Hopp til innhald

Wang Wei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wang Wei

Statsborgarskap Tang-dynastiet
Fødd 699
Yongji
Død

759, august 761
Chang'an

Yrke kunstmålar, lyrikar, skribent, politikar, musikar, kalligraf
Sjanger portrett
Far Wang Chulian
Wang Wei på Commons

Wang Wei (fødd 699 eller 701, daud 759 eller 761) var ein kinesisk poet, målar, musikar og statsmann under Tang-dynastiet. Han er særleg kjent for dikta sine, 29 av dei var inkludert i den klassiske og mykje lesne antologien Three Hundred Tang Poems. Han vert rekna som ein av dei største diktarane i Tang-perioden, saman med Li Bai, Du Fu og Meng Haoran. Wang Wei vart også halden som ein av de største målarane, kalligrafane og musikarar i samtida, men ingen slike verk har overlevd.