Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 26, 2013
Forslag 1
[endre wikiteksten]Makrell (Scomber scombrus) er ein pelagisk rovfisk som er vanleg i nordvestlege delar av Atlanterhavet og i Middelhavet. Han høyrer til mellom dei mest populære fiskane i Sør-Noreg, både som sportsfisk, mat og som eit teikn på sommar. Dei sym i stim og jagar i flokk.
Makrellen er lett å kjenne att. Kroppen er kraftig og spoleforma med kvit buk og mørk rygg med blå og grøne fargeteikningar. Skjela er små og fell lett av, noko som gjer at fiskeskinnet kjennest særs mjukt. Makrellen har to ryggfinnar og ein gattfinne som går parallelt med den bakste av ryggfinnane. Halefinnen er djupt kløfta med ti småfinnar ved halerota. Det er observert makrell på opptil 70 cm, men dei fleste vert ikkje meir enn 40 cm og 700 g. Les meir …
--Ranveig (diskusjon) 12. juni 2013 kl. 11:03 (CEST)
- Bra forslag! ~ Hogne (diskusjon) 14. juni 2013 kl. 13:37 (CEST)