Vitskap i 1704
Utsjånad
Vitskapsår |
1702 | 1703 | 1704 | 1705 |1706 |
Kategoriar |
Vitskapsåret 1704 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1704.
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]- John Harris gav ut den første utgåva av Lexicon Technicum, ei ensyklopedisk oppslagsbok for vitskap.
- Antonio Maria Valsalva gav ut De aure humana tractatus, den første detaljerte fysiologiske skildringa av øyret.
- Giacomo Maraldi oppdaga at R Hydrae er ei variabel stjerne.
- Charles Plumiers botaniske verk Nova plantarum americanarum genera skildra 700 artar ordna i eit system som Carl von Linné nytta seinare.
- Gondar i Etiopia blei råka av eit jordskjelv.
- Daniel Defoe dokumenterte den store stormen i 1703 med augenvitneskildringar i The Storm (1704).
- Isaac Newton gav ut ei oversikt over eksperiment og slutningane han gjorde i Opticks, eit viktig bidrag til studie av optikken og refraksjon av lys.
- Den andre elektriske maskinen blei oppfunnen av den britiske ingeniøren Francis Hauksbee (1666-1713). Maskinen bestod av ei glasskule som blir rotert av eit hjul.
- Ved ein tilfeldigheit innan oljemåling fann fargemakaren Heinrich Diesbach frå Berlin (Tyskland) opp den første syntetiske fargen, berlinerblått, eit kraftig mørk blå pigment med grøne undertonar (laga av alun og dyrebein).
- Ole Römer bygde det første teleskopet med meridiansirkel og altazimuthmontering.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- 28. februar - Louis Godin (død 1760), fransk astronom.
- 4. juni - Benjamin Huntsman (død 1776), engelsk oppfinnar.
- 17. juni - John Kay (død 1780), engelsk oppfinnar.
- 31. juli - Gabriel Cramer (død 1752), sveitsisk matematikar.
- William Battie (død 1776), engelsk psykiatar.
- Richard Pococke (død 1765), engelsk antropolog og forskingsreisande.
Døde
[endre | endre wikiteksten]- 2. februar - Guillaume François Antoine l'Hospital (fødd 1661), fransk matematikar.
- 15. april - Johann van Waveren Hudde (fødd 1628), nederlandsk matematikar.
- 7. juli - Pierre-Charles Le Sueur (fødd ca 1657), fransk pelshandlar og forskingsreisande.