Alle oppgraderte versjoner får tall etter seg, for å visa at det er nytt og fint og endra, så også denne løpelua.
Her har eg skifta ut
Garnet, til tynn, tynnare, Tynn merinoull frå Sandnes
Fargen vart midnattsblå, etter mottakarens ønske, då passa den bedre til klubbdrakta, på fint heiter det brukervennlighet.
oransjen vart meir oransj enn oransjraud denne gongen, og det falt også meir i smak. Postane i skogen er jo kvite og oransje, og då må jo lua spegle verkeligheita.
Storleiken vart mindre, slik at lua sit godt på, ikkje fell han av, og ikkje dinglar dusken når du løper.
Dusken fekk ikkje vere med denne gongen. I staden vart det ein liten tapp til avslutning, ca 1,5 cm icord. Det fekk halde.

Fortsatt løper gutta i skogen etter poster, litt snøvêr må ein regne med når ein spring slik vinterstid, det heiter skiorientering. Go go!!
Oppskrifta er fortsatt frå Bodø og omegn orientering sin julekalender, og modellen var grei å strikka. 37 g blått gjekk med.
Straks etter lua var vaska og tørka, havna ho i ein konvolutt og for nordover til Bodø og omegn orientering. Om ho er heldig får ho delta på NM i Bodø seinare i år, der bror min er sterkt involvert. Heia heia!
Skikkelig tøff orienterings-lue! Jeg er temmelig sikker på at denne får bli med på NM. En fin måte å markere idretten sin på også. Godt jobba!
SvarSlettKlem fra Ingunn