Angel Delight
Angel Delight Studioalbum av Fairport Convention | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juni 1971 | |
Innspelt | Februar–mars 1971 | |
Studio | Sound Techniques Ltd., London | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 36:46 | |
Selskap | Island | |
Produsent | Fairport Convention & John Wood | |
Fairport Convention-kronologi | ||
---|---|---|
Full House (1970) |
Angel Delight | Babbacombe Lee (1971)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Angel Delight er det sjette albumet til det britiske folkrockbandet Fairport Convention. Dette var det første Fairport Convention-albumet utan gitarist Richard Thompson og besetninga bestod av Simon Nicol (gitar, vokal) (det einaste originale gruppemedlemmet), Dave Swarbrick (fiolin, vokal), Dave Pegg (bass, vokal) og Dave Mattacks (trommer).
Tittelen kjem frå «The Angel» i Little Hadham i Hertfordshire, ein tidlegare pub der bandet budde på denne tida,[2] og tittelsporet er ein sjølvbiografisk song som omtalar «John the Wood» (medprodusent), «Dave the Drum» (Mattacks) og detaljar som «peer through the haze watching Top Of The Pops». Bandet flytte ut av The Angel kort tid etter albumet kom ut, delvis fordi ein lastebil hadde kome ut av kontroll og kræsja inn i soverommet til Dave Swarbrick.[3]
Musikalsk utvikla Angel Delight seg lite frå forgjengarane, sjølv om ei framføring på Top of the Pops gav dei suksess på listene.[4] Albumet nådde åttandeplass på den britiske albumlista, den høgaste plasseringa dei nokon gong klarte å nå i heimlandet.[5]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Lord Marlborough» | Tradisjonell | 3:27 |
2. | «Sir William Gower» | Tradisjonell | 5:00 |
3. | «Bridge over the River Ash» | Tradisjonell | 2:15 |
4. | «Wizard of the Worldly Game» | Nicol, Swarbrick | 4:08 |
5. | «The Journeyman's Grace» | Thompson, Swarbrick | 4:35 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Angel Delight» | Mattacks, Nicol, Pegg, Swarbrick | 4:09 |
7. | «Banks of the Sweet Primroses (Traditional)» | tradisjonell | 4:15 |
8. | «Instrumental Medley: The Cuckoo's Nest/Hardiman the Fiddler/Papa Stoor» | tradisjonell | 3:28 |
9. | «The Bonny Black Hare» | tradisjonell | 3:08 |
10. | «Sickness and Diseases» | Swarbrick, Thompson | 3:47 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
11. | «The Journeyman's Grace» | Swarbrick, Thompson | 3:53 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Dave Swarbrick – solovokal (1,4,5,10,11), mandolin (2,6,8,9,10), vokal (2,6,7,9), fele (1,5,7,8,11), bratsj (9), koko (8)
- Dave Pegg – bassgitar (1-2,4-8,10,11), vokal (1,2,4-7,9,10,11), sologitar (10), bratsj (9), fiolin (3)
- Dave Mattacks – trommer (1,2,4-11), perkusjon (8,10), vokal (1,4-7,10-11), harmonium (4), tamburin (6), bassgitar (3), piano (4)
- Simon Nicol – solovokal (2,5), vokal (1,4-7,9,10,11), gitar (1,2,4-8,10,11), bassgitar (9), elektrisk dulcimer (1,9), fiolin (3)
på 11:
- Richard Thompson – vokal, elektrisk gitar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Angel Delight (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 30. januar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Eder, Bruce. «Angel Delight Review». Allmusic. Henta 27. mars 2019.
- ↑ «History of Fairport». Arkivert frå originalen 16. mai 2008. Henta 30. januar 2011.
- ↑ «Angel Delight lyrics». Arkivert frå originalen 22. mai 2006. Henta 30. januar 2011.
- ↑ «Angel Delight». 23 mars 2006. Henta 30. januar 2011.
- ↑ Den britiske salslista