Hopp til innhald

Winds of Change av Eric Burdon & The Animals

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Winds of Change
Studioalbum av Amerikansk Eric Burdon & the Animals
Språk engelsk
Utgjeve September 1967
Innspelt Mars 1967 i TTG Studios i Los Angeles»[1]
Sjanger psykedelisk rock, pop, hardrock, avantgarde musikk
Lengd 44:29
Selskap MGM
Produsent Tom Wilson
Britisk Eric Burdon & the Animals-kronologi 
Eric Is Here
(1967)
Winds of Change The Twain Shall Meet
(1968)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2.5/5 stars [2]

Winds of Change er eit album frå 1967 av Eric Burdon & The Animals.

Det originale bandet, The Animals, vart oppløyst 1966 og dette bandet var ei heilt ny gruppe for songaren Eric Burdon og trommeslagaren Barry Jenkins, som kom med i det originale bandet då John Steel forlet bandet i februar 1966. Med det nye bandet kom gitarist Vic Briggs, bassist Danny McCulloch og fiolinist John Weider inn, og Burdon starta ein overgang frå skitten bluesstil frå det originale bandet til psykedelisk musikk.

Albumet opna med lydar av bølgjer på tittelsporet «Winds of Change». «Poem by the Sea» er eit munnleg stykke av Burdon med ekkoeffektar på instrumenta. «Good Times» og «San Franciscan Nights» var to av dei mest populære songane, som seinare nådde Topp 10 i 1967. Burdon var fan og tilhengjar av Jimi Hendrix og skreiv den femte songen som eit svar til Hendrix sin «Are You Experienced?» frå tidlegare på året.

Alle songar er skrivne av Eric Burdon, Vic Briggs, John Weider, Barry Jenkins, Danny McCulloch, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Winds of Change» 4:00
2.«Poem by the Sea» 2:15
3.«Paint It, Black»Mick Jagger, Keith Richards6:00
4.«The Black Plague» 6:05
5.«Yes I Am Experienced» 3:40
Side to
Nr.TittelLengd
6.«San Franciscan Nights»3:24
7.«Man - Woman»5:25
8.«Hotel Hell»4:53
9.«Good Times»2:50
10.«Anything»3:20
11.«It's All Meat»2:05
Bonusspor på 2008-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
12.«When I Was Young» (Britisk singel A-side) 2:57
13.«A Girl Named Sandoz» (Britisk singel B-side)Eric Burdon, John Weider3:03
14.«Good Times» (Singelutgåve) 2:57
15.«Ain't That So» (B-side) 3:24
16.«San Franciscan Nights» (Singelutgåve) 3:16
17.«Gratefully Dead» (B-side) 3:59

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
Andre medverkande
  • Keith Olsen - spelte bass på somme spor etter at Danny McCulloch braut handleddet[1]
  1. 1,0 1,1 Rev-Ola 2008 CD booklet notes.
  2. Winds of Change av Eric Burdon & The AnimalsAllmusic
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 «Winds Of Change - MGM LP USA E/SE-4484». Ericburdonalbums.com. Henta 23. mars 2018.