2009

Julekort - julebrev

I kveld har eg laga eit julebrev på dataen, ein kavalkade over livet her hos oss. Eg har laga ein del skal ( kort) som eg limer dei inni. Eg prøvde ein ny teknikk, når eg hadde laga trykket av julenissen og av god jul strødde ei eit pulver på. Varma opp arket over kokeplata og så blei det tjukkare.
Ønsker dere ei fotsatt fin førjulstid.

tirsdag 17. november 2009

Kort og roser,

Desse rosene såg eg når eg var ute og tok bilde av sjalet.
Har laga to nye kort i dag. Skulle eigentleg rette og lese sakspapir, men det blei utsett ei lita stund.
No tek eg meg ein tur ut i finveiret før regnet og stormen kjem . Trur det melde storm og regn seinare.

fredag 28. august 2009

Nytt kort

Var ein tur på fotoforetninga i dag, dei hadde så fint skjæreutstyr til bilder og papir. Det måtte eg ha . Så når eeg kom heim måtte eg prøve det. Laga eit kort som vi skal sende til eldste sønnen vår han blir 33 år snart.

tirsdag 25. august 2009

Kort til 50- åring

Mannen min er onkel til ei som fyller 50 år 9.9 i år så eg fekk lyst å lage eit kort til henne. Måtte la det stå på bordet slik at eg fekk ta bilde av det. Det blei ikkje heilt beint, men det er bedre enn det ser ut på bildet. Prøver stadig å lage kort, men trur eg treng litt meir øving .

onsdag 12. august 2009

Nytt sjal og kort


Har laga eit sjal til ei som har bursdag i morgon. Garnet er Iris frå Rauma, og mønsteret blei til mens eg strikka. Kortet er heilt enkelt.

tirsdag 4. august 2009

Bryllupskort

I dag har eg laga eit kort til bryllupet på lørdag. Var ikkje heil fornøygd med resultatet. Laga kortet rundt ei eske. Tenkte å legg eit gavekort inni kort. Skal og skrive namnet til dei inne i kortet.

onsdag 29. juli 2009

kort til baby

Har laga eit kort til ein baby som nett er fødd. det blei litt dårleg bilde av framsida. det er glitter på det blåpapiret som eg laga hjerte av. Trudde eg skulle lage det på eit øyeblikk, men der tok sin tid spesielt det å lime perler til hjerte. tegna hjertet med limstift og så sette eg ei og ei perele på.

tirsdag 16. desember 2008

Julekort

I kveld har vi laga litt julekort , har blitt så inspirert av alle dei fine korta som ligg ute på bloggane. Desse er ganske enkle. Bilda eg har brukt på dei er bilder som eg sjølv har tatt.