Hopp til innhald

Yukio Kasaya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yukio Kasaya
Statsborgarskap Japan, Keiserriket Japan
Fødd 17. august 1943
Yoichi
Død 23. april 2024 (80 år)
Sapporo
Idrett skihopping
Tok del i Skihopping under Vinter-OL 1972 – Normalbakke
Utmerkingar Æresmedalje med lilla band

Yukio Kasaya (17. august 194323. april 2024) var ein japansk skihoppar frå Yoichi på Hokkaido. Han vart olympiameister i normalbakken i 1972 og vann VM-sølv i normalbakken i 1970.

Kasaya deltok i dei internasjonale skimeisterskapane frå 1964, utan dei heilt store resultata. Fyrst då han vart nummer ti i den tysk-austerrikske hoppveka 1969/70, nærma han seg verdstoppen. Likevel var det svært overraskande at han skulle ta VM-sølv i normalbakken under meisterskapen i Štrbské Pleso i februar 1970. I 1971-sesongen vart Kasaya nummer to i Holmenkollen, fire poeng bakom Ingolf Mork.

Sesongen 1971/72 vann Kasaya dei tre fyrste renna i den tysk-austerriske hoppveka, og reiste så heim for å førebu seg til vinter-olympiaden på heimebane i Sapporo. Dermed overlet han hoppvekesigeren til Ingolf Mork. Kasaya vart olympisk meister i normalbakken under Sapporo-OL. Han vann ein klar siger føre landsmennene Akitsugu Konno og Seiji Aochi, som ordna storeslem for Japan. Kasaya var den fyrste asiat som vann ein gullmedalje i eit vinter-OL, noko som har gjeve han ein særeigen status i japansk idrett. I storbakken vart han nummer sju.

I sin siste internasjonale sesong som skihoppar vart Kasaya under verdsmeisterskapen i Falun i 1974 nummer åtte i storbakken og nummer ni i normalbakken. Straks etter vart han nummer to i hopprennet i Holmenkollen, der Walter Steiner vann klart.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]