Zarqaelva
Zarqa | |||
arabisk نهر الزرقاء, hebraisk: נחל יבוק, Nahal Yabboq | |||
elv | |||
Zarqa
| |||
Namneopphav: Den blå elva[1] | |||
Land | Jordan | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Zarqa guvernement, Jerash guvernement, Balqa guvernement | ||
Tilløp | |||
• venstre | Wadi Dhuleil | ||
Nedslagsfelt | 3 900 km² | ||
Byar | Amman | ||
Koordinatar | 32°11′30″N 35°48′06″E / 32.19167°N 35.80167°E | ||
Lengd | 65 km | ||
Kjelde | Ain Ghazal | ||
- stad | Amman | ||
• høgd | 776 moh. | ||
Munning | Jordanelva | ||
Zarqaelva 32°11′30″N 35°48′06″E / 32.191666666667°N 35.801666666667°E | |||
Kart som viser Zarqaelva.
| |||
Wikimedia Commons: Zarqa River |
Zarqa (arabisk نهر الزرقاء, hebraisk: נחל יבוק, Yabok) er den nest største sideelva til Jordanelva, etter Yarmouk. Ho er den tredje største elva i området etter vassføring og nedslagsfeltet omfattar det tett folkesette områda aust for Jordanelva, i Jordan. Ho spring ut nær Amman og flyt gjennom ein vid og djup dal (som er identifisert som den bibelske elva Jabbok) før ho munnar ut i Jordanelva etter eit samla fall på 1090 meter. Elva er kraftig forureina og oppreinskinga av elva har høg prioritet hos det jordanske miljødepartementet.[2]
Geologisk sett er Zarqa kring 30 millionar år gammal. Kjelda til elva ligg ved 'Ain Ghazal, ein stor arkeologisk stad som er datert attende til yngre steinalder. Arkeologiske funn lalngs elva indikerer at området hadde eit rikt plante- og dyreliv i tidlegare tider.
King Talal-dammen vart bygd over den nedre delen av Zarqa i 1970-åra og skapte eit vassreservoar med ein kapasitet på 55 millionar kubikkmeter, som vart auka i 1987 til millionar kubikkmeter.[3]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «River Zarqa» frå Wikipedia på engelsk, den 3. oktober 2015.
- ↑ Placenames of the World, Adrian Room, s. 42, McFarland, 2006
- ↑ «IUCN - Roadmap for Restoration of the Zarqa River Laid Out». www.iucn.org. Arkivert frå originalen 25. desember 2018. Henta 1. oktober 2014.
- ↑ Zarqa River, arkivert frå originalen 26. september 2013, henta 3. oktober 2015