Vestnes kommune
Vestnes kommune | |||
kommune | |||
Utsyn mot Vestnes sentrum, med Helsetnakken og Hoemsfjella i bakgrunnen.
| |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Adm.senter | Vestnes | ||
Areal | 351,70 km² | ||
• land | 347,29 km² | ||
• vatn | 4,41 km² | ||
Folketal | 7 147 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Bjørn Inge Olsen (Sp) (2023) | ||
Kommunenr. | 1535 | ||
Vestnes kommune 62°35′04″N 7°01′06″E / 62.584444444444°N 7.0183333333333°E | |||
Kart som viser Vestnes kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Vestnes | |||
Nettstad: www.vestnes.kommune.no |
Vestnes kommune er ein norsk kommune som ligg på sørsida av Romsdalsfjorden i Møre og Romsdal fylke. Kommunen grensar til Rauma i aust, til Stordal og Ørskog i sør, og til Skodje og Haram i vest. Nord for Moldefjorden ligg Molde kommune. Kommunen vart danna i 1964 då kommunane Vestnes og Tresfjord vart slåtte saman.
Vestnes kommune har fire tettstader; kommunesenteret Vestnes, Tomrefjord, Tresfjord og Fiksdal. I tillegg har kommunen bygdene Rekdal, Øverås/Nerås, Daugstad og Vikebukt.
Kyrkjer
[endre | endre wikiteksten]Vestnes kyrkje ligg på Helland i Vestnes, administrasjonssenteret. På andre sida av Tresfjorden ligg Vike kyrkje på Vike (Vikebukt). Tresfjord kyrkje ligg lengst inn i Tresfjorden og i Fiksdal ligg Fiksdal kyrkje.
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Vestnes er i hovudsak ein industrikommune, men er òg ei relativt god jordbruksbygd med hovudvekt på husdyrhald og mjølkeproduksjon. Den viktigaste bransjen i Vestnes kommune er skips- og båtbygging. Elles har kommunen bedrifter innan næringsmiddel-, tekstil- og beklednings-, trevare-, møbel- og metallvareindustri, og produksjon av mineralske produkt.[1]
E136 frå Ålesund og Sjøholt går langs Tresfjorden og vidare til Åndalsnes og Dombås. Frå E136 går E39 (Kristiansand–Trondheim) til Vestnes og herfrå går fylkesveg 661 til Tomrefjord og vidare langs vestsida av Tomrefjorden til Vatne i Haram. Det er ferjesamband med Molde frå Furneset på E39, og hurtigbåtsamband mellom Molde, Vestnes og Vikebukt.[1]
Folketalsutvikling
[endre | endre wikiteksten]1.1.1899[2] | 1910[3] | 1.12.1920[4] | 1.12.1930[5] | 3.12.1946[5] | 1.1.1951[6][7] | 1.1.1961[6][7] | 1.1.1971[6] | 1.1.1981[6] | 1.1.1991[6] | 1.1.2001[6] | 1.1.2010[6] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
3756 | 3857 | 3985 | 4044 | 4776 | 4901 | 5195 | 5637 | 6289 | 6413 | 6486 | 6506 |
Kjende folk frå Vestnes kommune
[endre | endre wikiteksten]- Mali Furunes (1888–1968), skodespelar, folkedansinstruktør, forteljar og innsamlar av draktskikkar (bunader) i Romsdal.
- Kjetil Rekdal, fotballtrenar
- Bjørn Rune Gjelsten, investor
- Jakob Kjersem, langdistanseløpar
- Paul Gåsøy, biletkunstnar
- Knut Marius Djupvik, musikar
- Bjørn Tomren, musikar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Geir Thorsnæs (8. juli 2010). «Vestnes». Store Norske Leksikon. Henta 16. august 2014.
- ↑ Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
- ↑ "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 5,0 5,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 Folkemengd i Vestnes 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ 7,0 7,1 Folkemengd i Tresfjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå