What We Did on Our Holidays
What We Did on Our Holidays Studioalbum av Fairport Convention | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Januar 1969 | |
Innspelt | Juni – oktober 1968 | |
Studio | i Kingsway og Olympic Studio No. 1 | |
Sjanger | Folkrock, folk[1] | |
Lengd | 38:07 | |
Selskap | Island ILPS 9092 (Storbritannia) A&M SP 4185 (USA) | |
Produsent | Joe Boyd | |
Fairport Convention-kronologi | ||
---|---|---|
Fairport Convention (1968) |
What We Did on Our Holidays | Unhalfbricking (1969)
|
Singlar frå «What We Did on Our Holidays» | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Rolling Stone | (positiv) [2] |
The Village Voice | (A−)[3] |
What We Did on Our Holidays er det andre albumet til bandet Fairport Convention og var det første med Sandy Denny, som med «ei uforgløymeleg, overjordisk stemme gav Fairport eit stort løft» i følgje kritikaren i Allmusic.[4] Med dette albumet tok dei eit steg mot folkrockstilen dei vart kjende for, mellom anna med populære songar som «Fotheringay», og songen bandet tradisjonelt avsluttar konsertane sine med, «Meet on the Ledge».[5]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Etter at Judy Dyble forlet bandet, utførte bandet prøvespelingar for å finne ein erstattar og Sandy Denny var eit opplagt val. Simon Nicol har sagt «det var berre ein vinnar...ho stod ut som eit reint glas i ein kum full av skitten oppvask».[6]
Albumet har av forfattaren Richie Unterberger vorte skildra som «ein nær perfekt balanse mellom nyskapande omarbeidingar av tradisjonelle folkesongar ... gode coverversjonar av andre folkrockartistar, nokre ganske ukjende ... og originale folkrocksongar av forskjellige bandmedlemmer.»[7] Simon Nicol har sagt at dette albumet er favoritten hans.[8]
Plateomslaget syner ei teikning av bandet som spelar, skildra på omslaget som «frå ei tavle angripen av Fairport Convention»[9]. På nytutgjevinga på Island Masters frå 1990 finn ein òg eit portrett av Sandy Denny.
I USA vart albumet gjeven ut av A&M Records (SP-4185) med akkurat dei same songane, men anna plateomslag. Plata vart òg kalla Fairport Convention.[10]
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]I ei melding i The Village Voice då albumet kom ut, skreiv den amerikanske kritikaren Robert Christgau at Fairport Convention var «den mest interessante, ukjende gruppa» han hadde høyrt på ei stund, og trekte fram deira variant av «Pentangle-aktige balladar» og Bob Dylan sin «I'll Keep It with Mine».[3] Neal Casal, frå Ryan Adams and the Cardinals omtalte seinare What We Did on Our Holidays som eit av favorittalbuma.[11]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Fotheringay» | Sandy Denny | 03:06 |
2. | «Mr Lacey» | Ashley Hutchings | 02:55 |
3. | «Book Song» | Iain Matthews, Richard Thompson | 03:13 |
4. | «The Lord Is in this Place...How Dreadful Is this Place» (basert på «Dark Was The Night, Cold Was The Ground» av Blind Willie Johnson) | Hutchings, Thompson, Denny | 02:01 |
5. | «No Man's Land» | Thompson | 02:32 |
6. | «I'll Keep It With Mine» | Bob Dylan | 05:56 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Eastern Rain» | Joni Mitchell | 03:36 |
8. | «Nottamun Town» | trad. arr. av Denny, Matthews, Thompson, Simon Nicol, Hutchings, Martin Lamble | 03:12 |
9. | «Tale in Hard Time» | Thompson | 03:29 |
10. | «She Moves Through the Fair» | trad. arr. av Denny, Matthews, Thompson, Nicol, Hutchings, Lamble | 04:14 |
11. | «Meet on the Ledge» | Thompson | 02:50 |
12. | «End of a Holiday» | Nicol | 01:07 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
13. | «Throwaway Street Puzzle» | Hutchings, Thompson | 03:26 |
14. | «You're Gonna Need My Help» (konsertopptak for Symonds on Sunday på BBC Radio) | McKinley Morgelfield | 04:08 |
15. | «Some Sweet Day» | Felice and Boudleaux Bryant | 02:32 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Sandy Denny (som Alexandra Elene MacLean Denny) - Vokal, akustisk & 12-strengs akustisk gitar, orgel, piano, cembalo
- Iain Matthews - vokal, congatrommer
- Richard Thompson - elektrisk, akustisk & 12-strengs akustisk gitar, piano, trekkspel, vokal
- Ashley Hutchings -bass, korvokal
- Simon Nicol - elektrisk & akustisk gitarar, elektrisk autoharpe, elektrisk dulcimer, korvokal
- Martin Lamble - trommer, perkusjon, fiolin, tabla & fotsteg
med:
- Bruce Lacey & his Robots på «Mr. Lacey»
- Claire Lowther - Cello på «Book Song»
- Kingsley Abbott - Myntar på «The Lord Is In This Place...», korvokal på «Meet on the Ledge»
- Paul Ghosh, Andrew Horvitch & Marc Ellington - Korvokal på «Meet on the Ledge»
- Peter Ross - Munnspel på «Throwaway Street Puzzle»
Produkskjon
[endre | endre wikiteksten]- Innspelt i Sound Techniques, London og Olympic Studio nr. 1, London (bortsett frå «The Lord Is In This Place...» spelt inn i St. Peter's Church, Westbourne Grove, West London. Tilleggspor vart spelt inn i Morgel Studios
- Lydteknikar John Wood, Sound Techniques, London
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «What We Did on Our Holidays» frå Wikipedia på engelsk, den 26. januar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Unterberger, Richie. What We Did on Our Holidays på Allmusic. Henta 27. mars 2019.
- ↑ Mendlesohn, John (6. september 1969). «Fairport Convention». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.) (41): 28.
- ↑ 3,0 3,1 Christgau, Robert (10. juli 1969). «Consumer Guide (1)». The Village Voice. Henta 20. oktober 2017.
- ↑ Allmusic
- ↑ «Fairport Convention: Meet on the Ledge». www.informatik.uni-hamburg.de. Arkivert frå originalen 9. juni 2011. Henta 26. januar 2011.
- ↑ «Sold on Song - Song Library - Who Knows Where The Time Goes». www.bbc.co.uk. Henta 26. januar 2011.
- ↑ «THE BIRTH AND HEYDAY OF FAIRPORT CONVENTION». Henta 26. januar 2011.
- ↑ «Fairport Convention - Keeping Cropredy in the Happy Family». Henta 26. januar 2011.
- ↑ Plateomslaget
- ↑ «Fairport Convention: What We Did on Our Holidays». www.informatik.uni-hamburg.de. Arkivert frå originalen 9. juni 2011. Henta 26. januar 2011.
- ↑ «Interview: Neal Casal (Ryan Adams & the Cardinals)». stereokill.net. Henta 27. mars 2019.